Hermann Hesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hermann Hesse i Rüschlikon april 1926[1]
Signaturen til Hermann Hesse
Hermann Hesse 1905

Hermann Karl Hesse, pseudonym Emil Sinclair (fødd 2. juli 1877 i Calw i Baden-Württemberg, død 9. august 1962 i Montagnola nær Lugano i kantonen Ticino) var ein tyskspråkleg lyrikar, prosaforfattar og hobbymålar. Dei mest kjende litterære verka hans er Steppeulven, Siddhartha, Peter Camenzind, Demian, Narsiss og Gullmunn, Under hjulet og Glassperlespillet. Tekstane hans handlar mykje om sjølvrealisering, sjølvakting, sjølvrefleksjon og det einskilde individet sin «transendens».

Hesse fekk Nobelprisen i litteratur for 1946, og blei i 1954 tildelt ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Barne- og ungdomsår (1877–1895)[endre | endre wikiteksten]

Foreldreheim og skoletid[endre | endre wikiteksten]

Foreldra til Hermann Hesse, Marie Gundert (1842–1902) og Johannes Hesse (1847–1916), hadde vore misjonærar i India. Då Hermann Hesse blei fødd arbeidde faren for Calwer Verlagsverein, eit forlagshus som spesialiserte seg på teologiske tekstar og skolebøker. Hesse voks opp i ein beskyttande og intellektuell familieatmosfære, men han var ein viljesterk gut med kunstnarlege anlegg som ikkje treivst i det pietistiske oppvekstmiljøet. Medan han gjekk på eit evangelisk-teologisk seminar i Maulbronn[2] i 1892 rømte han frå skolen og blei henta inn att først dagen etter. Dette var starten på ei rad heftige konfliktar med foreldra og ei vandring mellom ulike anstaltar og skolar. I mai 1892 gjorde han eit forsøk på å skyte seg sjølv med revolver og blei sendt til enno ein anstalt. Seinare var han i ein psykiatrisk institusjon ved Stuttgart der han måtte arbeide med hagearbeid og hjelpe til ved undervisninga av psykisk utviklingshemma. Her kulminerte den pubertale trassen, einsemda og kjensla av å bli fornekta av ein uforståande familie. Han kjente seg forlaten av Gud, foreldra og verda, og bak dei stivbeinte pietistiske familietradisjonane såg han berre skinheilagdom.

Lærlingtid[endre | endre wikiteksten]

Bokhandelen Heckenhauer i Tübingen – arbeidsplassen til Hesse i åra 1895–1899. Han var lærling i tre år og tilsett i eitt år.

På slutten av 1892 tok Hermann Hesse til på gymnas i Stuttgart, men året etter avbraut han skolen og starta som bokhandlarlærling i Esslingen am Neckar. Denne læra avbraut han etter tre dagar og byrja våren 1984 på mekanikarlære i klokketårnsfabrikken Perrot i Calw der han var i 14 månader. Det monotone arbeidet med lodding og filing styrkte ønsket til Hesse om å vende tilbake til litteratur og åndsarbeid, så i oktober 1895 var han klar for å gå i gang med bokhandlarlære for alvor. Desse ungdomserfaringane gav han seinare eit litterært uttrykk i romanen Unterm Rad (1906).

Hesse arbeidde som lærling i bokhandlaren og antikvariatet Heckenhauer i Tübingen. Han brukte høvet til å lese teologiske skrifter og Goethe, seinare Lessing, Schiller og tekstar om gresk mytologi. Han byrja å lese Nietzsche i 1895,[3] og Nietzsche sine idear om menneska sine «to impulsar: lidenskap og orden»[4] finn ein att i dei fleste av Hesse sine romanar.[5]

På veg til å bli forfattar[endre | endre wikiteksten]

Tübingen (1895–1899)[endre | endre wikiteksten]

Allereie som tiåring skreiv Hesse ein fabel: Die beiden Brüder, som blei publisert i 1951. I 1896 fekk han gjeve ut diktet Madonna i eit tidsskrift som kom ut i Wien.

Etter avslutta læretid i oktober 1898 blei Hesse tilsett hos Heckenhauer og tente no såpass at han ikkje var økonomisk avhengig av foreldra. På denne tida las han verk frå den tyske romantikken, framfor alt Novalis, Clemens Brentano, Joseph von Eichendorff og Ludwig Tieck. I brev til foreldra skreiv han at han var overtydd om at «for kunstnarar erstattar estetikken moralen.»[6] Hesse gav ut det vesle diktverket Romantische Lieder allereie som bokhandlar hausten 1898, og prosasamlinga Eine Stunde hinter Mitternacht kom sommaren 1899. Ingen selde spesielt bra, av førstnemnde blei det på to år berre seld 54 eksemplar av eit opplag på 600. Forleggaren Eugen Diederichs frå Leipzig var likevel overtydd om dei litterære kvalitetane til verka og såg publiseringa meir som ei hjelpande hand til ein lovande forfattar enn som ei lønsam forretning.[7]

Basel (1899–1904)[endre | endre wikiteksten]

Frå hausten 1899 arbeidde Hesse i bokhandelen R. Reich, eit velakta antikvariat i Basel. I Basel fekk han innpass i eit andeleg-kunstnarleg miljø som han fann svært stimulerande. Samstundes baud Basel på mange sjansar for den einslege ulven Hesse til å trekke seg tilbake og hauste private opplevingar gjennom utfartar og vandreturar. Han fekk gode høve til kunstnarleg sjølvgransking og til å øve opp evna til skriftleg formulering av tankane sine. I året 1900 kom boka Hermann Lauscher, til å begynne med under pseudonym. Same år slapp han unna militærteneste grunna dårleg syn. Syns-, nerveproblem og hovudsmerter sleit han med heile livet.

Hesse slutta i bokhandelen i januar 1901 og kunne følgje sin store draum om eit opphald i Italia. I august same år fekk han arbeid i antikvariatet Wattenwyl i Basel. Samstundes baud det seg fleire og fleire høve til å publisere dikt og korte prosatekster i ulike tidsskrift, og honorara voks seg etterkvart store nok til å bli ei monande ekstrainntekt. Forleggaren Samuel Fischer blei no oppmerksam på han og gav i 1904 ut det som blei Hesse sitt gjennombrot, romanen Peter Camenzind. Frå no av kunne han leve som frittståande forfattar.

Mellom Bodensjøen, India og Bern (1904–1914)[endre | endre wikiteksten]

Ein statue av Hermann Hesse i Gaienhofen. Bilethoggar Friedhelm Zilly
Huset i Gaienhofen
Skrivemaskina til Hermann Hesse

I 1904 gifta Hesse seg med fotografen Maria «Mia» Bernoulli.[8] Saman fekk dei sønene Bruno (1905–1999, kunstmålar og grafikar), Hans Heinrich (1909–2003, dekoratør) og Martin (1911–1968, fotograf). Dei leigde først eit enkelt hus utan innlagd vatn eller elektrisk straum i det som den gongen var den avsidesliggande landsbyen Gaienhofen på halvøya Höri ved Bodensjøen. Etter tre år bygde dei seg eit meir moderne hus i same område. Hesse var mykje på reise, og Mia var ofte åleine med barna i eit stort hus med stor hage. Forholdet dei imellom surna, og i 1912 selde dei huset og flytta til Bern. Psykiske kriser hos begge førde til at dei budde frå kvarandre, og i 1923 tok dei ut skilsmål. Barna budde hos mora.

I Gaienhofen skreiv Hesse sin andre roman, Unterm Rad (1906), der erfaringane frå skoletida fekk ei litterær form. I 1907 slutta han seg til diktaren og naturprofeten Gustav Gräser som introduserte Hesse for austleg filosofi og andelegheit. Hesse tok inn i grotta til Gräser «in den Felsen» ved Ascona, og dette blei til Hesse sitt «heilage land». Monte Verità («Sanningsfjellet») var før og under den første verdskrigen ein samlingsstad for pasifistar, militærnektarar, emigrantar og flyktningar frå dei krigsførande statane. Herfrå finn ein røtene til Legenden aus der Thebais. Opplevingar som læresveinar fekk hos einebuarar i øydemarka blei eit motiv Hesse brukte fleire gonger i diktinga si, heilt fram til livsløpa i Das Glasperlenspiel (1943).

Etter at Hesse vendte attende til eit meir borgarleg liv skreiv han framfor alt noveller og dikt. Den neste romanen, Gertrud (1910), syner at Hesse var havna i ein skaparkrise – han måtte kjempe hardt med dette verket og i sine seinare år heldt han det for å vere mislukka. Då problema i ekteskapet auka, ønskte han å komme vekk, og i 1911 reiste han med kunstmålaren Hans Sturzenegger på ei lang reise til Ceylon og Indonesia. Han fann rett nok ikkje den spirituelle og religiøse inspirasjonen han håpa på, men reisa påverka den seinare forfattarskapen sterkt, først med Aus Indien (1913). Då Hesse kom attende frå Asia flytta familien til Bern i 1912, utan at dette betra tilhøva mellom ektefellane. Hesse skildra desse krisene i romanen Roßhalde.

Første verdskrig (1914–1919)[endre | endre wikiteksten]

den første verdskrigen braut ut meldte Hesse seg som friviljug med den grunngjevinga at han ikkje kunne sitje gjerandslaus ved peisen medan andre unge forfattarar døydde ved fronten. Men han blei funne stridsudugleg og fekk i oppdrag å arbeide i velferdsstenesta for krigsfangar. Den 3. november 1914[9] publiserte han ein avisartikkel i Neue Zürcher Zeitung med tittelen O Freunde, nicht diese Töne der han appellerte til tyske intellektuelle om å ikkje falle for den nasjonalistiske polemikken, dempe stemma og hugse på den felleseuropeiske arven.[10] Det som då skjedde omtala Hesse seinare som eit stort vendepunkt i livet: han blei ståande midt i ein heftig polemikk, den tyske pressa gjekk til åtak på han, han fekk stygge hatbrev, og gamle vener ville ikkje ha meir med han å gjere. Dei einaste som støtta han var Theodor Heuss, som blei den første presidenten i Forbundsrepublikken Tyskland, og den franske forfattaren Romain Rolland som Hesse vitja i august 1915.

Striden med den tyske offentlegheita hadde ikkje heilt stilna før ei rad lagnadstunge hendingar kasta han ned i ei djupare livskrise: faren døydde 8. mars 1916, den tre år gamle sonen Martin fekk ein alvorleg hjernehinnebetennelse og ekteskapet med Maria Bernoulli gjekk i knas. Hesse måtte avbryte tenesta for krigsfangane og starte med psykoterapi.[11]

Politisk og andeleg isolert fann han no attende til sin game ven og guru Gustav Gräser. Gräser hadde nekta krigsteneste og kom med naud og neppe frå det utan å bli skoten. Hos Gräser og kona Elisabeth opplevde Hesse den store snuoperasjonen i livet sitt. Han som opphavleg hadde meldt seg som friviljug til krigsteneste blei no ein ihuga krigsmotstandar og talsmann for militærnekting. Saman med Gräser hadde han kjensla av å vere oppteken i eit forbund av «utvalde» som steig opp på Monte Verità. Den intensive kontakten med Gräser omhandla Hesse i diktinga si: i løpet av tre intensive arbeidsveker i september/oktober 1917 skreiv Hesse romanen Demian (1919), ein litterær bauta over venen. Etter at krigen var slutt gav han ut boka under pseudonymet Emil Sinclair «for ikkje å skremme vekk ungdomen på grunn av det kjente namnet til ein gamal onkel.»[12]

Nye heimar i Ticino (1919–1962)[endre | endre wikiteksten]

Casa Camuzzi (1919–1931)[endre | endre wikiteksten]

Hermann Hesse (1925)
Casa Camuzzi, blyantteikning av Gunter Böhmer.
Casa Camuzzi i Montagnola frå søraust med Hesse sin bustad og balkongen til «målaren Klingsor» frå forteljinga Klingsors letzter Sommer

Då Hesse Hesse kunne vende attende til det sivile livet i 1919 var ekteskapet over. Kona Mia hadde fått ein tung psykose, men sjølv etter at ho var frisk att såg Hesse det som umogleg å tenkje seg eit samliv med ho. Familien blei oppløyst, og prega av erfaringa og med ei kjensle av å ha svikta familien, gav Hesse hendingane ei litterær form i forteljinga Klein und Wagner.

I midten av april 1919 flytta Hesse åleine til kantonen Ticino. Etter nokre korte opphald ulike stader i området slo han seg ned i Casa Camuzzi i landsbyen Montagnola høgt over Lugano. Den nye livssitauasjonen og den vakre omgjevnaden inspirerte Hesse ikkje berre til fornya skriveinnsats, men òg til teikning og akvarellmåling, noko som gav seg tydeleg uttrykk i den neste forteljinga hans, Klingsors letzter Sommer frå 1920.

Året 1922 kom Hesse sin India-roman Siddhartha. Her gav han uttrykk for si kjærleik til indisk kultur og asiatisk filosofi, som han hadde lært å kjenne allereie i foreldreheimen. I 1923 fekk Hesse sveitsisk statsborgarskap – for andre gong – og sa frå seg sitt tyske. Etter at skilsmissa med Mia var ordna gifta han seg i 1924 med Ruth Wenger, men ekteskapet var ikkje lukkeleg og etter tre år blei dei etter hennar ønske skilde.

Dei neste store verka, Kurgast frå 1925 og Die Nürnberger Reise frå 1927, er sjølvbiografiske forteljingar med ei ironisk undertone som peikar fram mot den mest vellukka av romanane til Hesse, Der Steppenwolf frå 1927. Denne boka var for Hesse eit «angstfylt varselrop»[13] før den kommande verdskrigen, og blei i den tyske offentlegheita programmessig møtt med latterleggjering og nedlatande haldningar. Same år feira Hesse sin femtiande fødselsdag og venen Hugo Ball gav ut det som var den første Hesse-biografien.

Kort tid etter den nye suksessromanen fekk Hesse ein ny vår gjennom forholdet til Ninon Dolbin (fødd Ausländer, 1895–1966). Ho kom frå Tsjernivtsi i Bukovina, var kunsthistorikar og hadde korrespondert jamnleg med Hesse frå ho var fjorten år gammal. Saman med henne tilbrakte Hesse i 1928 og 1929 lange vinterferiar i Arosa der han òg blei kjent med Hans Roelli. Resultatet av denne livsendringa frå einsemd til samliv var romanen Narziß und Goldmund (1930). Hermann Hesse skreiv ein fabel til kvar av dei tre ektefellane sine, til Mia Iris (1916), til Ruth Wenger Pictors Verwandlungen (1922) og i 1933 den svært sjøvbiografiske fabelen Vogel; det same namnet han signerte breva til Ninon Dolbin med, og som ho ofte tiltala han med.

Casa Hesse/Casa Rossa (1931–1962)[endre | endre wikiteksten]

I 1931 forlét Hesse leigebustaden i Casa Camuzzi og flytta saman med den nye livsledsagaren inn Casa Hesse (òg Casa Rossa), eit større hus bygd etter Hesse sine ønske. Same år gifta dei seg. Ninon Hesse styrde kvardagen til Hesse, organiserte straumen av vitjande, men tok og del i arbeidet hans, arbeidde med den omfattande korrespondansen og var seinare redaktør då den blei utgjeven.

Glasperlespelaren (1931–1946)[endre | endre wikiteksten]

I 1931 tok Hesse til med utkasta til det siste store verket, det som til slutt fekk tittelen Das Glasperlenspiel. Forteljinga Die Morgenlandfahrt som kom i 1932 er ein forstudie der han skildrar barnekrosstoget inspirert av Gräser sin «Neuen Schar», eit tog av unge menn og kvinner som i 1920 reiste dansande og syngande gjennom Nord-Bayern og Thüringen, eit legendarisk «barnekrosstog» eller «kjærleikskrosstog». Både i Morgenlandfahrt og i Das Glasperlenspiel er det eigentlege grunntemaet venskapen mellom ein læresvein og meisteren hans. På denne tida var Hesse si politiske haldning sterkt prega av ein sivilisasjonskritisk kulturpessimisme. Han betrakta Hitler sin maktovertaking med stor sorg og prøvde på sitt vis å vere ei motvekt til utviklinga i Tyskland: i fleire tiår hadde han publisert bokomtalar i den tyske pressa, og no gjorde han ei enno sterkare innsats som talsmann for jødiske og andre forfølgde forfattarar. Frå midten av 1930-åra våga ingen tyske aviser å offentleggjere artiklar av Hesse meir, sjølv om Suhrkamp kom med ei nyutgåve av Knulp i 1943. Arbeidet med Das Glasperlenspiel var Hesse sin tilflukt frå dei politiske konfliktane og seinare frå skrekkmeldingane frå det tredje riket. Boka, som blei trykt i Sveits i 1943, er ei viktig årsak til at han fekk Nobelprisen i litteratur i 1946. Grunngjevinga til Svenska Akademien er: «för hans inspirerande författarskap, som i sin utveckling mot djärvhet och djup tillika företräder klassiska humanistideal och höga stilvärden.»

Siste år[endre | endre wikiteksten]

Grava til Hermann og Ninon Hesse.
Skulptur på Nikolausbrücke i Calw. Av Kurt Tassotti

Hesse var mindre produktiv etter Den andre verdskrigen. Han skreiv noveller og dikt men ikkje fleire romanar, og korrespondansen blei stendig meir omfattande og distraherande. Om lag 35 000 av breva til Hesse er bevart, og 17 000 av svarbreva.

Hermann Hesse, som utan å vite det leid av leukemi, døydde av eit hjerneslag natta til 9. august 1962. Han blei bisett to dagar seinare på gravplassen Sant’Abbondio i Gentilino ved Montagnola.

Litterær betydning[endre | endre wikiteksten]

Dei tidlege verka til Hesse høyrer til 1800-tals-tradisjonen: lyrikken er heilt og fullt i ein romantisk stil, det same er språket og stilen i romanen Peter Camenzind. Innhaldsmessig gjekk Hesse til åtak på den veksande industrialiseringa og aukande urbaniseringa, og særskild var Monte Verità og Gustav Gräser for Hesse symbolet på den tyske Lebensreforn og den tyske ungdomsrørsla på byrjinga av 1900-talet. Desse to rørslene arbeidde mot materialisme og for ei tilbakevendig til landsbygda, og hadde ei romantisk haldning til tradisjonelle kulturelement, særskild folkesongane. Den antitetiske strukturen i Peter Camenzind som gav seg uttrykk i motsetningane by – land og mann – kvinne finn ein òg i dei seine hovudverka til Hesse, til dømes i Demian og Der Steppenwolf.

Kjennskapen til psykologen Carl Gustav Jung sin arketypelære fekk avgjerande påverknad på Hesse sine verk. Den viste seg først i Demian der han tolkar personen og bodskapen til venen Gustav Gräser ved hjelp av Jung sine psykologiske teoriar. Eit sentralt tema for Hesse var ein eldre ven og meister som syner eit ungt menneske vegen til å vinne sjølvinnsikt. Av denne grunn les unge menneske stendig Hesse og har han som sin favorittforfattar. Òg i Demian kan ein finne att trekk frå danningsroman-tradisjonen, men i dette verket, tilliks med i Steppenwolf, utspelar handlinga seg ikkje i røyndomen, men i eit indre, sjeleleg landskap.

Eit anna vesentleg aspekt i Hesse sine verk er spiritualiteten, som ein framfor alt finn i Siddhartha, men òg i andre verk. Mange kritikarar skulda Hesse for å bruke litteraturen til å kolportere sitt verdsbilete, men denne kritikken kan med like stor rett rettast mot kritikarar som kritiserer verdsbiletet og ikkje litteraturen til Hesse.

Alle verka til Hesse inneheld ein sterk sjølvbiografisk komponent. Særleg tydeleg er den i Demian og i Morgenlandfahrt, men òg i Klein und Wagner, og ikkje minst i Steppenwolf – sjølve kroneksemplet på ein livskrise-roman. Denne komponenten blei berre tydlegare i dei seine verka til Hesse – i dei to samanhørande verka Die Morgenlandfahrt og Das Glasperlenspiel fortetta Hesse grunntemaet sitt, forholdet mellom den eldre meisteren og læresveinen hans, i mange variasjonar. På bakgrunn av dei historiske hendingane på den tida han skreiv boka, dei fryktelegaste åra på 1900-talet, teikna Hesse i Glasperlenspiel ein humanitetens og andens utopi, men samstundes var det ein klassisk danningsroman. Begge elementa blir balansert i eit dialektisk vekselspel.

Hesse sette ikkje minst ein eineståande kvalitetsmålestokk for si tid med dei omtrent 3000 bokomtalane som han i løpet av livet skreiv for 60 ulike aviser og tidsskrift. Dei er utan sidestykke når det gjeld formidling, fremjing og varsam kritikk: grunnregelen hans var å ikkje skrive om litteratur han etter sine eigne kriterium fann dårleg. På same måte som Thomas Mann arbeidde Hesse intensivt med verka til Goethe.

Hesse skreiv om alt frå små novellesamlingar av ukjende forfattarar til filosofiske kjerneverk frå den asiatiske kulturkrinsen. Desse sentrale asiatiske verka oppdaga og tolka Hesse allereie fleire tiår før dei i 1970-åra blei til litterærfilosofisk og andeleg ållmenngods på den vestlege halvkula.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Samtidige litteraturkritikarar gav stort sett positiv omtale til Hesse sine tidlege verk.

I Tyskland var han som resultat av sine antikrigs- og antinasjonalistiske ytringar utsett for pressekampanjar under dei to verdskrigane og frå 1937 var det i Tyskland berre mogleg å kjøpe verka hans i løyndom. Etter begge verdskrigane dekte Hesse sine verk delar av befolkninga, særleg dei oppveksande generasjonane, sitt behov for andeleg og dels moralsk nyorientering. Den eigentlege «nyoppdaginga» skjedde derimot først lenge etter 1945.

I 1957, godt ti år etter at Hesse hadde motteke litteraturprisen i litteratur, skreiv Karlheinz Deschner knusande kritikkar av både dikta og prosaen til Hesse. Det etterfølgjande tiåret slutta store delar av den tyske litteraturkritikken seg til denne dommen, mange såg Hesse som produsent av etterapande kitsjlitteratur. Men pendelen snudde enno ein gong: på same tid som kritikken av Hesse var på det hardaste i 1960-åras Tyskland slo det ut ein veritabel Hesse-boom blant ungdomar i USA, og så smått fekk den fotfeste blant tyske ungdomar òg. Spesielt Der Steppenwolf blei ein internasjonal bestseljar – til dømes kalla eit populært amerikansk rockeband seg Steppenwolf. Hesse blei ein av dei mest omsette og lesne tyskspråklege forfattarane og på verdsbasis var over 120 millionar bøker selde pr. 2007.

To litteraturprisar er oppkalla etter Hesse, Calwer Hermann-Hesse-Preis og Hermann-Hesse-Preis som blir delt ut i Karlsruhe.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Samla verk og samleutgåver[endre | endre wikiteksten]

  • Sämtliche Werke. 20 bind og eitt registerbind. Red. Volker Michels. Suhrkamp, Frankfurt am Main 2001–2007, ISBN 3-518-41100-4.
  • Gesammelte Erzählungen. 4 bind. Samanstilt av Volker Michels. Suhrkamp Verlag, Frankfurt am Main 1977.
  • Die Gedichte. Suhrkamp, Frankfurt am Main 1992, ISBN 3-518-40455-5.
  • Die Märchen. Red. Volker Michels. Suhrkamp, Frankfurt am Main 2009, ISBN 978-3-518-45812-9.

Noveller[endre | endre wikiteksten]

  • 1903 Der Wolf
  • 1903/4 Aus Kinderzeiten
  • 1906 In der alten Sonne
  • 1905 Der Lateinschüler
  • 1905 Heumond
  • 1905 Das erste Abenteuer
  • 1906 Unterm Rad
  • 1906 Casanovas Bekehrung
  • 1907 Hans Dierlamms Lehrzeit
  • 1908 Taedium vitae
  • 1908 Die Verlobung
  • 1910 Die Stadt
  • 1910 Doktor Knölges Ende
  • 1910 Pater Matthias
  • 1910 Der Weltverbesserer
  • 1911 Das Nachtpfauenauge
  • 1912 Robert Aghion
  • 1912 Autorenabend
  • 1913 Der Zyklon
  • 1917 Wenn der Krieg noch zwei Jahre dauert
  • 1918 Kinderseele
  • 1920 Klingsors letzter Sommer
  • 1925 Die Fremdenstadt im Süden
  • 1948 Der Bettler
  • 1948 Unterbrochene Schulstunde
  • 1953 Kaminfegerchen

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • 1904 Peter Camenzind
  • 1910 Gertrud
  • 1912–1913 Roßhalde
  • 1915 Knulp
  • 1919 Demian
  • 1922 Siddhartha
  • 1927 Der Steppenwolf
  • 1930 Narziß und Goldmund
  • 1932 Die Morgenlandfahrt
  • 1943 Das Glasperlenspiel

Omsetjingar til norsk[endre | endre wikiteksten]

  • 1904 – Peter Camenzind, 1979
  • 1906 – Under hjulet, 1979
  • 1910 – Gertrud
  • 1919 – Demian, 1947
  • 1920 – Klingsors siste sommer, 1993, ISBN 978-82-7488-014-6 (8274880145)
  • 1922 – Siddhartha, en indisk diktning, 1972, ISBN 978-82-05-40925-5 (8205409250)
  • 1927 – Steppeulven, 1971, ISBN 978-82-05-27277-4 (8205272778)
  • 1930 – Narsiss og Gullmunn, 1981
  • 1932 – Østerlandsferden, 1988
  • 1943 – Glassperlespillet, 1970
  • 1967 – Alene, dikt i utvalg, ved André Bjerke
  • 1981 – Kunstneren og krigen : artikler og brev 1914-1958, ved Trond Berg Eriksen
  • 1979 – Eventyr, omsett av Peter Mejlænder, 1979, ISBN 978-82-560-1233-6 (8256012331)
  • 1993 – Reisen til Nürnberg, 1993, ISBN 978-82-7488-025-2 (8274880250)

Referansar og fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Pfäfflin, Friedrich o. a.: Hermann Hesse 1877–1977. Stationen seines Lebens, des Werkes und seiner Wirkung. Katalog til minneutstillinga Hesse 100-år fødselsdag i 1977, Marbach a.N. 1977, s. 97: i denne dokumentasjonen står det at fotoet er tatt i april 1926.
  2. Hermann Hesse>Biografi. Stadt Calw, 2011
  3. Freedman(1978) s. 69
  4. "dual...impulses of passion and order"
  5. Freedman(1978) s. 111
  6. „Die Moral wird für Künstler durch die Ästhetik ersetz“, jfr. Florian Roth om Nietzsche (pdf)
  7. Albert von Schirnding: Literarische Landschaften Insel, Frankfurt 1998, kapitlet «Rückkehr nach Orplid. Erinnerungslandschaft Tübingen, fast unversehrt» om Hesse si tid i Tübingen.
  8. ho kom frå den kjende matematikararfamilien, Gustav Emil Müller, Philosophy of Literature, Ayer Publishing, 1976.
  9. Mileck, Joseph (1977), Hermann Hesse: Biography and Bibliography, Vol.1, Berkley, Los Angeles, London: University of California Press, s. 42, ISBN 0-520-02756-6, http://books.google.com/books?id=zjdi21x9s1oC&pg=PR3&dq=%22Hermann+Hesse:+biography%22#v=onepage&q&f=false, henta 8. januar 2012 
  10. Freedman(1978) s.166
  11. Weth: Hermann Hesse in der Schweiz, 2004, s. 24
  12. „um die Jugend nicht durch den bekannten Namen eines alten Onkels abzuschrecken“
  13. „ein angstvoller Warnruf“

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ursula Apel (red.): Hermann Hesse: Personen und Schlüsselfiguren in seinem Leben – Ein alphabetisches annotiertes Namensverzeichnis mit sämtlichen Fundstellen in seinen Werken und Briefen. 3 Bände, Saur, München 1989–1993, ISBN 3-598-10841-9.
  • Ralph Freedman: Hermann Hesse: Pilgrim of Crisis: A Biography, Pantheon Books, NY 1978
  • Reso Karalaschwili: Hermann Hesse – Charakter und Weltbild. Frankfurt am Main: Suhrkamp 1993, suhrkamp taschenbuch 2156. ISBN 3-518-38656-5
  • Joseph Mileck: Hermann Hesse – Dichter, Sucher, Bekenner. Eine Biographie. Frankfurt am Main: Suhrkamp 1987, suhrkamp taschenbuch 1357. ISBN 3-518-37857-0
  • Eine raffiniert humane Kur. Hermann Hesse und Badenweiler in Texten, Briefen und Bildern. Suhrkamp, 2009, ISBN 978-3-9811965-5-9
  • Sikander Singh: Hermann Hesse. Reclam (UB 17.661), Stuttgart 2006, ISBN 978-3-15-017661-0
  • Alois Prinz: „Und jedem Anfang wohnt ein Zauber inne“. Die Lebensgeschichte des Hermann Hesse. st 3742, Suhrkamp, Frankfurt 2006, ISBN 3-518-45742-X
  • Michael Limberg: Hermann Hesse. Leben, Werk, Wirkung. Suhrkamp (Reihe: BasisBiographie Nr.1), Frankfurt 2005, ISBN 3-518-18201-3
  • Hans-Jürgen Schmelzer: Auf der Fährte des Steppenwolfs. Hermann Hesses Herkunft, Leben und Werk. Hohenheim, Stuttgart 2002, ISBN 3-89850-070-5
  • Klaus Walther: Hermann Hesse. dtv-portrett 31.062, München 2002, ISBN 3-423-31062-6
  • Christian Immo Schneider: Hermann Hesse. Beck, München 1991, ISBN 3-406-33167-X
  • Volker Michels (red.): Über Hermann Hesse. 2 bind, Frankfurt 1976
  • Eike Middell: Hermann Hesse. Die Bilderwelt seines Lebens. Röderberg, Frankfurt 1975, o. ISBN
  • Marco Schickling: Hermann Hesse als Literaturkritiker. Universitätsverlag Winter, Heidelberg 2005, ISBN-3-825-35080-0

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hermann Hesse