Sebastian Coe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sebastian Coe

Sebastian Coe i 2012
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 29. september 1956 (67 år)
London
Yrke politikar, mellomdistanseløpar, sjølvbiograf, friidrettsutøvar
Språk engelsk
Høgd 176 centimeter
Politisk parti Det konservative partiet i Storbritannia
Far Peter Coe
Mor Tina Angela Lall
Ektefelle Nicola Elliott, Carole Smith
Sebastian Coe på Commons

Sebastian Newbold Coe (fødd 29. september 1956) er ein britisk politikar og tidlegare friidrettsutøvar frå London som tevla på mellomdistansane. Coe er sidan 31. august 2015 president i Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF). Han var leiar i LOCOG, organisasjonskomitéen til Sommar-OL 2012. I si tid som aktiv idrettsutøvar vann Coe to OL-gull på 1500 m; 1980 og 1984, samt eitt EM-gull på 800 m i 1986. Frå 1978 til 1986 vann han fire OL-medaljar og like mange EM-medaljar. To gongar forbetra Coe verdsrekorden på 800 meter og ein gong på 1500 meter. Den siste verdsrekorden på 800 m, 1.41,73, gjaldt i 16 år.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Coe engasjerte seg for det konservativet partiet og vart vald inn i det britiske underhuset frå valkrinsen Falmouth og Camborne i Cornwall. Han lukkast ikkje å verte attvald ved parlamentsvalet 1997.

I 2000 vart Coe utnemnd til adelsmann (Lord Coe) på livstid. Som høgadelsmann er han medlem av det britiske overhuset. Frå 2005 til 2012 var han leiar av organsisjonen som dreiv fram London-OL 2012.

Coe var nestleiar i Det internasjonale friidrettsforbundet 2007-15. Ved kongressen i forbundet i Beijing i august 2015 vart han vald til leiar av organisjonen med støtte frå 115 av delegatane, 92 røysta for motkandidaten Serhij Bubka.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Coe tok steget inn i verdseliten på 800 meter i 1978-sesongen. Under europameisterskapen i Praha tok han bronsemedaljen, vel halvsekundet bak han som skulle verte hans sterkaste rival, landsmannen Steve Ovett. Gullet tok austtyske Olaf Beyer. Straks etter EM sette Coe britisk rekord på 800 med 1.43,97 i eit stemne på Crystal Palace i London.

I 1979 forbetra Coe verdsrekordane på både 800 m og 1500 m. 800-metersrekorden på 1.42,33 presterte han på Bislett stadion i Oslo, 1500-metersrekorden på 3.32,0 kom i Zürich i august månad. Han vann alle tevlingane han stilte opp i i 1979.

Sebastian Coe (254) under 800-meteren i Sommar-OL 1980

Under Sommar-OL 1980 i Moskva var Coe favoritt på 800 m, men måtte sjå seg slått av landsmannen Ovett; 1.45,40 mot 1.45,85. Derimot lukkast Coe vinne 1500-meteren framom austtyske Jürgen Straub, med Ovett på bronseplass.

Den 10. juni 1981 gjorde Coe sitt livs snøggaste 800-meterløp då han i Firenze vart klokka inn på 1.41,73, ei tid som var verdsrekord i 16 år til dess Wilson Kipketer forbetra den. Seinare i sesongen forbetra han verdsrekordane på ei engelsk mile og på 1000 m. Han vann 800 m ved verdscupfinalen i Roma i suveren stil, og gjekk gjennom heile sesongen utan å tape eit einaste løp.

Coe var storfavoritt på 800 meter ved friidretts-EM i Aten i 1982. Han leia på oppløpssida, men stivna og vart vist til sølvplass bak vesttyske Hans-Peter Ferner. Det viste seg at han var smitta av toksoplasmose, noko som gjorde at han trekte seg frå 1500 m i meisterskapen. Sjukdomen førte til at 1983-sesongen gjekk fløyten og han deltok såleis ikkje i den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i Helsinki.

Coe fekk høve til å delta på både 800 m og 1500 m under Sommar-OL 1984. På 800 meter måtte han sjå seg klart slått av Joaquim Cruz frå Brasil, som med 1.43,00 var i mål over seks tidels sekund føre Coe på sølvplassen. Derimot tok han gullmedaljen på 1500 meter då han med ei fabelaktig snøgg sisterunde på 53,2 sekundar sette ny olympisk rekord med 3.32,5, førehandsfavoritten Steve Cram fekk sølv med 3.33,4.

To år seinare vart Coe europameister på 800 meter i Stuttgart, der han fekk fylgje av landsmennene Tom McKean og Steve Cram på sigerspallen. På den avsluttande 1500-meteren tok han sølvmedaljen, slått med vel eit halv sekund av landsmannen Cram. Den 7. september forbetra Coe den personlege rekorden på 1500 meter til 3.29,77 ved eit stemne i Rieti i Italia, og vart dermed fjerdemann under 3.30 på distansen.

Coe gjekk skadd i 1987-sesongen og han klarte ikkje å kvalifisere seg til Seoul-OL i 1988. Han vart britisk meister på 1500 meter i 1989, same året vart han nummer to på 1500 meter i verdscup-finalen. Han la opp vinteren 1990, etter at sjukdom sette han utanfor samveldeleikane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1978 i Praha: Bronsemedalje på 800 m – 1.44,76
  • OL 1980 i Moskva: Gullmedalje på 1500 m – 3.38,4. Sølvmedalje på 800 m – 1,45,85
  • EM 1982 i Aten: Sølvmedalje på 800 m – 1.46,68, bakom Hans-Peter Ferner (1.46,33)
  • OL 1984 i Los Angeles: Gullmedalje på 1500 m - 3.32,53. Sølvmedalje på 800 m – 1,43,64
  • EM 1986 i Stuttgart: Gullmedalje på 800 m – 1.44,50. Sølvmedalje på 1500 m – 3.41,6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]