Kepler Track

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein alpin del av Kepler Track.

Kepler Track er ei 60 km lang[1][2][3][4] sirkulær fotturrute som går gjennom imponerande naturområde på SørøyaNew Zealand, og startar nær byen Te Anau. Ruta går gjennom mange ulike landskapsformer i Fiordland National Park, slike som steinute fjellkammar, høgvaksne, mosegrodde skogar, innsjøstrender, djupe slukter, sjeldne våtmarker og elver. Liksom fjella han går over, er ruta namngjeven etter astronomen Johannes Kepler. Turen er klassifisert som ein av New Zealand Great Walks, og vert administrert av New Zealand Department of Conservation (DOC).

Samanlikna med andre turruter på New Zealand, er denne stien bygd opp til ein svært høg standard. Der er bruer over dei fleste elvene, bordflaker over myrlendt lende, og dei brattaste stigingane har trappetrinn. Det er ein moderat fottur som det tek tre til fire dagar å gjennomføra.

Kepler Track er også staden for Kepler Challenge, eit årleg terrengløp gjennom heile den 60 kilometer lange løypa, som vinnarane fullfører på mindre enn fem timar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Maorisegner fortel at Rakaihautu, den legendariske leiaren på maorimigrasjonskanoen «Uruaokapuarangi», namngav dei store innsjøane då han utforska dei indre delane av Sørøya. I ein peride med regnvêr fann ferdalaget hans ein stor og vakker innsjø som fekk namnet Te Ana Au, som tyder regngrotte, og like sør for denne ein annan innsjø som Rakaihautu gav namnet Roto Ua, sjøen der det regnar støtt. I dag er Roto Ua kjend Manapourisjøen. Kepler ligg mellom desse to innsjøane.

Richard Henry, den første skogvaktaren i Fiordland, budde i mange år ved den sørlege enden av Te Anau-sjøen, og drog ofte ut og gjorde seg kjend i Keplerområdet. James McKerrow kalla høgdedraget opp etter den tyske astronomen Johannes Kepler frå 1600-talet.

Dei første stiane opp til Mount Luxmore vart rydda av Jack Beer for leia til sommarbeite til sauene hans.[5] Mange turruter på New Zealand har utvikla seg frå maori-stiar eller stiar etter utforsking av pionerar. Men Kepler Track vart oppretta i 1988, og opna i februar dette året som «Great Walk» i samband med hundreårsjubileet til Fiordland National Park. Kostnadane vart dekte av turistdepartementet, New Zealand Tourist and Publicity Department. Meininga var å letta trykket på dei populære rutene Milford og Routeburn Track.[2][4] Ruta fekk eit betydeleg bidrag frå den internasjonale ekspedisjonen Operation Raleigh i 1986-87, der deltakarar frå heile verda bygde mykje av gangvegane og hyttene Iris Burn og Mount Luxmore.

Grottene ved Mount Luxmore vart også kartlagde, og Mount Raleigh, ovanfor Iris Burn, vart namngjeve.

Vandring[endre | endre wikiteksten]

Det vert vanlegvis tilrådd å starta turen frå kontrollinngangen ved Te Anau-sjøen. Det er valfritt i kva retning ein ønskjer å gå turen. Dersom tida er knapp, kan turen kortast ned til tre dagar ved å forlata eller starta på ruta ved Rainbow Reach-hengebrua, og køyra dit med bil eller buss.

Sjølv om det er mogeleg å fullføra Kepler med telting, krev dette ein 10-timars gåtur mellom Brod Bay og Iris Burn leirstad. Det er mykje ,lettare å overnatta i Luxmore Hut den første natta, og så halda fram til Iris Burn-leirstaden for overnatting den andre natta, for så å fullføra turen til Rainbow Reach den tredje dagen.

Pris og tilgang til innkvartering varierer betydeleg mellom toppsesongen om sommaren, og lågsesongen om vinteren.

Kepler Track, 3 og 4 dagars turar[1][2][4]
Stad Dag (Full) Dag (Kort) Distanse Tid Omtale
Lake Te Anau Control Gates
45°26′30.5″S 167°41′23″E
1   5,6 km 1,5 timar Ruta følgjer stranda til Te Anau-sjøen gjennom bøkeskog til sandstranda Brod Bay der det er lov å slå leir, og der det er råd å gå inn på, eller forlata ruta ved å leiga båtskyss.
Brod Bay
1 8,2 km 3,5-4,5 timar Frå Brod Bay stig stien opp over sandsteinskrentar til Luxmore Hut (1085 moh. på Mount Luxmore. Ein kort gåtur frå hytta leier til ei grotte, ei av om lag 30 i dette området, fleire av desse er enno ikkje utforska.
Luxmore Hut
2 2 14,6 km 5–6 timar Ei gradvis stiging frå hytta til Luxmore Saddle (1400 m.o.h.), som er det høgaste punktet på hovudruta, og som gjev vidstrekt utsyn ver parken. Det er mogeleg å gå herfrå til toppen av Mount Luxmore (1472 m.o.h.) med ei 360 graders utsikt som omfattar

Te Anau-sjøen.

Der er naudbivuakkar ved Forrest Burn og Hanging Valley – men det er uttrykkeleg forbode å overnatta i desse, utanom i naudstilfelle.

Stien følgjer deretter ein lang, open rygg mot Iris Burn, og går i sikksakk nedeter og inn i ein hengande dal. Deretter går han gjennom skogområde, og har utsikt mot eit jord- og steinrasområde. Hytta Iris Burn Hut (497 moh.) ligg i eit stort, ope område med tussockgras 1,5 km frå eit fossefall i Iris Burn.

Iris Burn Hut
3 3 16,2 km 5 – 6 timar Stien går over ein lpg rygg gjennom blandingsskog til eit større ras om gjekk under eit stort regnvêr i januar 1984. Så går han på skrå gjennom ei slukt, og kjem ut på elveflatene nær munninga til Iris Burn. Han følgjer så innjøen langs Shallow Bay til Moturau Hut, som ligg ved ei vakker trand med panoramautsyn over Manapourisjøen.
Moturau Hut
45°28′54″S 167°36′37″E
4 6 km 1,5 – 2 timar Dette korte partiet kryssar mange mindre bekker, før han går langs Waiauelva fram til hengebrua ved Rainbow Reach, der det er ein parkeringsplass og busstransport for fotturistar.
Rainbow Reach Hengebru
45°29′27″S 167°39′45″E
  9,5 km 2,5 - 3,5 timar Det småkuperte sporet går gjennom blandingsskog og kryssar mange mindre bekker, før det når attende til kontrollporten.
Lake Te Anau Control Gates

Lake Te Anau Control Gates ligg om lag 4,6 km[2] frå informasjonssenteret ttil DOC i Te Anau.

Luxmorehytta og Te Anau-sjøen frå Kepler Track.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Kepler Track ligg sørvest på Sørøya. Dei næraste busetnadane er Te Anau, 4,6 kilometer unna[2] og Manapouri, som båe har rikeleg med tilgang på husly, og butikkar som fører alle former for turutstyr.

Ein når fram til Kepler Track via Lake Te Anau Control Gates, anten etter vegen, eller ein 50 minuttars gåtur frå informasjonssenteret til Fiordland National Park i Te Anau, eller over hengebrua over Waiauelva ved Rainbow Reach, ein 10 minuttars biltur (12 kilometer) frå Te Anau.

Om sommaren går skyttelbussar til og frå start- og sluttpunkta for ruta, og der er rutebåtsamband til Brod Bay.

Hytter og leirstadar[endre | endre wikiteksten]

  • Brod Bay leirstad
  • Luxmore Hut (hytte)
  • Iris Burn Hut (hytte)
  • Iris Burn leirstad
  • Moturau Hut (hytte)

Som med dei fleste hyttene langs Great Walks of New Zealand, må ein reservera på førehand hjå DOC. [6].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Gordon Hosking; Michele Hosking; Peter Kamp; John Kamp (2002). Kiwi Footpaths Track Guide No.2 The Kepler. Kiwi Footpaths Limited. ISBN 0-473-08820-7. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 New Zealand Department of Conservation. Kepler Track [kart], 3-utgåve, 1 : 60,000, Parkmap. Kartografi av GeoSmart (NZ) Ltd. (2003)
  3. Jim DuFresne (november 2006). Tramping in New Zealand (6 utg.). Victoria, Australia: Lonely Planet Publications Ply Ltd. s. 302. ISBN 1-74059-788-5. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Kepler Track» (PDF). New Zealand Department of Conservation. 2014. Henta 21. juli 2015. 
  5. «Kids Restore The Kepler History». 2013. Henta 21. juli 2015. 
  6. http://milfordtrack.net/ew-zealand-great-walks-information-hiking-packing-safety-tips/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kepler Track