Tau-lepton
Utsjånad
Samansetnad: | Elementærpartikkel |
Gruppe: | Lepton |
Generasjon: | Tredje |
Fundamentalkraft: | Gravitasjon, elektromagnetisk, svak |
Symbol: | τ− |
Antipartikkel: | Antitau (τ+) |
Oppdaga: | Martin Lewis Perl et al. (1975)[1] |
Masse: | 1 776.82±0.16 MeV/c2[2] |
Elektrisk ladning: | −1 e[2] |
Spinn: | 1⁄2[2] |
Eit tau-lepton eller τ-lepton er ein elementærpartikkel og det tyngste leptonet med elektrisk ladning. Tau-leptonet har særs like eigenskapar som elektronet og myonet, som er dei to andre elektrisk ladde leptona. Det er derimot langt tyngre med ein masse på kring 1,8 GeV/c², som er kring dobbelt så tungt som protonet. Levetida til tau-leptonet er kring 3·10–13 sekund, og vart oppdaga i midten av 1970-åra av Martin Lewis Perl. Han fekk Nobelprisen i fysikk for denne oppdaginga i 1995.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «tau-lepton». Store norske leksikon. 14.10.2011.
- ↑ L. B. Okun (1980). Leptons and Quarks. V.I. Kisin (trans.). North-Holland Publishing. s. 103. ISBN 978-0444869241.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 J. Beringer et al. (Particle Data Group) (2012). «Review of Particle Physics. Leptons». Journal of Physics G 86 (1): 581–651. Bibcode:2012PhRvD..86a0001B. doi:10.1103/PhysRevD.86.010001.