The Beau Brummels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Beau Brummels
The Beau Brummels - Village of the Giants trailer.jpg
The Beau Brummels i Village of the Giants (1965). Frå venstre: Ron Elliott, Declan Mulligan, Sal Valentino, Ron Meagher, John Petersen.
OpphavSan Francisco i California i USA
Aktiv1964–69, 1974–75
SjangerRock, pop, folkrock, countryrock
PlateselskapAutumn, Vault, Warner Bros., Bay Sound Records
Tidlegare medlemmerSal Valentino
Ron Elliott
Ron Meagher
Declan Mulligan
John Petersen
Don Irving

The Beau Brummels var eit USA-amerikansk band. Dei vart skipa i San Francisco i 1964 og bestod opphavleg av Sal Valentino (solovokal), Ron Elliott (sologitar), Ron Meagher (bassgitar), Declan Mulligan (rytmegitar, bass, munnspel) og John Petersen (trommer). Dei vart oppdaga av lokale DJ-ar som leita etter nye artistar å signere til det nye selskapet deira, Autumn Records, der Sylvester Stewart—seinare kjend som Sly Stone—produserte dei tidlege innspelingane deira. Opphavleg var musikkstilen deira ei blanding av beat-musikk og folkemusikk og dei vart ofte samanlikna med The Beatles, medan dei seinare spelte stilartar som psykedelisk rock og countryrock.

The Beau Brummels slo gjennom med debutsingelen sin, «Laugh, Laugh». Med denne songen vart dei seinare rekna for å ha sett eit av dei estetiske grunnlaga for San Francisco-stilen, i lag med andre band som The Charlatans. Songen er oppført på lista til Rock and Roll Hall of Fame over «500 songar som forma rock and roll».[1] Populariteten deira fortsette med det påfølgjande albumet, Introducing The Beau Brummels i 1965, og topp 10-singelen «Just a Little». Salstala dalte året etter, då Autum Records, som sleit med økonomiske problem, vart kjøpt opp av Warner Bros. Records. Etter å ha spelt inn eit album med coversongar, Beau Brummels '66, gav bandet ut eit par kritikarroste album, Triangle i 1967 og Bradley's Barn i 1968.

Det var stadig endringar i besetninga til bandet, som byrjar med at Mulligan slutta i 1965. Gitaristen Don Irving kom inn i bandet seint i 1965, då Ellito byrja å slite med anfall som følgje av diabetes, slik at han ikkje lenger kunne turnere med bandet. Kort tid etter utgjevinga av Beau Brummels '66, slutta Irving i gruppa då han vart kalla inn i hæren. Petersen slutta for å bli med i Harpers Bizarre, og The Beau Brummels vart redusert til ein trio for innspelinga av Triangle. Meagher vart trekt ut til militærteneste i 1968, og berre Valentino og Elliott var att som bandmedlemmar. Duoen arbeidde med studiomusikarar i Nashville for innspelinga av Bradley's Barn før dei gav seg i 1969 for å fokusere på solokarriere og andre prosjekt.

Fire av dei originael medlemmane i bandet kom saman i 1974 og gav ut eit sjølvoppkalla album året etter.

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Original besetning[endre | endre wikiteksten]

  • Sal Valentino – solovokal, tamburin (1964–1969, 1974–1975)
  • Ron Elliott – sologitar, korvokal, stundom vokal (1964–1969, 1974–1975)
  • Ron Meagher – bass, korvokal, stundom vokal (1964–1967, 1974)
  • Declan Mulligan – rytmegitar, munnspel, korvokal, stundom vokal (1964–1965, 1974–1975)
  • John Petersen – trommer, stundom solovokal (1964–1966, 1974–1975; død 2007)

Seinare medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Don Irving – gitar, korvokal (1965–1966)
  • Dan Levitt – banjo, gitar (1974–1975)
  • Peter Tepp – trommer (fullførte turné i 1975)

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

  • Note: The Beau Brummels var inaktive frå 1969 til 1974.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: The Beau Brummels