Super Smash Bros. Melee
| Super Smash Bros. Melee | |||
| | |||
| Utviklar(ar) | HAL Laboratory | ||
|---|---|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
| Kreativt ansvarleg(e) | Masahiro Sakurai | ||
| Produsent(ar) | Shigeru Miyamoto | ||
| Serie | Super Smash Bros. | ||
| Plattform(er) | Nintendo GameCube | ||
| Utgjeving | JP: 21. november 2001 NA: 3. desember 2001 EU: 24. mai 2002 | ||
| Sjanger | Slåsting | ||
| Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
| Aldersgrense | PEGI 3 | ||
| Del av serien Super Smash Bros.⠀ | |||
| ←Dataspelet Super Smash Bros.⠀ · Super Smash Bros. Brawl→ | |||
Super Smash Bros. Melee er eit crossover-slåstarspel som er utvikla av HAL Laboratory og utgjeve av Nintendo til spelkonsollen Nintendo GameCube. Det vart gjeve ut i Japan 21. november 2001, i Nord-Amerika 3. desember 2001 og i Europa 24. mai 2002. Super Smash Bros. Melee er det andre spelet i Super Smash Bros.-serien og ein oppfølgjar til Super Smash Bros. som kom ut på Nintendo 64 i 1999.
Spelet inneheld figurar frå Nintendo-seriar som Mario, The Legend of Zelda, Donkey Kong, Metroid, Kirby og Pokémon. Det inkluderer alle figurane frå det første spelet i serien og legg til nye figurar frå seriar som Fire Emblem. Kamparenaene og spelemodusane i Melee refererer til eller hentar element frå spel som er gjevne ut av Nintendo. Spelemekanikkane i Melee gjer ei uortodoks tilnærming til slåstarspelsjangeren, med ein teljar som måler skade i form av aukande prosent i staden for ein minkande helsemålar som i tradisjonelle slåstarspel. Det byggjer på det første spelet i serien ved å legge til nye funksjonar og spelemodusar.
Spelet fekk positive omtalar og er det mestseljande spelet på Nintendo GameCube, med meir enn 7 millionar selde kopiar verda over.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Super Smash Bros. Melee» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juni 2017.