Tatarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 29. mars 2008 kl. 01:17 av VolkovBot (diskusjon | bidrag) (robot la til: ba:Татарҙар)
Fil:Xatin-ir-1.jpg
Tatarar i tradisjonelle klede.

Tatarar (tatarsk Tatarlar/Татарлар) er ei tyrkisk folkegruppe med tatarsk som morsmål. Dei fleste tatarar bur i Russland, der dei er den nest største folkegruppa. Ved folketeljinga i Russland i 2002 var det 5 558 000 menneske som registrerte seg som tatarar, noko som utgjorde 3,8 % av befolkninga i Russland. Den største konsentrasjonen finn ein i republikken Tatarstan der tatarar utgjer eit knapt fleirtal, 51 % av befolkninga, og i naborepublikken Basjkortostan der dei utgjer 28 %, men det bur tatarar over heile Russland. Dei fleste tatarar er sunni-muslimar.

Det fins fleire undergrupper av tatarar, som av og til vert rekna som eigne folkeslag. Desse omfattar mellom anna krim-tatararKrim-halvøya i Ukraina og sibir-tatarar. Ein kompliserande faktor er at det i Russland i tsar-tida var vanleg å kalla tyrkiske folkeslag frå aserbajdsjanarar til sibirske folkeslag for tatarar.

I Europa i mellomalderen vart nemninga tatarar brukt om mongolane. I omtale av russisk mellomalder vert òg uttrykka tatarar og mongolar brukt om ein annan i Russland i dag. Truleg er dagens tatarar resultat av ei assimilering av mongolane, som invaderte store delar av Asia og Aust-Europa på 1200-talet, med nokre av folkeslaga dei hadde erobra, særskilt volga-bulgarane. På 1400-talet fans det fleire mongolsk-tatarske statsdanningar eller khanat: Kazan-khanatet, Astrakhan-khanatet, Krim-khanatet og Sibir-khanatet. Kazan vart erobra av russarane i 1552, Astrakhan i 1556 og Sibir-khanatet i 1582. Krim-khanatet overlevde, til dels som ein vassall av Det osmanske riket fram til 1783.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tatarar