Numenius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Numenius
Langnebbspove, Numenius americanus Foto: Alan D. Wilson
Langnebbspove, Numenius americanus
Foto: Alan D. Wilson
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Numenius
Brisson, 1760
Artar
Alaskaspove
Småspove
Tundraspove
Dvergspove
Eskimospove
Langnebbspove
Austspove
Smalnebbspove
Storspove

Numenius er ei biologisk slekt i snipefamilien av ni spovar, karakterisert av lange, slanke, nedkurva nebb og spraglete brun fjørdrakt som ikkje har sesongmessige variasjonar. Det er to biologiske slekter i snipefamilien kor alle artane har det norske fellesnamnet 'spove', den andre slekta er Limosa.

Namnet Numenius er frå antikkens greske noumenios, ein fugl som er nemnd av Hesychius. Det er assosiert med spovane fordi det ser ut til å vere avleidd av neos, «ny» og mene, «måne», med tilvisning til det lange halvmåneforma nebbet.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dvergspove, Numenius minutus, Toucheng, Taiwan
Foto: Wayne Cheng
Alaskaspove, Numenius tahitiensis, på Midway atollane, Hawaii
Foto: Forest og Kim Starr
Austspove, Numenius madagascariensis, New South Wales, Australia
Foto: JJ Harrison

Fjørdrakt og kroppsform er nokså einsarta i slekta, men storleiken varierer frå art til art. Den minste er dvergspove, Numenius minutus, på frå 28 til 34 centimeter i kroppslengd, og med kroppsvekt varierande mellom 118 til 221 gram. Den største er austspove, Numenius madagascariensis, som kan bli opp til 66 cm og vege i området 390–1350 gram.[2] Hos dei største artane er hofuglar merkbart større og med lengere nebb enn hannar.

Samla sett har Numenius-spovar ein verdsomspennande distribusjon med hekking på den nordlege halvkula. Dei fleste artane har avgrensa utbreiing med trekkvaner nord-sør, eit unnatak er småspove, Numenius phaeopus, som har sirkumpolar utbreiing, hekkar i nord, men ikkje-hekkande fuglar kan treffast langs dei fleste av verdas kystar i tropisk og subtropisk område.

Numenius-spovar beitar i gjørme eller veldig mjukt underlag, og søkjer etter makk og andre virvellause dyr med dei lange nebba sine. Nokre artar er tiltrekt av store maritime mudderflater. Der vil òg ta krabbar og liknande maritime dyr.

Den globale utbreiinga av Numenius-spovar har endra seg monaleg dei siste hundre åra som eit resultat jakt og av endra jordbrukspraksis. To av dei åtte artane av Numenius-spovar er truleg utrydda i nyare tid. Dette er eskimospove, Numenius borealis, i Amerika og smalnebbspove, Numenius tenuirostris, med uklårt hekkeområde og overvintring langs kysten av Nordvest-Afrika og langs kystar ved og nær Den arabiske halvøya. I Europa finst hekkehabitat for ein stor del storspoven sin populasjon. Storbritannia åleine har 19–27 % av populasjonen. Omtrent halvparten gjekk tapt i perioden 1995 til 2014.[3] I Nord-Irland gjekk 82 % tapt i periode 1987 til 2013.[4] I Noreg har ein funne ca. 2,9 % årleg reduksjon i perioden 1971 til 2017.[5]

Det er vist til ulike årsaker til vanskane for Numenius-spovar, for storspove spesielt er nedgang kopla til utvidingar og endringar i jordbruksareal. Dyrking og drenering av myrlendte åker og myrland har ført til lokale nedgangar. Vadefuglane er dessutan påverka av forhold i trekkruter og i vinterkvartera. Vinterjakt på storspove var vanleg i Frankrike, men blei stoppa vinteren 2019-2020.[6]

Taksonomi og artar[endre | endre wikiteksten]

Den svenske naturforskaren Carl von Linné var den første som introduserte slekta Numenius i den 6. utgåva av verket Systema Naturae gjeve ut i 1748,[7] men Linné droppa slekta i den viktige tiande utgåva av 1758 og sette då spovane saman med andre store sniper i slekta Scolopax, seinare brukt berre for rugder.[8][9]

Numenius for spovar vart innført som ei slekt av den franske forskaren Mathurin Jacques Brisson i verket Ornithologie frå 1760.[10] Sidan publiseringsdatoen for sjette utgåve av Systema Naturae var før utgangspunktet 1758 i International Commission on Zoological Nomenclature, blir Brisson og ikkje Linné anerkjent som autoritet for slekta.[11] Typearten er storspove (Numenius arquata).[12] Langnebbspove, Numenius americanus, er rekna som systerart til denne.

Saman med spovar i slekta Limosa som liknar, men har rett nebb, er Numenius ei av dei eldste linjene i snipefamilien.[13]

Numenius-spovar etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[14] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[15] Rekkefølga i lista under er etter raudlistestatus. Den taksonomiske rekkefølga er gjeve i taksoboks oppe til høgre.

Status livskraftig
  • Småspove, Numenius phaeopus, Whimbrel, Linné, 1758, (LC)
  • Dvergspove, Numenius minutus, Little Curlew, Gould, 1841, (LC)
Systerart til eskimospove, Numenius borealis[16]
  • Langnebbspove, Numenius americanus, Long-billed Curlew, Bechstein, 1812, (LC)
Status nær truga
  • Storspove, Numenius arquata, Eurasian Curlew, Linné, 1758, (NT)
Status sårbar
  • Alaskaspove, Numenius tahitiensis, Bristle-thighed Curlew, Gmelin, JF, 1789, (VU)
Status sterkt truga
  • Austspove, Numenius madagascariensis, Far Eastern Curlew, Linné, 1766, (EN)
Status kritisk truga, moglegvis utrydda
  • Eskimospove, Numenius borealis, Eskimo Curlew, Forster, JR, 1772, (CR (PE))
  • Smalnebbspove, Numenius tenuirostris, Slender-billed Curlew, Vieillot, 1817, (CR)
Ikkje artstakson hos IUCN / Birdlife International
  • Tundraspove, Numenius hudsonicus, Hudsonian Curlew, Latham, 1790

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 276. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Curlews are in trouble because of global population decline, med artsoversyn. Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 15. mars 2020
  3. Brown, D., Wilson, J., Douglas, D., Thompson, P., Foster, S., McCulloch, N., Phillips, J., Stroud, D., Whitehead, S., Crockford, N. & Sheldon, R. (2015). «The Eurasian Curlew – the most pressing bird conservation priority the UK?». British Birds. 108 (11): 660–668. 
  4. Colhoun, K., Mawhinney, K. & Peach, W.J. (2015). «Population estimates and changes in abundance of breeding waders in Northern Ireland up to 2013». Bird Study. 62 (3): 394–403. 
  5. Shimmings, Paul (2018). «Kan vi redde storspove?» (PDF). Vår fuglefauna. 41 (4): 188–192. 
  6. Shimmings, Paul (28. august 2018). «Stans i jakt på storspove i Frankrike». Norsk Ornitologisk Forening. Henta 15. mars 2020. 
  7. Linnaeus, Carl (1748). Systema Naturae sistens regna tria naturæ, in classes et ordines, genera et species redacta tabulisque aeneis illustrata (på latin) (6th utg.). Stockholmiae (Stockholm): Godofr, Kiesewetteri. s. 16, 26. 
  8. Linnaeus, Carl (1758). Systema Naturæ per regna tria naturae, secundum classes, ordines, genera, species, cum characteribus, differentiis, synonymis, locis (på latin). Volume 1 (10th utg.). Holmiae (Stockholm): Laurentii Salvii. s. 145. 
  9. Allen, J.A. (1910). «Collation of Brisson's genera of birds with those of Linnaeus». Bulletin of the American Museum of Natural History 28: 317–335. 
  10. Brisson, Mathurin Jacques (1760). Ornithologie, ou, Méthode contenant la division des oiseaux en ordres, sections, genres, especes & leurs variétés (på fransk). Volume 1. Paris: Jean-Baptiste Bauche. Vol. 1, p. 48, Vol. 5, p. 311. 
  11. «Article 3». International Code of Zoological Nomenclature (4th utg.). London: International Trust for Zoological Nomenclature. 1999. ISBN 978-0-85301-006-7. 
  12. Peters, James Lee, red. (1934). Check-list of Birds of the World. Volume 2. Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press. s. 260. 
  13. Thomas, Gavin H.; Wills, Matthew A. & Székely, Tamás (2004): BMC Evol. Biol. 4: 28. doi:10.1186/1471-2148-4-28 Mal:PMID Henta 14. mars 2020
  14. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
  15. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  16. Mystery bird: little curlew, Numenius minutus The Guardian 12. juli 2011, henta 14. mars 2020

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]