Terje Grøstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terje Grøstad
Terje Grøstad (cropped).jpg
Fødd 16. desember 1925
Drammen
Død

10. juli 2011

Yrke kunstmålar, grafikar, illustratør

Terje Grøstad (16. desember 192510. juli 2011) var ein norsk grafikar.

Terje Grøstad vart fødd i Drammen, der faren var bokhandlar. I 1936 flytta familien til Lier og året etter til Asker før dei i 1945 busette seg i Oslo.

I 1945 vart Grøstad elev ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole under Karl Høgberg, og frå 1946 til 1947 var han elev ved Bjarne Engebrets Malerskole. Frå 1947 til 1950 var han elev av professor Per Krohg ved Statens kunstakademi.

I 1950 vart han gift med Synnøve Svartdal. Dei busette seg i Flatdal. Grøstad hadde òg atelier på Aunevik i Lyngdal. Kunsten hans er i første rekkje knytt til landskapet i Telemark og ved Lista, men han er òg kjend som kyrkjekunstnar, både med måleri, trearbeid og glasmåleri.

Terje Grøstad har hatt ei rad separatutstillingar og delteke i mange kollektivutstillingar. Han har illustrert bøker og laga utsmykkingar til kyrkjer over heile landet. Han er m.a. representert i Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet, Stocholm Nationalmuseum og Oregon State University.

I 1992 fekk han Telemark fylkes kulturpris. Ifylgje Nrk.no vart han i 1996 tildelt Kongens fortenestmedalje i gull for verksemda si. Grøstad døydde i 2011 etter kort tids sjukdom.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]