The News Letter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
News Letter

Formelt fullt namn er The Belfast News Letter
LandStorbritannia[1]
TypeAvis[1]
FormatTabloid
Grunnlagd1737
EigararJohnston Publishing (NI), holdingselskap for Johnston Press
Redaktør(ar)Alastair Bushe
SpråkEngelsk
Politisk posisjonNord-irsk unionisme/Britisk unionisme
Nettstadhttp://www.belfasttoday.net/ (engelsk)

The News Letter er den eldste engelskspråklege avisa i verda, og har kome ut i Belfast i Nord-Irland sidan 1737.[2][3] Då avisa vart til gjekk ho under namnet The Belfast News-Letter and General Advertiser, og kom ut på tysdagar og fredagar.[4] Seinare kom utviding til tre utgjevingar i veka, og frå 1855 har News Letter vore dagsavis.

Grunnleggjaren Francis Joy (1697-1790) åtte frå før ein papirfabrikk.[5] Den fremste lokale konkurrenten er i dag den unionsvenlege avisa Belfast Telegraph. Fram til 1963 då den unionistiske Belfast-avisa Northern Whig gjekk inn,[6] var ogso denne avisa ein konkurrent for News Letter. Den moderat nasjonalistiske Irish News tevlar med News Letter i opplagstal, men i mindre grad om lesarar på grunn av at avislesarar i Belfast i høg grad er ideologisk segmentert i bustadområde som stort sett er totalt dominerte av anten irsk unionisme eller irsk nasjonalisme. I dei seinare åra har opplagstalet for News Letter falle, og gjennomsnittsopplaget for perioden juli til desember 2018, var 12 499.[7]

News Letter har hovudkontor i Donegall Square i Belfast sentrum. Før delinga av Irland hadde avisa ei viss spreiing over heile Irland. Avisa publiserer og for andre utgjevarar, til dømes for Ulster-Scots Agency (The Ulster-Scot). Historiske utgåver av News letter heilt attende frå 1828 er tilgjengelege for digitale søk og lesing frå British Newspaper Archive.[8]

Eigarskap[endre | endre wikiteksten]

Dei som overtok kontrollen i 1795 var Henderson-slekta, og dei heldt på den heilt til ved inngangen til 1990-talet.[9] I 1960 freista News Letter å overta konkurrenten Belfast Telegraph, og grunngav dette med interesse av å unngå utanlandsk oppkjøp. Seinare (1989) kjøpte Thomson Regional Newspapers (som då åtte Belfast Telegraph) News Letter.[10] Sidan 2005 har Johnston Press ått News Letter gjennom holdingselskapet Johnston Publishing (NI).

Henderson-familien var ein del av den unionistiske eliten og var knytt til Orangeordenen. James Henderson (1848-1914), var til dømes administrerande direktør for The News Letter frå 1883 til 1914. Han var òg den fyrste Lord Mayor of Greater Belfast (1900) og den fyrste High Sheriff of Belfast (1900). Det siste i rekkja av Henderson-eigarar, var Bill Henderson, Oscar William James Henderson (1924-2010). Han har og leidd mediekonserna Century Newspapers og Ulster Televison, vore leiar for PR-komiteen til Ulster Unionist Party, representert partiet i regionsparlamentet i Belfast 1953-1958 og vore med i Orangeordenen.[11] I tråd med denne eigartradisjonen har News Letter hatt ein tydeleg unionistisk politisk profil, mindre liberal enn den unionistiske konkurrenten Belfast Telegraph.

Historie og politisk orientering[endre | endre wikiteksten]

The News Letter var den fyrste avisa i Europa som kunngjorde den amerikanske revolusjonen, den amerikanske sjølvstendefråsegna frå 1776 vart prenta på fyrstesida 27. august dette året, berre 54 dagar etter ho vart underskrive. Avisa hadde då klåre sympatiar med den amerikanske og republikanske revolusjonen. Sonesonen til grunnleggjar Francis Joy, Henry Joy, leidde avisa frå 1782. Under den franske revolusjonen støtta han og avisa denne. Joy-familien forlet styringa av News Letter i 1795, då avisa fekk skotsk eigarskap. Henry tykte han likevel ikkje om det fyrste irsk-republikanske opprøret - United Irishmen (1798). Syskenbornet Henry Joy McCracken var framståande leiar for dette mislukka opprøret. The News Letter vart då ein forsvarar av Britisk styre, og av United Kingdom of Great Britain and Ireland etter Act of Union (1800). Då den irske frigjeringskrigen(1919-1921) pågjekk, la News Letter einsidig skulda for krigen på den katolske kyrkja som News Letter meinte var hatefull og maktsjuk.[12] Etter at Government of Ireland Act (1920) delte den irske øya, har News Letter konsekvent forsvara Det Sameinte Kongedømet Storbritannia og Nord-Irland, og det har vorte oppsummert at avisa hadde ein «oppslagstavlefunksjon» for irsk unionisme.[13] News Letter hjelpte likevel (den nasjonalistiske) Belfastavisa Irish News med lån av prenteverk då Irish News vart bomba under tysk flyåtak våren 1941.[14] Denne hjelpa var eit eingongstilfelle i ei lang historie av ideologisk rivalisering, periodevis ogso sterk antagonisme. Historisk har News Letter skjerpa sin unionistiske og antinasjonalistiske profil kvar gong Det Sameinte Kongedømet har vore rekna for truga. Dette galdt til dømes under konfliktane om Irsk Home Rule, etter Påskeopprøret i 1916, under Den irske frigjeringskrigen (1919-1921), ved delinga av Irland etter Government of Ireland Act (1920) , då Irland gjekk ut av Det Britiske Samveldet(1949) og under «the Troubles» i Nord-Irland (1969-1998). I 1984 vart avisa til dømes omtala som rabiat lojalistisk (= rabiat militant unionistisk) på slutten av 1950-talet i ei mediekritisk fagbok.[15] Då den største unionsvenlege massemobiliseringa i nyare tid kom i samband med den anglo-irske avtala i 1985, var News Letter ein pådrivar og langt på veg ein organisator for den breie unionistiske motstandsfronten.[16] Mellom anna slo News Letter fast at 10 % av den «protestantiske delen av samfunnet» ville støtta væpna opprør mot avtala og styresmaktene, og at dette fortalde mykje om det sinnet og den kjensla av svik som normalt lovtrugne borgarar då kjende.[17] News Letter meinte då at avtala innebar britisk-irsk samstyre over Nord-Irland, og at dette var eit steg på vegen mot oppløysing av det Sameinte Kongedømet og eit samla Irland. News Letter vart då rekna som den mest kritiske av (dei unionistiske) lokalavisene.[18] I dei seinare åra har News Letter dempa tonen noko, men er framleis klårt unionistisk og har vore sterkt urolege for og kritiske til framvoksteren til det republikanske partiet Sinn Féin, som no er det største partiet i Belfast og utfordrar det største unionistpartiet (Democratic Unionist Party) i skarp rivalisering om å verta det største partiet i Nord-Irland

Tidlegare redaktørar[endre | endre wikiteksten]

  • Cowan Watson
  • Kenneth Withers
  • John Trew
  • Sam Butler
  • Geoff Martin
  • Nigel Wareing (-2004)[19]
  • Austin Hunter (2004-2006)
  • Darwin Templeton

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 https://www.newspapers.com/papers/; vitjingsdato: 5. oktober 2020.
  2. «Research guide: Irish news & newspapers». Arkivert frå originalen 9. august 2007. , Boston College, 13. desember 2004, henta 25. september 2006
  3. Ruth Johnston, Your place and mine: Belfast News Letter, BBC, henta 25. september 2006
  4. Hugh Shearman (1987); News Letter 250 years 1737-1987. A History of The Oldest British Newspaper. Belfast, News Letter s.9
  5. Kate Newman (1993); Dictionary of Ulster Biography. Belfast, Institute of Irish Studies - Queens University of Belfast s. 122
  6. S.J. Connolly (red.)(1999); The Oxford Companion to Irish History. Oxford, Oxford University Press, s. 394 (oppslagsordet Northern Whig)
  7. https://www.abc.org.uk/product/2197
  8. Digitised copies of the Belfast News Letter
  9. Shearman (1987: 18), og s. 9 -føreord av Kaptein Oscar William James Henderson.
  10. Malcolm Brodie (1995); The Tele. A History of the Belfast Telegraph. Belfast, Blackstaff Press, s. 276, 2044ff.
  11. John F. Harbinson (1973); The Ulster Unionist Party 1882-1973. Its development and organisation. Belfast, Blackstaff s. 192.
  12. Dennis Kennedy (1988); The Widening Gulf: Northern Attitudes to the Independent Irish State 1919-1949. Belfast, Blackstaff Press s. 40
  13. John Horgan (2001); Irish Media. A Critical History since 1922. London & New York, Routledge s. 22
  14. Eamon Phoenix red. (1995); A Century of Northern Life. The Irish News and 100 Years of Ulster History 1890s-1990s. Belfast, Ulster Historical Foundation s. 32
  15. Liz Curtiz (1984); Ireland: The Propaganda War. The British Media and the Battle for Hearts and Minds. London, Pluto Press, s. 21.
  16. Roar Madsen (1994); Den anglo-irske avtala av 1985. Perspektiv på avtala og det unionistiske motstandet mot henne. Trondheim, Hovudoppgåve i historie – Universitetet i Trondheim. Sjå særleg kap 11 s. 203-216 for ei rad døme på korleis avisa tolka avtala i tråd med den breie unionistiske fronten, og korleis ho spreidde og støtta unionistleiarane sine tolkingar og organiserte motstandsframstøytar
  17. News Letter, 25. november 1985.
  18. David Miller (1994); Don't mention the War. Northern Ireland, Propaganda and the Media. London, Pluto Press s. 86
  19. O'Carroll, Lisa (27. februar 2004). «Hunter takes charge at News Letter». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]