The Snow Goose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Snow Goose
Studioalbum av Camel
Utgjeve April 1975
Innspelt Island Studios, Decca Studios (ekstra lydspor) i London
Sjanger Progressiv rock, instrumental rock
Lengd 43:05
Selskap Gama/Decca
Produsent David Hitchcock
Camel-kronologi
Mirage
(1974)
The Snow Goose Moonmadness
(1976)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

The Snow Goose er det tredje studioalbumet til bandet Camel, utgjeve i 1975. Etter at dei fekk god kritikk[2] for «The White Rider»-suiten (basert på J.R.R. Tolkien sin Ringdrotten for det førre albumet sitt, Mirage frå 1974), vart gruppa inspirert til å skrive meir romaninspirert musikk.[2]

Innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Bandet vurderte fleire romanar å basere det neste albumet sitt på. Ei stund hadde dei planar om å gå for Siddhartha av Hermann Hesse, og somme songar vart skrivne før dei skrinla ideen til fordel for Paul Gallico-romanen The Snow Goose. Namnet på albumet, som opphavleg var The Snow Goose, vart endra til Music Inspired by The Snow Goose etter at Paul Gallico truga med søksmål.[3] Albumet skulle opphavleg ha tekstar basert på tekstane til Gallico, men dette gjekk dei bort frå på grunn av brot på opphavsretten. Musikken vart i hovudsak skriven i løpet av fjorten dagar i ei hytte i Devon i England.[3]

Innspelinga tok til i januar 1975 i Island Studios i London med produsenten David Hitchcock og lydteknikaren Rhett Davies. Seinare vart det lagt til ekstra lydspor i Decca Studios med lydteknikaren John Burns. The London Symphony Orchestra deltok på innspelinga med arrangement av David Bedford.

Frakken på omslaget vart nytta av Andrew Latimer og Doug Ferguson på «Epitaph» for å simulere venger i lufta.

Albumet kom ut i april 1975 og nådde til slutt 22. plassen på den britiske albumlista den sommaren.[4] Han låg 13 veker inne på lista og selde til sølvplate. I USA kom albumet ut i juli og nådde 162. plassen. Albumet vart òg ein kritikarsuksess og selde godt i Europa og Japan.[2] I 2014 vart det kåra til det 31. beste progalbumet gjennom tidene av lesarane av magasinet Prog.

2013-utgåva[endre | endre wikiteksten]

The Snow Goose vart spelt inn på ny i mai 2013 og gjeve ut i november som ein hyllest til originalbesetinga. Innspelinga låg tett til originalarrangementet.[5][6]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Suksessen til albumet førte til ein utseld konsert i Royal Albert Hall i London med London Symphony Orchestra i oktober 1975, som seinare kom ut som ein del av eit dobbelt konsertalbum, A Live Record (1978). Melody Maker erklærte Camel å vere «det lysaste håpet» i Storbritannia og dei fekk spele på The Old Grey Whistle TestBBC, der dei framført ein medley av «Snow Goose» og på radioprogrammet In Concert. For å marknadsføre albumet valte Decca å gje ut ein forkorta versjon av «Flight of the Snow Goose/Rhayader» som singel i mai.

Camel la ut på ein kort turné hausten 2013, der dei framførte heile The Snow Goose for første gongen sidan konserten i Royal Albert Hall i 1975.[7] Andrew Latimer fekk med seg Colin Bass, Denis Clement, Guy LeBlanc og Jason Hart for denne turneen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar av Peter Bardens og Andrew Latimer.

Side ein
# Tittel Lengd
1. «The Great Marsh»   2:02
2. «Rhayader»   3:01
3. «Rhayader Goes to Town»   5:19
4. «Sanctuary»   1:05
5. «Fritha»   1:19
6. «The Snow Goose»   3:11
7. «Friendship»   1:43
8. «Migration»   2:01
9. «Rhayader Alone»   1:50
Side to
# Tittel Lengd
10. «Flight of the Snow Goose»   2:40
11. «Preparation»   3:58
12. «Dunkirk»   5:19
13. «Epitaph»   2:07
14. «Fritha Alone»   1:40
15. «La Princesse Perdue»   4:43
16. «The Great Marsh»   1:20
Bonusspor på 2002-utgåva
# Tittel Lengd
17. «Flight of the Snow Goose» (singelutgåve) 2:05
18. «Rhayader» (singelutgåve) 3:09
19. «Flight of the Snow Goose» (alternativ singelutgåve) 2:50
20. «Rhayader Goes to Town» (Konsertopptak frå The Marquee Club) 5:07
21. «The Snow Goose/Freefall» (Konsertopptak frå The Marquee Club) 11:01
Bonusplate på japansk utgåve frå 2009.

Spor 1–11 er konsertopptak frå BBC Radio One-konsert i 1975

 
# Tittel Lengd
1. «Rhayader Goes to Town»    
2. «Sanctuary»    
3. «The Snow Goose»    
4. «Migration»    
5. «Rhayader Alone»    
6. «Flight of the Snow Goose»    
7. «Preparation»    
8. «Dunkirk»    
9. «Epitaph»    
10. «La Princesse Perdue»    
11. «The Great Marsh»    
12. «Selections from The Snow Goose (BBC 2 The Old Grey Whistle Test 1975)»    
Nyinnspeling frå 2013
# Tittel Lengd
1. «The Great Marsh»   2:04
2. «Rhayader»   3:02
3. «Rhayader Goes to Town»   5:20
4. «Sanctuary» (omgjort utgåve) 1:06
5. «Fritha»   1:19
6. «The Snow Goose»   3:12
7. «Friendship»   1:44
8. «Migration» (omgjort utgåve) 2:02
9. «Rhayader Alone» (omgjort utgåve) 1:50
10. «Flight of the Snow Goose»   2:01
11. «Preparation»   3:53
12. «Dunkirk»   5:25
13. «Epitaph» (omgjort utgåve) 2:07
14. «Fritha Alone»   1:39
15. «La Princesse Perdue»   4:46
16. «The Great Marsh»   1:34

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Camel
Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Britiske album (OCC)[8] 22
US Billboard 200[9] 162

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[10] Sølv 60 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewin, Stephen Thomas. «Camel - The Snow Goose (1975) album review at AllMusic». AllMusic.com. Henta 7. november 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Kris. «Snow Goose – Camel | Classic Album Covers». ClassicAlbumCovers.WordPress.com. 
  3. 3,0 3,1 Camel - The Snow Goose (1975) album review at Magenta.co.il
  4. Boone, Brian (2011). I Love Rock 'n' Roll (Except When I Hate It). Penguin. s. 103. ISBN 978-1-101-51731-4. 
  5. «Camel Productions». Official Camel Website. Camel Productions. Henta 8. november 2019. 
  6. «Camel - The Snow Goose (2013 re-recorded version) album releases & credits at Discogs». Discogs. Henta 8. november 2019. 
  7. «Camel - The Snow Goose». The Barbican. Henta 25. juni 2016. 
  8. "Camel | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  9. Illegal name entered Camel/Camel/chart?f=305 "Camel Album & Song Chart History" Billboard 200 for Camel. Prometheus Global Media.
  10. «British album salstrofé – Camel – The Snow Goose». British Phonographic Industry.  Enter The Snow Goose in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go