Svartehavsregionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svartehavsregionen

Svartehavsregionen (tyrkisk Karadeniz Bölgesi) er ein av regionane i Tyrkia. Han grensar til Marmararegionen i vest, Sentral-Anatolia i sør, Aust-Anatolia i søraust, Georgia i nordaust og Svartehavet i nord.

Det bur kring 8,5 millionar innbyggjarar i regionen, og av dette bur 4,1 millionar i byar og 4,3 millionar i landsbyar. Regionen er derfor den einaste regionen i Tyrkia der det bur fleire folk på landet enn i byane. Sjølv om majoriteten er tyrkiarar, bur det òg noko laz-folk og georgiarar i regionen, og i motsetnad til dei same etniske gruppene i Georgia (der dei er georgisk-ortodokse) er dei sunnimuslimar.

Provinsar[endre | endre wikiteksten]

Provinsar i Black Sea Region

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Svartehavsregionen har ein bratt, berglendt kyst med elvar som stupar ned smale kløfter frå kystfjella. Nokre større elvar, som skjer seg gjennom Dei pontiske fjella, har sideelvar som renn gjennom breiare dalar. Det går berre få vegar frå kysten og over fjella til det indre av regionen sidan fjella som som varierer frå 1500 til 1800 meter over havet i vest til 3000-4000 meter over havet i aust med Kaçkarfjella, dannar ein nesten ugjennomtrengeleg mur mellom kysten og det indre. Dei høgareliggande fjellsidene på nordvestsida er som regel dekte av tett skog. På grunn av desse naturlege tilhøva har svartehavskysten historisk sett vore isolert frå Anatolia.

Det milde, fuktige maritime klimaet langs svartehavskysten har dannar eit kommersielt lønsamt jordbruk. Frå Zonguldak i vest til Rize i aust vidar den smale kyststripa seg ut fleire stader til frodige, kraftig oppdyrka delta. Samsunormådet er eit stort tobakkproduserande område og i aust er det mange sitruslunder. Aust for Samsun, er området kring Trabzon verdskjend for produksjon av hasselnøtter, og lenger aust i Rize-området er det mange teplantasjar. Alle område som kan oppdyrkast, inkludert fjellsidene der dei ikkje er for bratte, er oppdyrka eller nytta som beitemark. Vestlege område av svartehavsregionen, særleg Zonguldak-området, er eit senter for kolgruvedrift og tungindustri.

Dei nordanatoliske fjella i nord er ei nær ugjennomtrengeleg fjellrekkje som generelt går parallelt til svartehavskysten. I vest er fjella generelt lågare med høgder sjeldan over 1500 meter, men dei stig gradvis austover til høgder over 3000 meter sør for Rize.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Dei som mislikar varmen og fukta om sommaren ved Middelhavet og Egearhavet i Tyrkia,[1] kan rømme til platåa i fjella i Svartehavsregionen, som nesten er permanent dekt av skyer og som får mykje regn med eit rikt dyre- og planteliv med skogar, kratersjøar, fossar, elvar, fjellturar, rafting, kanopadling og vintersport, jakt og fiske.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 41°00′N 36°00′E