Svetla Dimitrova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svetla Dimitrova
Verkeleg namn Светла Димитрова
Fødd 27. januar 1970
Burgas
Yrke friidrettsutøvar

Svetla Dimitrova (fødd 7. januar 1970) er ein bulgarsk tidlegare friidrettsutøvar som vart europameister på 100 meter hekk både i 1994 og 1998.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Både i 1986 og 1988 vann Dimitrova sjukampen under junior-verdsmeisterskapane, og sette i 1989 ny juniorverdsrekord i sjukamp. Seinare i sesongen testa ho positivt i doping, og vart stengt ute frå friidrettstevlingar i to år.

Ho kom tilbake på idrettsbana i 1992 og forbetra sin personleg sjukamp-rekord til 6656 poeng. Under Sommar-OL 1992 i Barcelona vart ho nummer fem i sjukamp med 6464 poeng, året etter nummer fire i EM.

Frå 1994 slutta Dimitrova å tevle i mangekamp og satsa på korthekken. Ho gjekk heilt til topps på 100 meter hekk då Europameisterskapen 1994 vart avvikla i Helsinki, med tida 12,72 sekundar hadde to tidels forsprang til russiske Julija Graudyn og si eiga landskvinne, Jordanka Donkova. I same meisterskapen sprang ho tredjeetappen for det bulgarske laget som i 4 x 100 meter stafett sikra seg bronsemedaljar på 43,00, like bak Tyskland (42,90) og Russland (42,96). Dei andre bulgarske bronsekvinnene var Desislava Dimitrova, Anelija Nuneva og Petja Pendareva.

Etter eit års pause, grunna barnefødsel, deltok Svetla Dimitrova i dei olympiske leikane i Atlanta, der ho snubla og fall i semifinalen. Under verdsmeisterskapen 1997 i Aten sigra Ludmila Engquist, som representerte Sverige, på 12,50 sekundar, framom Dimitrova 12,58 og jamaicanske Michelle Freeman 12,61. I 1998 forsvarte Dimitrova EM-tittelen i Budapest. Ho vann med 12,56 sekundar, slovenske Brigita Bukovec fekk sølvmedaljen på 12,61.

Under VM i friidrett 2001 i Edmonton vart det dobbeltsiger på korthekken til USA. Bakom Anjanette Kirkland på 12,42 sekundar og Gail Devers på 12,54, kom Dimitrova og kasakhstanske Olga Sjisjigina i mål på 12,58 sekundar. Målfoto gav Sjisjigina bronsemedaljen og Dimitrova fjerdeplassen. I sin siste store finale, under EM 2002 i München, snubla Dimitrova og nådde målstreken til åttande og sisteplass.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Dimitrova var utestengd frå friidrettsbanen i 1990 og 1991.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]