Tarsis på Mars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tharsis)
Gå til: navigering, søk
Skyer heng over vulkantoppane på dette Mars Global Surveyor-biletet av Tarsis-platået. Olympus Mons kan sjåast oppe til venstre. I midten ligg dei tre Tharsis Montes-vulkanane Ascraeus Mons (topp), Pavonis Mons (midten) og Arsia Mons (botn).

Tarsis eller Tharsis eir eit enormt vulkansk platå nær ekvator på Mars. Det ligg ved den vestre enden av Valles Marineris. Namnet kjem frå Bibelen, der Tarsis var namnet på landet som var det vestlegaste punktet i den kjende verda. [1]

Storleiken til Tarsis har hatt mykje å seia for geologien på Mars. Tarsis er omgitt av eit ringforma topografisk søkk som blir kalla Tarsis-trauet. På motsett side av planeten ligg ein mindre bulk kalla Arabia Terra som kan ha blitt forma som eit resultat av vekta av Tarsis.

Dei store mengdene av karbondioksid og vassdamp som kan ha blitt utgassa frå Tarsis-magmaen kan òg ha hatt mykje å seia for Mars sine våtare epokar.

Nord for Tarsis ligg den spesielle skjoldvulkanen Alba Mons.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]