Ascraeus Mons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ascraeus Mons
Ascraeus Caldera Wall PIA05977.jpg
Mars Global Surveyor-bilete av kalderaen til Ascraeus Mons. Bilete: NASA/JPL/Malin Space Science Systems
Koordinatar11,3° N, 104,5°V
Høgd18 km
EponymLatinsk - Ascraeus Lacus - klassisk namn på albedoformasjonar.
Topografien til Ascraeus Mons og kringliggjande område

Ascraeus Mons er den nordlegaste av tre vulkanar kjende som Tharsis MontesTharsis-platået nær ekvatoren til Mars. Sør for vulkanen ligg Pavonis Mons og den sørlegaste vulkanen i vulkankjeda, Arsia Mons. Den høgaste vulkanen i solsystemet, Olympus Mons, ligg nordvest for Ascraeus Mons.

Ascraeus Mons vert rekna for å vera ein av dei høgaste vulkanane på Mars. Toppen rekk omtrent 18 km over nullhøgdnivå på Mars og opplever eit atmosfæretrykk på mindre enn 0,8 mbar (80 Pa). Vulkanen er 460 kilometer i diameter. [1]

Fotnoteliste[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]