Storhaugskipet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Restane etter Storhaugskipet, og kalla Gunnarhaugskipet, kjem frå ein gravhaugAvaldsnesNord-Karmøy i Rogaland i Noreg. Skipet vart funne i den såkalla Storhaugen, på garden Gunnarshaugen. Skipet har vore av omlag same storleik som Gokstadskipet. Frå haugen har det i lang tid vorte transportert vekk jord. Då han var utgraven i 1890, av Anders Lorange, var skipsrestane i dårleg forfatning. Det vart funne restar av eit rikt gravgods.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Ved dendrokronologi er alderen sett til omlag år 770. Restane av ei skipsside har øvst eit bord med hol for årar. Under dette ripbordet har det vore to ekstra kraftige bord, som har gitt forsterking langskips. Ripbord med årehol vert tolka som at skipssida har vore for høg til oppåliggande keipar. Banda har ikkje gått frå esing til esing, man har stoppa nedanfor dei kraftige borda. Ripbordet vert støtta av korte toppband. Det er funne spor etter faste tofter, noko som har vore med på å forsterke skipet tverskips.

Ein har ikkje funne restar av kjølsvin eller mastefisk. Ein kan likevel ikkje avvise at skipet har hatt ei form for segl. Indisiar på det er høgt fribord og forsterka konstruksjon. Det er ikkje funne spor etter ein kjøl, noko som og kunne fortelje om seglbruk.

Storhaugskipet vert tidsmessig plassert mellom Kvalsundfunnet og dei kjende vikingskipa frå Oslofjordområdet. Frå denne heller korte tidsbolken er det lite skipsfunn, og sjølv om lite er funne av Storhaugskipet representerar det ein overgang- elller eksprimentperiode.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]