Sverre Rotevatn
| Sverre Rotevatn | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 17. januar 1977 (49 år) Lillehammer kommune |
| Idrett | kombinert |
| Tok del i | Vinter-OL 2002 |
Sverre Rotevatn (fødd 17. januar 1977) er ein norsk, tidlegare kombinertløpar, fødd på Lillehammer, som var aktiv for Øystre Slidre IL frå 1998 til 2004. Han vart verdsmeister for Noreg i lagtevlinga under ski-VM 2001. Året etter fekk han sølvmedalje i noregsmeisterskapen på ski.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Rotevatn deltok for Noreg i alle tre kombinert-øvingane under VM 2001 i Lahti. Han vart nummer 27 i normaløvinga, men fekk likevel plass på det norske laget som sidan vann gull i lagtevlinga. Saman med Kenneth Braaten, Bjarte Engen Vik og Kristian Hammer syrgde han for norsk siger, elleve sekundar før Austerrike.
På nyåret 2002 gjorde Rotevatn sin beste prestasjon i verdscupen i kombinert, då han vart nummer åtte i eit renn i Schonach. Under vinter-OL 2002 i Salt Lake City gjekk Rotevatn i mål til ein 13. plass, hans fremste plassering i internasjonale meisterskap. Han deltok også på det norske laget som vart nummer fem i lagtevlinga. Tidlegare i 2002-sesongen vann han i Høydalsmo si einaste NM-medalje, slått av Jan Rune Grave med 58 sekundar.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
- (en) Sverre Rotevatn – Profil og resultatoversikt hos FIS
- (en) Sverre Rotevatn – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Sverre Rotevatn – Profil og resultatoversikt hos FIS
- (en) Sverre Rotevatn – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.