Terje Smevold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terje Smevold
Fødd 1967 (54 år)
Yrke langrennsløpar

Terje Smevold (fødd 1967) er ein tidlegare langrennsløpar frå Elverum.

Han slo seg gjennom som nasjonal toppløpar i 1990-sesongen, det vart også hans beste sesong. Under NM på Gjøvik vann han bronsen bakom gullvinnaren Kristen Skjeldal og Bjørn Dæhlie på sølvplassen. Seinare i sesongen kom han på 13. plass på 30 km jaktstart i Lahti, hans sterkaste prestasjon i verdscupen i langrenn. I sesongane som kom makta han ikkje å fylgje opp.

Smevold tevla i yngre år for Hernes Idrettslag, seinare for Bjerke Idrettslag og Nannestad Skiklubb. Saman med Øyvind Mobakken og Bjørn Dæhlie sikra han Nannestad gullmedaljen på NM-stafetten over 3 x 10 km i åra 1994, 1995 og 1996.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1990: Bronsemedalje på 30 km på Gjøvik
  • 1993: Nr 8 på 10 km på Lillehammer
  • 1994: Nr 7 på 30 km i Vegårshei, gull i stafett
  • 1995: Nr 10 på 10 km i Oslo, gull i stafett
  • 1996: Nr 10 på 30 km i Stryn, gull i stafett
  • 1997:
  • 1998: Nr 6 på 10 km i Alta

Han la opp i 2000.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar