Svartterne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svartterne
Svartterne
Svartterne
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av svartterne
Utbreiinga av svartterne
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Måsefamilien Laridae
Underfamilie: Sterninae
Slekt: Sumpterner Chlidonias
Art: Svartterne C. niger
Vitskapleg namn
Chlidonias niger

Svartterne (Chlidonias niger) er ei sumpterne i måsefamilien Laridae. Ho har hekkeområde i eller nær ferskvatn i Europa, Vest-Asia og Nord-Amerika. Som namnet ymtar om, har ho hovudsakleg mørk fjørdrakt i hekketida. I spesielt lys kan hekkedrakta sjå blå ut, og av det kjem det gamle engelske namnet 'blue darre'. Slektsnamnet er frå gammalgresk khelidonios, «svaleliknande». Artsnamnet kjem frå det latinske niger, «skinnande svart».[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei lita og særprega terne som i hekkedrakta har svart hovud og underside og mørkegrå overside. Undergump og undersida av stjerten er alltid kvit, beina og nebbet svart. Nebbet er relativt langt, slankt og ser litt bøygd ut. I vinterdrakt er undersida kvit, hovudet kvitt med svart hette og svart flekk bak øyret. Vaksne fuglar er rundt 25 cm lange, med eit vengespenn på 61 cm og kroppsvekt på 62 gram.

I flukt ser kroppsbygginga slank ut. Vengeslaga er fulle og dynamiske, og flyginga er ofte uføreseieleg når ho flyg nær overflata etter mat; lik andre terneartar.

Lætet frå fuglar i Eurasia er skildra som eit hest «k'sjlett» og kortare nasale «klitt» med variasjonar.[2]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Hekkehabitatet deira er ferskvassmarker over det meste av Canada, det nordlege USA og mykje av Europa og Vest-Asia. I sentrale og vestlege delar av Europa er utbreiinga fragmentert, ho hekkar ikkje regelmessig på Dei britiske øyane, og berre lengst sør i Fennoskandia. Austgrensa for utbreiinga er omtrent austlegaste Kasakhstan, nordgrensa i sørlege Finland

I austlege regionar av England var svartterne rikeleg til stades fram til byrjinga av det nittande hundreåret. I 1769 vart det notert «veldige flokkar» av svartterner «ropa deira er nesten øyredøyvande». Omfattande drenering av hekkeområda utrydda den engelske bestanden rundt 1840. Freistnader på gjenninnføring i England har vore mislykka, med berre nokre få hekkeregistreringar i England, og ein i Irland, i andre halvleiken av 1900-talet. Dei legg vanlegvis egga anten på flytande materiale i ei myr eller på bakken svært nær vatnet, og kullet er på 2–4 egg.

Utanom hekketida trekker nordamerikanske svartterner til kystane av nordlege Sør-Amerika og stillehavskysten av Mellom-Amerika, nokre til ope hav. Fuglar frå den gamle verda overvintrar langs vestkysten av Afrika og i Egypt og Sudan.

Svartterna er ein vanleg streiffugl i sommarmånadene i Noreg, med variasjonar mellom 3 og 33 registrerte individ i året. Dei fleste observasjonane er gjort i august, og i Rogaland fylke, men ho er òg sett i Aust-Finnmark.[3]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Til liks med dei andre sumpternene (Chlidonias), og i motsetning til dei «kvite» Sterna-ternene, stupdukkar ikkje desse fuglane etter fisk, men flyg sakte over vatnet for å plukke føde på overflata og fange insekt på flukt. Dei et hovudsakleg insekt og fisk, og dessutan amfibium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 112, 270. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Svensson, Lars (1999). Gyldendals store fugleguide (1. utg.). Gyldendal fakta. s. 193. ISBN 8276431542. 
  3. «Artsobservasjoner, Rapportsystem for arter». Artsdatabanken. Henta 19. november 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Svartterne