Sven Oluf Sørensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sven Oluf Sørensen
Sørensen-2.jpg
Fødd26. november 1920
Paris
Død16. september 2017
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Sven Oluf Cleve August Sørensen (fødd 26. november 1920 i Paris, død 16. september 2017 i Oslo) var ein norsk fysikar og son av målaren Henrik Sørensen.

Han tok Cand.real. i 1947, dr.philos. i 1952 og vart professor i kjernefysikk ved Universitetet i Oslo i 1961. Det vitskaplege arbeidet til Sørensen har vore konsentrert om studiet av elementærpartiklar og reaksjonane deira ved hjelp av fotografiske emulsjonar og boblekammerbilete. Arbeidet har for ein stor del vore samarbeidsprosjekt med internasjonale forskingsgrupper, særleg i tilknyting til CERN i Genève.

Sørensen har òg, for å ta vare på kunstverka til faren sin og gjere dei tilgjengelege for publikum, reist Holmsbu Billedgalleri i 1973 og Vinje Biletgalleri i 1991. Han gav ut Søren: Henrik Sørensens liv og kunst i 2003.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]