The Beau Brummels av The Beau Brummels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Beau Brummels
Studioalbum av The Beau Brummels
Utgjeve April 1975
Innspelt 1974
Warner Bros. Recording Studios
The Burbank Studios and
Sunwest Recording Studio
Sjanger Folkrock, countryrock, poprock
Lengd 32:06
Selskap Warner Bros.
Produsent Lenny Waronker
Ted Templeman
The Beau Brummels-kronologi
Bradley's Barn
(1968)
The Beau Brummels


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

The Beau Brummels er det sjette studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Beau Brummels, gjeve ut i april 1975. Det var det første albumet deira med alle dei fem originale medlemmane sidan debutplata Introducing the Beau Brummels i 1965. Albumet nådde 180. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista i 1975.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Det førre albumet deira Bradley's Barn kom ut i 1968, og bandet bestod på den tida av ein duo som bestod av songaren Sal Valentino og gitaristen Ron Elliott, som vart oppløyst like etter albumet kom ut.[2] Valentino spelte inn eit par solosinglar for Warner Bros. Records før han skipa eit nytt band, Stoneground, som gav ut tre album mellom 1971 og 1973. Elliott arbeidde på album med The Everly Brothers, Van Dyke Parks, Randy Newman, Little Feat og Pan. Elliott gav òg ut soloalbumet The Candlestickmaker i 1970.[2]

I februar 1974 rapporterte Billboard at The Beau Brummels var komen saman att i San Francisco.[3] Resultatet vart eit sjølvoppkalla album med nytt materiale som kom ut i april 1975. Ein song, «You Tell Me Why», som vart ein topp 40-hit i USA for bandet i 1965,[4] vart spelt inn på nytt for dette albumet. «Down to the Bottom» vart framført med Ronnie Montrose på sologitar. The Beau Brummels nådde 180. plassen på Billboard 200-lista.[5] Musikkritkaraen Matthew Greenwald i Allmusic sa at albumet «var ein av dei mest suksessrike sameiningsprosjekta nokon gong.»[6] Men i følgje Valentino sjølv: «Me hadde ikkje spelt i lag på lenge, og albumet synte det godt, og me var ikkje på rett stad lenger.»[2]

Sjølv om prosjektet starta med alle dei opphavlege medlemmane, slutta Ron Meagher i gruppa under produksjonen og før biletet for baksida av omslaget, der ein derfor berre kan sjå fire medlemmar.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«You Tell Me Why»Elliott3:15
2.«First in Line»Elliott, Engle2:59
3.«Wolf»Elliott2:23
4.«Down to the Bottom»Elliott, Engle3:24
5.«Tennessee Walker»Elliott3:14
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Singing Cowboy»Elliott3:17
7.«Goldrush»Elliott, Engle3:20
8.«The Lonely Side»Elliott4:34
9.«Gate of Hearts»Elliott3:00
10.«Today By Day»Elliott, Engle2:36

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
U.S. Billboard 200 180[5]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. 2,0 2,1 2,2 Unterberger, Richie (2000). Urban Spacemen and Wayfaring Strangers: Overlooked Innovators and Eccentric Visionaries of '60s Rock. San Francisco: Miller Freeman, Inc. s. 181. ISBN 978-0-87930-616-8. 
  3. «Inside Track». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.) 86 (6): 62. 9. februar 1974. Henta 22. oktober 2020. 
  4. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits (8th utg.). New York: Billboard Books. s. 53. ISBN 978-0-8230-7499-0. 
  5. 5,0 5,1 «The Beau Brummels - Charts & Awards - Billboard Singles». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 22. oktober 2020. 
  6. Greenwald, Matthew. «The Beau Brummels - Overview». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 22. oktober 2020.