Svarstadtjernet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svarstadtjernet
innsjø
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Viken
Kommunar Nes, Lillestrøm
Høgd over havet 244 moh.
Areal 0,01 km²
Koordinatar 60°1′12.03″N 11°21′49.87″EKoordinatar: 60°1′12.03″N 11°21′49.87″E

Svarstadtjernet
60°1′12″ N 11°21′50″ E

Svarstadtjernet er eit lite vatn i Blaker, akkurat på kommunegrensa mellom kommunane Nes og Lillestrøm i Viken fylke. Det ligg ikkje langt frå Auli, og vert nytta som badeplass om sommaren. Det er svaberg på begge langsidene av tjernet med oppbygd bålplass på den eine sida. Tjernet er eit populært turmål for busetjarane både på Auli, Rånåsfoss og Blaker. Det er sett ut aure i vatnet.

Svarstadtjernet munnar ut i ein bekk som renn mot Blaker via ei mindre kløft i skogen. Skogbotn her er kalkhaldig med vekst av blåveis enkelte stader.

Tjernet ligg relativt høgt i terrenget og frå eit utsiktspunkt i nærleiken i retning nordaust frå tjernet kan ein sjå til Tryvannstårnet i Oslo.