Tancredi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tancredi

Språkitaliensk
Tilverting1813
Sjangeropera seria, opera
Utgitt19. hundreåret
Uroppføring6. februar 1813

Tancredi er ein opera (melodramma eroico) i to akter med musikk av Gioacchino Rossini og libretto av Gaetano Rossi etter Voltaire sitt skodespel Tancrède (1760) og Torquato Tasso sitt epos La Gerusalemme liberata (1581).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tancredi var det fyrste store opera seria-verket til Rossini. For å gleda publikummet hadde librettisten endra på den tragiske slutten til Voltaire, der Tancredi fell i slaget mot sarasenarane, men ein månad etter premieren gjorde han og Rossini om på slutten så han stemde med den til Voltaire. Publikummet var likevel misnøgde med endringa, så ho blei stroken att. Samtidig som Rossini skreiv Tancredi, arbeidde han òg på farsane L'occasione fa il ladro og Il signor Bruschino, men tyngdepunktet hans låg heile tida hjå Tancredi som han sjølv komponerte secco-resitativet til.

Premiereforestillinga 6. februar 1813 på Teatro La Fenice i Venezia blei avbroten av at hovudrolleinnehavarane var indisponerte, men sidan blei Tancredi ein stor suksess og gjorde Rossini kjend med ein gong. Særleg cavatinaen frå verket, «Tu che accendi» med cabalettan «Di tanti palpiti» blei utruleg populær. Arien blei skriven etter krav av songaren Adelaide Malanotte som var med på premieren av Tancredi og var misnøgd med entréarien sin. Etter at lord Byron lovprisa arien i Don Juan spreidde ryktet om han seg i England. Over 50 år seinare parodierte Richard Wagner han i tredje akta av Meistersongarane frå Nürnberg, eit teikn på den langvarige populariteten til songen. Etter soga skreiv Rossini arien kvelden før premieren medan han kokte ris til middag. Derfor har han gått inn i musikkhistoria under namnet «Risarien».[1]

Personar[endre | endre wikiteksten]

  • Argirio, konge av Siracusa (tenor)
  • Amenaide, dotter hans (sopran)
  • Tancredi (alt)
  • Orbazzano, hertug av Sicilia (base
  • Isaura, venninne av Armeineide (mezzosopran)
  • Roggiero, væpnaren til Tancredi (sopran)
  • Adelsmenn, riddarar, væpnarar, folk (kor)

Handling[endre | endre wikiteksten]

Akt I[endre | endre wikiteksten]

Francisco Bagnara sine kulissar til akt I.

I Siracusa blir dei to familiane Argirio og Orbazzano, som tidlegare hadde vore i konflikt, forsona. Dei vil kjempa saman mot Solamir, leiaren for sarasenarane. Argirio lovar Orbazzano handa til dottera si Amenaide. Men Amenaide er forelska i den landsforviste Tancredi, som ho har vore hemmeleg trulova med i nokre år. Tancredi har vendt tilbake til Siracusa i løyndom («Di tanti palpiti»). Orbazzano snappar opp eit brev frå Amenaide til Tancredi, men trur at brevet er meint for Solamir. Amenaide blir skulda for høgforræderi, og blir kasta i fengsel.

Akt II[endre | endre wikiteksten]

Amenaide skal avrettast. Tancredi, som enno ikkje er blitt gjenkjend, krever at domen skal leggjast i Guds hender og melder seg som forkjemparen til Amenaide. I ein duell blir Orbazzano overvunnen av Tancredi, som så dreg ut i strid mot fienden og får vita av den døyande Solamir at Amenaide er uskyldig. Den sigrande Tancredi vender heim i triumf og blir lukkeleg gjenforeint med Amenaide.

(I den tragiske versjonen av operaen vender den døyande Tancredi tilbake frå slagmarka og får vita av Argirio at Amenaide er uskuldig. Han døyr så i armane hennar.)

Musikken[endre | endre wikiteksten]

Orkesteret består av:

Operaen inneheld følgjande musikknummer:

Akt I

  • Nr. 1 Innleiing (kor, Isaura): «Pace – onore – fede – amore» (Scene 1)
  • Nr. 2 Kor: «Più dolci, e placide spirano l'aure» (Scene 3)
    • Cavatina (Amenaìde) «Come dolce all'alma mia» (Scene 3)
  • Nr. 3 Resitativ: «Oh patria! dolce e ingrata patria!» (Scene 5)
    • Cavatina (Tancredi): «Tu che accendi questo core» – "Di tanti palpiti» (Scene 5)
  • Nr. 4 Recitativo accompagnato (Argirio): «La morte? / Della patria» (Scene 7)
    • Arie (Argirio): «Pensa che sei mia figlia» (Scene 7)
  • Nr. 5 Resitativ: «Oh qual scegliesti» (Scene 8)
    • Duett (Amenaìde, Tancredi): «L'aura che intorno spiri» (Scene 8)
  • Nr. 6 Kor: «Amori – scendete« – «Alle gloria, or trionfo, agli allori« (Scene 10)
  • Nr. 7 Recitativo istrumentale: «Da chi? – perché...» (Scene 13)
  • Finale I: «Ciel che lessi! oh tradimento!» (Scene 13)

Akt II

  • Nr. 8. Resitativ: «Oddio! Crudel!» (Scen 2)
    • Arie (Argirio, Isaura, kor): «Ah! segnar invano io tento» (Scene 2)
  • Nr. 9. Arie (Isaura): «Tu che i miseri conforti» (Scene 3)
  • Nr. 10. Scene (Amenaìde): «Di mia vita infelice» (Scene 4)
    • Cavatina (Amenaìde): «No, che il morir non è» (Scene 4)
  • Nr. 11. Resitativ: «M'abbraccia Argirio» (Scene 8)
    • Duett (Tancredi, Argirio): «Ah se de'mali miei» (Scene 8)
  • Nr. 12. Resitativ: «Gran dio!» (Scene 10)
    • Aria (Amenaìde): «Giusto dio che umile adoro» (Scene 10)
  • Nr. 13. Kor: «Plaudite, o popoli» (Scene 12)
  • Nr. 14. Resitativ: «Fier incontro! E che vuoi?» (Scene 13)
    • Duett (Tancredi, Amenaìde): «Lasciami: – non t'ascolto» – «Ah sì mora, e cessi omai» (Scene 13)
  • Nr. 15. Aria (Roggiero): «Torni alfin ridente, e bella» (Scene 15)
  • Nr. 16. Scene (Tancredi): «E dove son! Fra quali orror mi guida» (Scene 16)
    • Cavatina (Tancredi): «Ah! che scordar non so» (Scene 16)
    • Kor av sarasenarar: «Segna il terror nella città» (Scene 16)
  • Nr. 17. Finale II: «Tra quei soavi palpiti» (Scene 21)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tancredi
  1. Sørensen, sid 558.