Sykes-Picot-avtalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei franske og britiske interesseområda andsynes avtalen.

Sykes-Picot-avtalen er namnet på ein løynd avtale som vart forhandla mellom Sir Mark Sykes og François Georges-Picot på vegner av høvesvis Storbritannia og Frankrike. Tingingane varte frå november 1915 til 16. mai 1916, og det viktigaste føremålet for tingingane var delinga av dei arabiske provinsane i Det ottomanske imperiet etter fyrste verdskrigen. Desse landområda inkluderte dagens Irak, Jordan, Syria, Libanon og Israel-Palestina, som alle vart innlemma i område styrt av britiske og franske styremakter. Frankrike fekk tildelt Syria, som under vilkåra for avtalen inkluderte dagens Libanon og den ottomanske provinsen Mosul. Britane fekk til gjengjeld tildelt provinsane Bagdad og Basra, attåt eit ikringliggjande område som inkluderte middelhavsbyane Akko og Jaffa. Britane fekk dessutan kontroll over det noko laust definerte heilage landet, eller Palestina.

Sykes-Picot-avtalen gjekk på tvers av lovnaden den britiske regjeringa hadde gjeve til Hussein bin Ali, sjarifen av Mekka. Britane hadde lova sjarifen at han og sønene skulle få eit eige arabisk kongedøme, som skulle vere sjølvstendig og rå over dei fleste arabiske provinsane i det ottomanske imperiet, dersom han sette i gang ein oppreist mot dei ottomanske styremaktene. I 1917 vart den løynde avtalen mellom Sykes og Picot avslørt av den nye bolsjevik-regjeringa til Vladimir Lenin. Avsløringa vart møtt med stort sinne av arabarane, som tykte seg svikta av britane.

Britane freista å bøte på klausulane i avtalen på San Remo-konferansen i 1920, men trass i endringane ein då kom fram til gjekk ikkje den arabiske motstanden mot avtalen over, og denne motstanden gjer seg framleis gjeldande i dag. Eit døme på dette kom i 2014, då Abu Bakr al-Baghdadi kunngjorde opprettinga av Den islamske staten (IS) og hevda at det nye kalifatet var den siste spikaren i kista for Sykes-Picot-avtalen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kia, M. (2017). Sykes-Picot Agreement. I The Ottoman Empire: A Historical Encyclopedia [2 volumes] (s. 50-51). Santa Barbara: ABC-CLIO. ISBN 9781610693899

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Leraand, D. (8. august 2018). Sykes-Picot-avtalen. I Store norske leksikon. Henta 14. mars 2020.

¨