Syntetisk edelstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Syntetiske edelsteinar er kunstig framstilte edelsteinar. Mange har motstykka sine i naturlege mineral og har då dei same kjemiske, fysiske og optiske eigenskapar som desse. Dei viktigaste er: korund (rubin og safir), smaragd, spinell og krysoberyll (alexandritt). Utmerkte edelopal og turkis som er framstelt kunstig, kom på marknaden høvesvis 1974 og 1972, lapis lazuli i 1976. Syntetisk ametyst vil truleg få ei viss tyding, og det er venta at syntetiske diamantar i edelsteinsstorleik vil bli stadig meir utbreidd i handelen.

Rutil og strontiumtitanat (SrTiO3, finst ikkje i naturen) brukast som substitutt for diamant. Eit nytt diamantsubstitutt vart introdusert i 1976: kubisk zirkoniumdioksid, ZrO2(sjå zirkonia ). Av andre syntetiske edelsteinar som ikkje opptrer i naturen har ein yttrium-jarn-granat (YIG) Y3Fe2Fe3O12, yttrium-aluminium-granat (YAG) Y3Al2Al3O12 og gallium-gadolinium-granat (GGG) Gd3Gav2Gav3O12.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]