Storspove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Storspove
Storspove
Storspove
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: EN Sterkt truga[1]Utbreiinga av Storspove
Utbreiinga av Storspove
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Numenius
Art: Storspove N. arquata
Vitskapleg namn
Numenius arquata

Storspove (Numenius arquata) er ein art frå snipefamilien som hekkar i Eurasia frå Færøyane i vest til nordaustlegaste Kina. Overvintringa skjer mest langs tempererte og tropiske kystar av Europa, Afrika og Asia.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Storspoven er om lag 50 – 60 cm lang, og av dette utgjer nebbet om lag 25 %. Vaksenfuglen veg 500-900 gram, hoa har størst masse. Kjønna er ganske like i utsjånaden, med mørkebrune flekkar med jamt grå- og gulkvite, og han manglar småspoven sin lyse issestripe. Han har elles eit karakteristisk, flytande fluktspel om våren som vert avslutta med rullande, kraftig trille. I hekketida høyrest av og til frå bakken ein meir langtekkeleg, sørgmodig flytetone. Storspoven er vår største vadar, om lag like stor som sildemåsen. Hannen er noko mindre enn hoa, elles er kjønna like. Den kraftige, krumme nebben er karakteristisk, lengst hos hofuglen. Lætet er òg lett kjenneleg og kan ikkje forvekslast.

Forvekslingsart[endre | endre wikiteksten]

Storspove i Noreg kan berre forvekslast med småspove.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Hannen gjer krav på store territorium etter ankomsten til hekkplassen. Hoa held seg til same partner, og begge kjønna deltek i ruginga av dei fire egga. Dei blir ruga på i 4 veker. Med eitt kyllingane er klekte reiser hoa og hannen vert att hjå ungane. Som med dei fleste strandfuglane forlet ungane reiret straks dei er tørre, men dei flyg fyrst etter 5-6 veker etter. Det er hannen som passar mest på fugle-ungane.

Storspoveegg

Næring[endre | endre wikiteksten]

Næringa varierer mykje med årstida. Storspoven lever mest av insekt, meitemark og sniglar, medan han på kysten leitar etter næring i fjøresona. Småkryp som børstemarkar og muslingar ligg oftast like under overflata. Han beitar også på små dyr som lever på overflata som skjel og sandreker. Storspoven tek òg smågnagarar og er observert som «mattjuv». Om hausten et han også ein del bær.

Global utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Storspoven hekkar i Eurasia frå Færøyane, Storbritannia og Frankrike og Fennoskandia i vest, austover gjennom Europa nord for Alpane og gjennom Russland og nordlege Kasakhstan til nordaustlegaste Kina. Overvintringa skjer mest langst kystar av Europa inkludert Island, Afrika, Asia sør til øyane i Søraust-Asia og sørlege Japan. Det finst dessutan store område i det indre av Afrika som blir nytta til overvintring, til dømes i Etiopia, Namibia, Botswana og Sør-Afrika.[2]

Utbreiing i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Storspoven trivst best i vide, opne landskap. Han vert ofte rekna som kulturlandskapets fugl, men han trivst også på lyngheiar, myrar og strandenger som er udyrka. Arten har breidd seg ut langs dei indre dalføra i det siste hundreåret, og han hekkar no heilt inn til svenskegrensa. Men denne spreiinga har no nesten stoppa heilt opp. Storspoven hekkar langs heile kysten frå Lista og nordover, der han helst oppheld seg på flate øyar og strandkantar, men og på dyrka mark og store, opne myrstrekk. Ei eldre nemning for arten i Noreg er kystspove, det ymtar om hovudutbreiingsområdet.[3] Moderne jordbruk og jakt har medverka til sterk tilbakegang for arten.

Fugletrekk[endre | endre wikiteksten]

Storspoven er ein trekkfugl, som når norskekysten i mars. Dei vaksne hofuglane forlet Noreg allereie i juni, medan hannen vert att til ungane kan klare seg sjølve.[1] Skandinaviske storspovar overvintrar på Dei britiske øyane, men kan også overvintre i Danmark og vidare sørover i Vest-Europa.

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

Birdlife International har kategorisert storspoven som globalt nær truga. Populasjonen per 2016 var estimert å ligge i området ca. 0,835-1,3 millionar individ, av desse 647 500-876 000 individ i Europa.[4] Finland kan ha den største hekkepopulasjonen i Europa på 76 000–88 000 par.[2] Estimatet for Noreg var 2-3000 par i 2015. Bestanden er trudd å minke med ei rate på meir enn 50 % over 30 år i Noreg, derfor er han kategorisert som sterkt trugaden norske raudlista for 2021.[5] Det er òg eit fall i dei fleste andre landa i Europa. Ved ringmerking har ein funne at storspoven kan verte over 10 år,[6] dette er òg rekna som generasjonslengda. Globalt er høgste kjente alder for ein ringmerkt storspove 32 år.[2]

Ei hovudårsak til tilbakegangen for arten utvidingar og endringar i jordbruksareal. Dyrking og drenering av myrlendte åkrar og myrland har ført til lokale nedgangar. Vadefuglane er dessutan påverka av forhold i trekkruter og i vinterkvartera. Vinterjakt på storspove var vanleg i Frankrike, men blei stoppa vinteren 2019-2020.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Van Gils, J., P. Wiersma, G. M. Kirwan, and C. J. Sharpe (2020). Eurasian Curlew (Numenius arquata), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.eurcur.01
  3. Haftorn, Svein (1966). Våre fugler. Oslo: Mortensen. s. 170. 
  4. BirdLife International (2022) Species factsheet: Numenius arquata. http://www.birdlife.org Henta 16. mai 2022
  5. Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av storspove Numenius arquata for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021
  6. Norsk RingmerkingsAtlas
  7. Shimmings, Paul (28. august 2018). «Stans i jakt på storspove i Frankrike». Norsk Ornitologisk Forening. Henta 15. mars 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Storspove