Steve Locher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Steve Locher
Statsborgarskap Sveits
Fødd 19. september 1967
Salins
Idrett alpint
Yrke alpinist

Steve Locher (fødd 19. september 1967) er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Salins. Han kom på bronseplass i den alpine kombinasjonen under vinter-OL 1992 og i storslalåm-tevlinga under alpin-VM 1999. Locher var ein teknisk dyktig alpinist, som også beherska stor fart, dermed passa storslalåm og den alpine kombinasjonen han best.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Locher kom med på det sveitsiske alpinlandslaget i 1985. Fyrst i slutten av januar månad 1990 vart han lagt merke til, men då gjekk han overraskande heilt til topps i eit verdscuprenn i Val-d'Isère. Med tre hundredels margin til andremann vann han sin fyrste og einaste siger i super-G-øvinga. Beste prestasjonen i 1991 var femteplassen i kombinasjonsøvinga under alpin-VM i Saalbach-Hinterglemm. Året etter erobra han bronsemedaljen i same øvinga under vinter-OL i Albertville.

Frå 1993/94-sesongen var Locher ein av dei beste storslalåm-rennarane i verda. 19. desember 1993 vann han sin fyrste siger i øvinga i verdscupen, då han i Alta Badia slo toaren Alberto Tomba frå Italia med over eitt sekund. Sin andre verdscupsiger i øvinga, og hans tredje og siste i verdscupen, kom i opningsrennet for verdscupen 1996/97. Rennet gjekk av stabelen i Sölden i Austerrike i slutten av oktober 1996: Her viste Locher landsmannen Michael von Grünigen og nordmannen Kjetil Andre Aamodt til andre- og tredjeplass på pallen.

1999-sesongen vart Locher sin siste sesong i verdseliten. Han fekk bronsemedaljen i storslalåm under verdsmeisterskapen i Vail, men var langt bak verdsmeisteren Lasse Kjus frå Noreg og sølvmannen Marco Büchel frå Liechtenstein. På tampen av sesongen kleiv han opp på pallen i verdscupen for siste gong, etter han vart nummer to i eit storslalåmrenn i spanske Sierra Nevada, sju hundredels sekund bak landsmanen Grünigen.

Locher la opp i 2002.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1991: Nr 5 i kombinasjonen og nr 6 i super-G under VM i alpint i Saalbach-Hinterglemm
  • 1992: Bronsemedalje i den alpine kombinasjonen under vinter-OL i Albertville
  • 1993: Nr 5 i kombinasjonen og nr 8 i storslalåm under VM i alpint i Morioka
  • 1996: Nr 5 i storslalåm under VM i alpint i Sierra Nevada
  • 1997: Nr 4 i storslalåm under VM i alpint i Sestriere
  • 1998: Nr 6 i storslalåm og nr 14 i super-G under vinter-OL i Nagano
  • 1999: Bronsemedalje i storslalåm og nr 7 i super-G under VM i alpint i Vail

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land Øving
29. januar 1990 Val-d'Isère Flag of France.svg Frankrike Super-G
19. desember 1999 Alta Badia Flag of Italy.svg Italia Storslalåm
27. oktober 1996 Sölden Flag of Austria.svg Austerrike Storslalåm

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]