Tartus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 34°53′N 35°53′E
Tartus
طرطوس
by
none  Hamratgata
Hamratgata
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Tartus guvernement
Distrikt Tartus-distriktet
Koordinatar 34°53′N 35°53′E
Folketal 115 769 (2004) [1]
Retningsnummer 43
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Tartus

Tartus (arabisk طرطوس, Ṭarṭūs; òg skrive Tartous) er ein by ved kysten av Middelhavet i Syria. Tartus er den nest største hamnebyen i Syria (etter Latakia), og den største byen i Tartus guvernement. Han hadde 115 769 innbyggjarar i 2004.[2] Om sommaren dreg mange syrarar her på ferie. Det finst mange ferieanlegg i regionen. Det ligg eit lite russisk marineanlegg i hamna i Tartus.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fønikisk Antaradus[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Arwad.

Historia til Tartus går attende til 1000-talet fvt, då han vart grunnlagd som ein fønikisk koloni under Aradus.[3] Kolonien vart kalla Antaradus (frå gresk «Anti-Arados → Antarados», Anti-Aradus, som tyder «Byen som vender mot Arwad»). Ikkje mykje er att av den fønikisk Antaradus. Busetnaden var knytt til den viktigare og større busetnaden Aradus, utanfor kysten av Tartus, og den nærliggande staden Amrit.[4]

Gresk-romersk og bysantinsk tid[endre | endre wikiteksten]

Byen vart kalla Antaradus på latin og var ein av keisar Konstantin sine favorittstader for dyrkinga av Jomfru Maria. Det første kapellet som vart tileigna Jomfru Maria er sagt å ha blitt bygd her på 200-talet.

Islamsk tid[endre | endre wikiteksten]

Muslimske armear erobra Tartus under Ayyan bin al-Samet al-Ansary i 636.

Krosstoga[endre | endre wikiteksten]

Katedralen Vår frue av Tortosa frå krossfarartida.

Krossfararar kalla byen Antartus og Tortosa. Han vart først erobra av Raymond av Saint-Gilles, og vart i 1105 gjeve til sonen Alfonso Jordan og vart då kalla Tortosa. I 1123 bygde krossfararane den delvis befesta Katedralen Vår frue av Tortosa over ei bysantinsk kyrkje som var populære hos pilegrimar. Katedralen vart nytta som moské etter at muslimane tok byen attende, så som forlegning for osmanarane. Ho vart renovert under franskmennene og er i dag eit bymuseum med antikvitetar frå Amrit og mange andre stader i regionen. Nur ad-Din Zangi tok Tartus attende frå krossfararane ei kort stund før han vart tapt igjen.

I 1152 vart Tortosa gjeve til tempelriddarane, so nytta han som militært hovudkvarter. Dei bygde fleire store byggverk, som ei borg med eit stort kapell og eit utførleg borgtårn, omgjeve av tjukke, doble, konsentriske murar.[5] Tempelriddarane hadde som mål å verne byen og landområdet rundt, som hadde blitt okkupert av kristne nybyggjarar, frå muslimske åtak. Byen Tortosa vart gjenerobra av Saladin i 1188, og hovudkvarteret til Tempelriddarane vart flytta til Kypros. I Tortosa klarte likevel nokre tempelriddarar å trekkje seg attende til borgtårnet, som dei heldt fram å nytte som basen sin for dei neste 100 åra. Dei bygde stadig fleire festningverk kring tårnet, fram til det òg fall, i 1291. Tortosa var den siste utposten til tempelriddarane på det syriske fastlandet, etter at dei trekte seg attende til ein garnison på den nærliggande øya Arwad, der dei heldt ut tiår til.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg på austkysten av Middelhavet ved grensa til Alawittarfjella i aust. Arwad, den einaste busette øya langs den syriske kysten, ligg nokre få kilometer utanfor Tartus.

Tartus dekkjer dei fleste lågtliggande områda og er omgjeve i aust av fjell som hovudsakleg består av kalkstein, og kring somme stader, som ved byen Souda, basalt.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Byen har middelhavsklima med korte vintermånader og moderate temperaturar frå april til oktober. Åsane aust for byen er med på å gje Tartus ein del nedbør. Fukta om sommaren kan nå 80 %.[6]

Klimadata for Tartus
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 15.8 16.4 18.6 21.9 24.8 27.3 29.2 30.0 29.2 26.6 22.4 17.9 23,34
Døgnmiddeltemp. °C 12.0 12.7 14.7 17.6 20.3 23.9 26.0 26.7 25.1 21.9 17.7 13.7 19,36
Normal min. temp. °C 8.4 8.9 10.4 12.8 15.6 19.1 22.2 22.8 20.4 16.9 13.2 10.0 15,06
Nedbør (mm) 177.5 142.1 105.2 57.1 20.0 12.3 0.7 3.8 8.2 67.6 105.0 184.8 884,3
Normal mengd nedbørdagar (≥ 1 mm) 12.5 10.2 9.3 5.4 2.1 0.5 0.1 0.1 0.8 4.4 6.5 11.0 62,9
Kjelde: Hong Kong Observatory[7]

Økonomi, samferdsle og marinebase[endre | endre wikiteksten]

Tartus hamn

Tartus er eit viktig handelssenter i Syria og har ein av dei to hovudhamnene til landet ved Middelhavet. Hamna vert utvida sidan mange importvarer som vert nytta til gjenoppbygginga av Irak går gjennom hamna.

Tartus er ein populær turistdestinasjon. Byen har gode sandstrender og fleire ferieanlegg. Det vart gjort store investeringar i byen i åra før borgarkrigen braut ut.

Tartus har eit velutvikla nettverk av vegar og motorvegar. Chemins de Fer Syriens driv jernbanenettverk som knyt Tartus til storbyane i Syria, sjølv om berre Latakia-Tartus-ruta er i drift i dag.

Russisk marinebase[endre | endre wikiteksten]

Ein marinebase frå sovjettida ligg i Tartus. Denne kom til i 1971 etter ein avtale med Syria og er framleis bemanna av russisk marinepersonell. Tartus er den siste russiske militærbasen utanfor Sovjetunionen, og den einaste ved Middelhavet, noko som gjer at russiske marinefartøy ikkje treng å dra attende til basane i Svartehavet for å fylle drivstoff og forsyningar, og slepp å dra gjennom Bosporossundet i Tyrkia, som er NATO-medlem.[8]

Hovudattraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Båtar i hamna i Tartus.

Det historiske senteret i Tartus består av meir nylege bygningar bygd på og innanfor bymurane til festninga bygd av Tempelriddarane under krosstoga. Vollgrava skil framleis gamlebyen frå den moderne byen på nord- og austsida. Utanfor festninga er det lite att frå historia, utanom den katedralen Vår frue av Tartus frå 1100-talet. Kyrkja er i dag eit museum. Den tidlegare presidenten Hafez Assad og den hovudsakleg islamske administrasjonen hans lovde å gje staden attende til dei kristne som eit symbol på den djupe kristendomen i Syria, men han døydde før denne lovnaden vart utført. Sonen hans, den noverande presidenten Bashar Assad, har hevda han vil fullføre lovnaden til faren.

Det finst mange arkeologiske funn i Tartus og det omliggande området, som:

Byen Al Hamidiyah ligg like sør for Tartus og er kjend for å ha ein gresktalande folkesetnad på kring 3 000 som er muslimar. Ætta deira flytta der seint på 1800-talet frå Kreta.[9] Sidan starten på Irakkrigen har nokre få tusen irakarar slått seg ned i Tartus.[treng kjelde]

Kjende folk[endre | endre wikiteksten]

  • Saadallah Wannous (1941–1997), skodespelforfattar og den første arabaren som talte ved International Theatre Day.
  • Sjeik Saleh Al-Ali, ein syrisk revolusjonær som kjempa mot det franske mandatet.
  • Dr. Halim Barakat, romamforfattar og sosiolog.[10]
  • Jamal Suliman, skodespelar.
  • George Wassouf, kjend arabisk popstjerne.
  • Ghassan Masoud, skodespelar.
  • Taim Hasan, skodespelar.
  • Giana Eid, skodespelarinne.
  • Qussai Al-Khaoli, skodespelar.
  • Rami Derbas, økonom ved Tishreen universitet.
  • Rana Jammoul, skodespelarinne.
  • Nashwa Taher, arabisk språkforskar ved George Washington University.
  • Faeza Daud, forfattar og forskar på syrisk mytologi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tartus folketal
  2. «Syria: largest cities and towns and statistics of their inhabitants». World-gazetteer.com. Arkivert frå originalen den 2007-10-01. http://web.archive.org/web/20071001064839/http://world-gazetteer.com/wg.php?x=&men=gcis&lng=en&dat=32&geo=-202&srt=npan&col=aohdq&pt=c&va=&srt=pnan. Henta August 4, 2010. 
  3. Tartus Encyclopaedia of the Orient. Henta 29. juni 2014.
  4. History of Tartous Syria Gate. Henta 29. juni 2014.
  5. Lost Worlds: Templars. History Channel-dokumentar, først sendt 10. juli 2006.
  6. «Statistisk sentralbyrå». Cbssyr.org. http://www.cbssyr.org. Henta 29. juni 2014. 
  7. «Climatological Information for Tartous i Syria». Hong Kong Observatory. June 2011. http://www.weather.gov.hk/wxinfo/climat/world/eng/europe/gr_tu/tartous_e.htm. 
  8. Kramer, Aandrew E. (June 18, 2012), «Russian Warships Said to Be Going to Naval Base in Syria», The New York Times, Arkivert frå den opphavlege versjonen den June 18, 2012, http://www.webcitation.org/68YYhbYXp, henta 29. juni 2014 
  9. Greek Speaking Enclaves of Lebanon and Syria av Roula Tsokalidou. Proceedings II Simposio Internacional Bilingüismo. Henta 29. juni 2014.
  10. «Halim Barakat». Halim Barakat. http://www.halimbarakat.com. Henta August 4, 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]