Svartryggkolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svartryggkolibri
Svartryggkolibri, hofugl til venstre, hannfugl til høgre Litografi av John Gerrard Keuleman, 1880, public domain
Svartryggkolibri, hofugl til venstre, hannfugl til høgre
Litografi av John Gerrard Keuleman, 1880, public domain
Status
Status i verda: EN Sterkt truga
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Natteramnar og seglarfuglar Caprimulgiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Slekt: Ramphomicron
Art: Svartryggkolibri R. dorsale
Vitskapleg namn
Ramphomicron dorsale

Svartryggkolibri (Ramphomicron dorsale) er ein mellomstor kolibri med sterkt avgrensa utbreiing høgt i Sierra Nevada de Santa Marta, langt nord i Colombia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Svartryggkolibrien er ein kolibri med stor kjønnsdimorfisme, hannen har uvanleg mørk overside og mørkst hovud, hofuglen er metallisk grasgrøn på oversida. Begge kjønn har gråleg, flekkete underside, der hannen er langt mørkare enn hoa. Hannen har iriserande strupe-bryst skjold i lyst olivengrønt. Begge kjønn har vengefjører med mørk overside, nebbet er mørkt, noko nedkurva og relativt kort. Halen er kløfta, lillasvart og nokså lang. Kroppslengde deira er ca. 9 til 10 centimeter, og vekta ca. 3,5 gram.

Lokalisering av Sierra Nevada de Santa Marta i Colombia. Svartryggkolibrien lever i nordre og vestre sider av dette området[1]

Leveområdet deira ligg høgt, over 2000 moh. heilt opp til 4600 moh. Habitatet er fuktig elfinskog og alpin páramo med fjellvegetasjon. Dei lever av nektar og beitar på blomar på plantar av fleire familiar mellom anna maurefamilien, lyngfamilien og klokkefamilien. Ein har funne at dei gjer sesongbaserte vertikale trekk mot lågare høgd i mai til juni månad.

Det finst ikkje kjent estimat for bestanden, han er uvanleg i utbreiingsområdet og klassifisert av IUCN som sterkt truga, EN.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. BirdLife International (2015) Utbreiingskartet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Svartryggkolibri