Takahe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Takahe

Status i verda: EN Sterkt truga

Takahe frå Tiritiri Matangi IslandFoto: Ashleigh Thompson
Takahe frå Tiritiri Matangi Island
Foto: Ashleigh Thompson

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Gruiformes
Familie: Rallidae
Slekt: Porphyrio
Art: P. mantelli
Vitskapleg namn
Porphyrio mantelli
meyer, 1883

Takahe (Porphyrio mantelli), maori Takahē, er ein fugleart utan flygeevne, han er endemisk til New Zealand og er medlem av riksefamilien. Arten var rekna å vere utdøydd etter at fire kjende prøver vart tatt i 1898. Men etter ein nøye planlagt søkjeinnsats etter fuglen, vart han oppdaga av Geoffrey Orbell i eit fjellområde vest for Lake Te Anau i Southland District, Sørøya, den 20. november 1948.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Takahe i bypark i byen Te Anau, nær Doubtfull Sound
Foto: Malene Thyssen

Takahe er den største gjenlevande medlemmen av riksefamilien. Den totale lengda er i gjennomsnitt 63 cm og gjennomsnittleg vekt er ca. 2,7 kg hos hannar og 2,3 kg for hoer.[1] Ståhøgd er ca. 50 cm.[2] Dette er ein tettvaksen fugl, med reduserte venger, men sterke bein og eit massivt nebb.

Ein vaksen takahe er hovudsakleg lillablå i fjørdrakta, med ei grønleg og blåleg farge på oversida og venger. Nebbet og det frontale skjoldet er i purpurraudt og blir bleikare rosa mot nebbspissen.[3] Beina er rosa. Kjønna er like, men hoene blir litt mindre enn hannfuglar, ungfuglar har hovudsakleg bleikbrun fjørdrakt. Umodne ungfuglar har eit rosa nebb med blåskjer. Dette er ein støyande art med eit høgt 'kuuit'-rop.[3] Kontaktropa kan lett forvekslast med wekarikse (Gallirallus australis) sine rop, men er generelt meir resonant og djupare.[4]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Takahe er ein stillesitjande fugl som ikkje har flygeevne, og lever i habitat på høgtliggjande grassletter. Sjølv om han opphavleg hadde naturleg tilhald i sumpområde, har menneske endra myrlandshabitat til jordbruksområde, og takahe vart dermed tvinga til å flytte høgare opp til nye habitat. Dei held seg oppe på grasslettene fram til snøen kjem, då vandrar dei ned til habitat av skog eller kratt. Føda er sett saman av gras, planteskot og insekt, men hovudsakleg blad av Chionochloa-grastuer og andre alpine grasartar. Takahe kan ofte nappe på grasstilker av arten Danthonia flavescens.

Takahe er monogame, para held truleg saman heile livet. Dei byggjer eit klumpa reir under buskar og kratt og legg to gulbrune egg. Dei er bakkelevande. Ungar har ein overlevingsrate på 73-97 %.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Arten lever framleis der han vart gjenoppdaga i Murchison Mountains ved Lake Te Anau. Ein har òg sette ut nokre få individ på fire rovdyrfrie øyar, Tiritiri Matangi, Kapiti, Maud og Mana, der publikum kan sjå dei. I tillegg kan takahe i fangenskap sjåast på Te Anau og Mt Bruce dyrelivssenter. I juni 2006 vart eit par takahe flytta til restaureringsprosjektet Maungatautari. I januar 2011 vart ei lite mengd takahe sett ut i det verna naturreservatet Zealandia i Wellington.

Etter 1982 har den totale populasjonen variert mellom 110 og 225 attverande individ.

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var arten vidt utbreidd, men vart driven til nær utrydding av overjakt, tap av habitat og introduserte artar. Innføringa av hjort (Cervus elaphus) representerer ein alvorleg konkurranse for føda, medan røyskatten (Mustela erminea) tar rolla som rovdyr. Spreiinga av skog har bidrege til reduksjon av habitat. Sidan fuglane har lang levetid, reproduserer dei sakte, det tar fleire år å bli kjønnsmodne, og ettersom utbreiinga var redusert over relativt få generasjonar, er innavlsdepresjon eit monaleg problem. Innsats for å verne arten blir hemma spesielt av låg reproduksjon av dei attverande fuglane. Genetiske analysar har vorte utførte for å velje avlsdyr i eit forsøk på å verne maksimalt genetisk mangfald.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. UNEP-WCMC Species Page (April 2008)
  2. Taylor, Barry, Rails: A Guide to the Rails, Crakes, Gallinules and Coots of the World. Yale University Press (1998), ISBN 978-0-300-07758-2.
  3. 3,0 3,1 Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
  4. del Hoyo, J.; Elliot, A. & Sargatal J., ed (1996). Hoatzin to Auks. Handbook of the Birds of the World. Band 3. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 84-87334-20-2. 
  5. BirdLife International (2012) Species factsheet: Porphyrio hochstetteri. Henta frå http://www.birdlife.org den 16. august 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Takahe