Just a Little av The Beau Brummels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Just a Little
Singel av The Beau Brummels
frå albumet Introducing the Beau Brummels
Utgjeve April 1965
Innspelt 4. februar og 12. mars 1965
Studio Coast Recorders, Inc. i San Francisco i California
Sjanger Garasjerock, folkrock
Lengd 2:25
Selskap Autumn
Låtskrivar(ar) Ron Elliott, Bob Durand
Produsent Sylvester «Sly Stone» Stewart
The Beau Brummels-kronologi
«Laugh, Laugh»
(1964)
Just a Little «You Tell Me Why»
(1965)


«Just a Little» er ein song av den amerikanske rockegruppa The Beau Brummels. Songen kom ut på debutalbumet deira, Introducing the Beau Brummels i 1965, og vart gjeven ut som den andre singelen deira, etter «Laugh, Laugh». «Just a Little» vart den største hitten deira i USA og nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 i juni 1965. Han nådde òg topp 10 i Canada og Australia.

Songen var skriven av gitaristen Ron Elliott med samarbeidspartnaren Bob Durand, og innspelinga var produsert av Sylvester Stewart, seinare kjend som Sly Stone. Eit konsertopptak av songen frå 1974 kom ut i 2000 på albumet Live! «Just a Little» har blitt spelt av andre artistar som The Young Rascals, Nils Lofgren, The Smithereens og Frank Black.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"-singel
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Just a Little»Elliott, Durand2:10
2.«They'll Make You Cry»Elliott3:03

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1965) Plassering
Australian Singles Chart 10
Canadian Singles Chart 4
U.S. Billboard Hot 100[1] 8
U.S. Cash Box Top 100 Singles[2] 7

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Beau Brummels - Charts & Awards - Billboard Singles». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 24. august 2009. 
  2. «Cash Box Top 100 6/12/65». cashboxmagazine.com. Henta 24. august 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]