Tayma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tayma
landsby
Land  Saudi-Arabia
Koordinatar 27°37′47″N 38°32′38″E
Kart
Tayma
27°37′34″ N 38°32′51″ E
Wikimedia Commons: Tayma

Tayma (arabisk تيماء; òg kalla Tema) er ein stor oase som har vore busett i lange tider, nordvest Saudi-Arabia der handelsruta mellom Yathrib (Medina) og Dumah (al-Jawf) byrja å krysse Nefudørkenen. Tayma ligg 264 km søraust for byen Tabouk og kring 400 km nord for Medina.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arameisk inskripsjon frå Tayma (500-talet fvt.)

Nyare arkeologiske funn har avdekt at Tayma har vore busett sidan bronsealderen. I 2010 vart det funne ein stein nær Tayma med ein inskripsjon frå den egyptiske faraoen Ramses III. Dette var den første hieroglyfiske inskripsjonen på saudiarabisk jord. Basert på denne oppdaginga trur ein at Tayma kan ha vore ein del av ei viktig landrute mellom kysten av Raudehavet og Den arabiske halvøya og Nildalen.[1]

Første gongen oasebyen er nemnt som «Tiamat» er i assyriske inskripsjonar datert attende til 700-talet fvt. Oasen utvikla seg til ein velståande by, rik på vatn og flotte bygg. Tiglath-pileser III tok i mot skatt frå Tayma, og Sennacherib kalla ein av portane i Nineveh for Ørkenporten, og dokumenterte at «gåver frå folket i Sumu'an og Teyme kjem gjennom porten.» Han var rik nok på 600-talet fvt. til at Jeremias profeterte mot byen (Jeremias 25:23). Han vart då styrt av eit lokalt arabisk dynasti kalla qedarittane. Namnet på to dronningar på 700-talet fvt., Shamsi og Zabibei, er òg nedskrive.

Under deler av regjeringstida si budde den babylonske kongen Nabonidus i Tayma for å tilbe og sjå etter profetiar, og let sonen styre Babylon. Tayma var derfor ein viktig stad på denne tida.

Ein har funne kileskriftinskripsjonar som kan vere frå 500-talet fvt. i Tayma. Han er nemnt fleire gonger i Gamletestamentet, der han vert kalla Tema.

I følgje arabiske segner var Tayma busett av eit jødisk samfunn seint i antikken, men om dette er jødane som vart sende i eksil frå Judea eller arabiske etterkomarar av konvertittar er uklårt. I det første hundreåret evt. skal Tayma ha vore ein hovudsakleg jødisk busetnad. Den jødiske diasporaen på tida då Tempelet vart øydelagd, var i følgje Josefus i Partia (Persia), Babylonia (Irak), Arabia, og somme jødar bortanfor Eufrat og i Adiabene (Kurdistan). I Josefus sine eigne ord hadde han informert «dei mest fjerntliggande arabarane» om øydelegginga.[2] Så i førislamsk arabisk poesi vert Tayma ofte omtalt som ein festningsby som høyrte til jødane. Så seint som på 500-talet var Tayma busett av den velståande jøden Samau’al ibn ‘Ādiyā.[3][4]

Tayma og nabobyen Khaybar vart vitja av Benjamin frå Tudela kring 1170, som hevda byen vart styrt av ein jødisk fyrste. Benjamin var ein jøde frå Tudela i Spania. Han reiste til Persia og Arabia på 1100-talet.

Sommaren 1181 gjekk Raynald av Châtillon til åtak på ein muslimsk karavane nær Tayma, trass i ein våpenkvile mellom sultan Saladin og kong Balduin IV av Jerusalem, under eit raid i Raudehavsområdet.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rodolfo C. Estimo Jr. (7. november 2010). «Pharaonic inscription found in Saudi-Arabia». ArabNews. Arkivert frå originalen 10. november 2010. Henta 7. mars 2016. 
  2. Josefus. BJ. 1 – via PACE: Project on Ancient Cultural Engagement. }} gresk: Ἀράβων τε τοὺς πορρωτάτω = Preface to Josephus' De Bello Judaico, artikkel 2.
  3. David Samuel Margoliouth, A poem attributed to Al-Samau’al, Journal of the Royal Asiatic Society: London, 1906
  4. A‘šā, Dīwān al-a‘šā al-kabīr maymūn bn qays: šarḥ wa-ta‘līq, ed. Muḥammad Muḥammad Ḥusayn, Beirut 1968, s. 214, 253 (arabisk)
  5. Gary La Viere Leiser, The Crusader Raid in the Red Sea in 578/1182-83, Journal of the American Research Center in Egypt, vol. 14, s. 87-100, 1977

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]