Tazzjana Khaladovitsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tazzjana Khaladovitsj
Verkeleg namn Таццяна Уладзіміраўна Халадовіч
Statsborgarskap Kviterussland
Fødd 21. juni 1991
Pinsk
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Tazzjana Vladsimiravna Khaladovitsj (fødd 21. juni 1991) er ein kviterussisk spjutkastar frå Brest som i 2016 vart europameister i øvinga.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Khaladovitsj utmerkte seg i 2014-sesongen med personbeste på 63,61 meter i Grodno, og deretter med 61,66 m og femteplass i i europameisterskapen i Zürich. Året etter sigra ho i spjut-tevlinga ved universiaden i Gwangju med eit kast på 60,45 m.

Under EM 2016 i Amsterdam overraska Khaladovitsj stort og vann gullmedaljen med ny landsrekord på 66,34 meter. Sidan i sesongen vart ho nummer fem i sommarleikane i Rio de Janeiro. Med eit kast på 64,05 m enda ho på sjetteplass då VM 2017 fann stad i London. Den 7. juni 2018 forbetra Khaladovitsj den kviterussiske rekorden til 67,47 meter då ho vann spjutøvinga under Bislett Games i Oslo.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]