Stein Gullikstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Stein Gullikstad
Fødd 6. februar 1952
Røros

Stein Erik Gullikstad (fødd 6. februar 1952) frå Røros er ein norsk tidlegare kombinertrennar. Han representerte Røros Idrettslag.

Gullikstad vann to NM-medaljar i kombinert, ein bronse i 1973 og ein sølvmedalje i 1976. Han deltok for Noreg i kombinertøvinga i to internasjonale meisterskap. Under VM i Falun i 1974 vart han nummer 10, medan han under vinter-OL 1976 i Innsbruck kom på 22. plass.

Hans fremste prestasjon var andreplassen i Holmenkollen i 1973. Gullikstad vart då nummer to. Endå om han var langt bak den suvere vinnaren, Rauno Mietttien frå Finland, viste han den tidlegare olympiameisteren Franz Keller frå Vest-Tyskland til tredjeplassen.

Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1973: Nr 2 i Holmenkollen
  • 1974: Nr 5 i Holmenkollen
  • 1975: Nr 8 i Holmenkollen
  • 1976: Nr 7 i Falun

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • (en) Stein Gullikstad – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.