Hopp til innhald

Marsmånen Deimos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deimos
Deimos fotografert av Mars Reconnaissance Orbiter
Oppdaging[1]
Oppdaga avAsaph Hall
Oppdagingsdato12. august 1877
Baneskildring[2]
23 458 km
Eksentrisitet0,0002
1,2624 dagar
4 864,8 km/t
Banehelling1,788°
Satellitt avMars
Fysiske eigenskapar
Snittdiameter
12,4 km[2]
483,05 km²[2]
Masse1,4762 × 1015 kg[2]
1,471 g/cm³[2]
0,003 m/s²[2]
20 km/t[2]
bunden[2]
Albedo0,08 (synleg geometrisk)[3]
Temperatur~313 K

Deimos er den ytste og minste av dei to marsmånane. Han vart oppdaga den 12. august 1887 av den amerikanske astronomen Asaph Hall og er namnsett etter Deimos i gresk mytologi.

Deimos nyttar 30,3 timar på eit krinslaup rundt Mars.

Fysiske eigenskapar

[endre | endre wikiteksten]
Overflata av Deimos frå 30 km (Viking, 1977).[4]

Deimos har, som den månen til Mars, Phobos, eit spekter, albedo og tettleik som minnar om ein C- eller D-type-asteroide. Som dei fleste lekamar av denne storleiken, er forma på Deimos uregelmessig og ikkje kuleforma, med dimensjonane 15 × 12,2 × 11 km[5] noko som gjer han til 0,56 gonger storleiken til Phobos. Deimos består av bergartar som er rik på karbonhaldige materiale, som dei fleste C-type-asteroidane og karbonhaldige kondritt-meteorittar. Han har krater, men overflata er langt glattare enn overflata på Phobos, dels fordi kratera er fylte med regolitt. Regolitten er særs porøs og har ein radar-estimert tettleik på berre 1,471 g/cm3.[6] Dei to største kratera, Swift og Voltaire, måler berre kring 3 km i diameter.

Han har ein frigjeringssnøggleik på 5,6 m/s[7] og tilsynelatande storleiksklasse på 12,45.[8]

Geologiske kjennemerke

[endre | endre wikiteksten]

Det er berre to geologiske kjennemerke på Deimos som har fått namn. Kratera Swift og Voltaire er kalla opp etter forfattarar som spekulerte i om det fanst to Mars-månar før Phobos og Deimos vart oppdaga.[9]

DEIMOS[10]
KraterKalla opp etterKoordinatarDiameter (m)
SwiftJonathan Swift12°30′N 358°12′W / 12.5°N 358.2°W / 12.5; -358.2 (Swift)1000
VoltaireVoltaire22°00′N 3°30′W / 22°N 3.5°W / 22; -3.5 (Voltaire)1900[11]
  1. ↑ Planet and Satellite Names and Discoverers - Gazetteer of Planetary Nomenclature
  2. 1 2 3 4 5 6 7 8 Deimos: Facts & Figures Arkivert 2012-10-12 ved Wayback Machine. - NASA Solar System Exploration
  3. ↑ Mars Fact Sheet - NSSDC
  4. ↑ Deimos - Viking 2 Orbiter
  5. ↑ «Deimos». Henta June 6, 2014.
  6. ↑ Busch, M. W.; et al. (2007). «Arecibo Radar Observations of Phobos and Deimos». Icarus. 186 (2): 581–584. Bibcode:2007Icar..186..581B. doi:10.1016/j.icarus.2006.11.003. {{cite journal}}: Explicit use of et al. in: |author= (hjelp)
  7. ↑ «Mars: Moons: Deimos». NASA solsystemet Exploration. 30. september 2003. Arkivert frå originalen 2012-10-12. Henta 23. mai 2016. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  8. ↑ «Planetary Satellite Physical Parameters». JPL (solsystemet Dynamics). 13. juli 2006. Henta 23. mai 2016.
  9. ↑ of Planetary Nomenclature[daud lenkje], USGS Astrogeology Research Program
  10. ↑ Lakdawalla, Emily (9. mars 2009). «Mars Reconnaissance Orbiter eye candy: HiRISE images Deimos». Planetary Society. Henta 1. april 2015.
  11. ↑ Nomenclature: Crater, craters[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Marsmånen Deimos