Sverre Krogh
Sverre Krogh | |||
![]() | |||
Fødd | 11. mars 1883 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 26. oktober 1957 (74 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet (ukjend; 1923), Norges Kommunistiske Parti (1923; 1928), Arbeidarpartiet (1928), Nasjonal Samling | ||
Yrke | aktuar, politikar, redaktør | ||
Utdanna ved | Universitetet i Göttingen | ||
Far | Gerhard Christopher Krogh | ||
Medlem | Norges Kommunistiske Ungdomsforbund | ||
Alle verv |
|
Sverre Krogh (11. mars 1883–1957) var ein norsk pressemann og politikar frå Oslo, aktiv både for Det norske Arbeidarparti, Norges Kommunistiske Parti og Nasjonal Samling. Han representerte Hordaland på Stortinget i tida 1922 til 1927. Under den andre verdskrigen arbeidde Krogh i Kulturdepartementet, noko han i landssvikoppgjeret vart dømd til to år og tre månaders fengsel for.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Krogh var utdanna i Tyskland, der han tok diplomeksamen i forsikringsmatematikk. Tilbake i Noreg i 1907 melde han seg inn i Norges Socialdemokratiske Ungdomsforbund (NSU). Allereie i april vart han formann for Kristiania-avdelinga og spelte dei neste åra ei viktig rolle i ungdomsforbundet.
I 1908 sat Krogh fengsla i tre månader i Sverige, dømd for å ha hissa til strid mot styresmakter. Etter fleire månader på agitasjonsarbeid i Nord-Noreg, kom han tilbake til Kristiania i 1909. NSU var då svekka av indre strid. Krogh var mellom dei som bygde oppatt forbundet, i hans tilfelle som redaktør for Klassekampen, den nye avisa til forbundet.
Frå 1918 til 1924 var Krogh redaktør for partiavisa Arbeidet i Bergen. Hausten 1921 vart han vald inn på Stortinget frå Hordaland og for Det norske arbeidarparti. Då partiet vart splitta hausten 1923, fylgde han Komintern-tilhengarane inn i nydanninga Norges Kommunistiske Parti. Han vart attvald til Stortinget i 1924. Krogh gjorde seg upopulær i NKP gjennom å gå inn for nærare organisatorisk samarbeid mellom dei då tre arbeidarpartia, og ved å motarbeide partileiinga medan NKP forhandla med den nye LO-formannen Halvard Olsen. Ved stortingsvalet 1927 mangla Krogh nokre få hundre røyster på å verte attvald, og året etter gjekk han over til Arbeidarpartiet.
I åra etter partiskiftet skreiv Krogh i ei rekke av Arbeidarpartiet sine publikasjonar. Stort forbruk av alkohol gjorde likevel at han gradvis mista tillit hos dei styrande i arbeidarrørsla.
Etter Tyskland okkuperte Noreg våren og sommaren 1940 vart Krogh kontakta av ein tidlegare studiekamerat, NS-politikaren Birger Meidell. Han trekte Krogh inn i Nasjonal Samling (NS), medan Krogh bidrog til at okkupanten knytte kontakt med andre folk i arbeidarrørsla, mellom dei den tidlegare LO-formannen Halvard Olsen. Krogh fekk tilsetjing som konsulent i Kulturdepartementet med ansvar for å formidle kontakt med fagrørsla og den delen av arbeidarpressa som framleis var i drift. Som NS-medlem sokna Krogh til den meir tysk-vennlege fløya av partiet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sverre Krogh» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2018.
- Stortingsbiografi Arkivert 2018-11-03 ved Wayback Machine.