Martin Lewis Perl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Martin Lewis Perl
Martin Perl - tau.jpg
Martin Lewis Perl
Fødd 24. juni 1927 (89 år)
Brooklyn i New York
Død 30. september 2014
Nasjonalitet Amerikansk
Yrke fysikar, ingeniør, universitetslærar
Institusjonar University of Michigan
Alma mater Columbia University
Kjend for tau lepton
Medlem National Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences

Martin L. Perl, (fødd 24. juni 1927) er ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt 1995 «for oppdaginga av tau, og for banebrytande bidrag til leptonfysikk». Perl delte prisen med sin landsmann Frederick Reines.

Perl tok eksamen som kjemiingeniør ved Polytechnic Institute i Brooklyn i 1948. Deretter gjekk han over til fysikk og tok ein filosofisk doktorgrad ved Columbia University i 1955.

Perl oppdaga tauonen som er ein tyngre slekting av elektron. Oppdaginga innebar det første teiknet på at ein tredje «familie» av fundamentale partiklar eksisterte. Eksistensen av den tredje familien har stor tyding for fysikarnes tiltro til dagens teoretiske modell, den såkalla standardmodellen. Utan den tredje familien skulle modellen ha vore ufullstendig.

I 2009 mottok Perl ein æresdoktorgrad frå Universitetet i Beograd.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]