The Sonics

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Sonics
Sonics.JPG
OpphavTacoma i Washington i USA
Aktiv1960-1968
2008-til i dag
SjangerGaragerock, protopunk
PlateselskapEtiquette, Jerden, Norton
Tidlegare medlemmerGerry Roslie
Andy Parypa
Larry Parypa
Rob Lind
Bob Bennett

The Sonics er eit amerikansk garagerockband som var aktive på 1960-talet. I lag med band som The Kingsmen, The Wailers, The Drastics, The Dynamics, The Regents og Paul Revere & the Raiders har denne rørsla vore med på starte det velkjende musikkmiljøet i Seattle som framleis er aktivt i dag.

The Sonics hadde ein stil som var røffare, meir primtiv og brutal enn sine likmenn på denne tida og vert stundom rekna som det første punkrockbandet, lenge før punkrørsla tok av seint i 1970-åra. Sjølv om The Sonics hadde ein nokså standard instrumentering for denne tida hadde dei eit unikt lydbilete med ville arrangement, ofte forstyrrande tekstar krydra med skrik og hyl og elektriske gitarar spelt gjennom forsterkarar som vart tilpassa for å få så skurrande lyd som mogeleg. Sjølv om bandet vart populære samstundes som den første fuzzboxen kom på marknaden, er fuzz-lyden til The Sonics noko dei sjølv lagde.

Dei spelte ei blanding av garagerockstandardsongar («Louie, Louie», «Have Love, Will Travel»), tidleg rock and roll («Jenny, Jenny», «Skinny Minnie») og eigne songar som «Strychnine», «Psycho» og «The Witch», alle basert på enkle akkordsekvensar og spelt hardt og raskt.

Tekstane på dei eigne songane til The Sonics omhandla stort sett tenåringskulturen tidleg i 1960-åra med bilar, gitarar, surfing og jenter (i songar som «The Hustler», «Boss Hoss» og «Maintaining My Cool») samt mørkare emne som å drikke stryknin for moro skyld, hekser, psykopatar og Satan (i songane «Strychnine», «The Witch», «Psycho» og «He's Waitin'»).

Bandmedlemmer[endre | endre wikiteksten]

Den klassiske Sonics-besetninga, som spelte inn Here Are The Sonics og Boom er:

Historie[endre | endre wikiteksten]

The Soncis stara i 1960 i Tacoma i Washington. Dei første åra var det fleire utskiftingar før bandet fekk den klassiske bestninga rundt 1963. Det var først i 1964, då Gerry Roslie tok rolla som solovokalist at bandet byrja å få ein fast tilhengjarskare. Bandet starta då å halde konsertar i lokale hallar. Dei vart raskt oppdaga av Buck Ormsby, bassist i The Wailers, og fekk kontrakt med The Wailer sitt eige plateselskap Etiquette Records. Den første singelen deira var «The Witch», som kom ut i november 1964. Songen vart lokalt særs populær.

Tidleg i 1965 starta The Sonics innspelinga av debutalbumet Here Are The Sonics, som vart spelt inn i Audio Recording i Seattle. Det vart spelt inn med berre to spor og berre ein mikrofon for heile trommesettet. Det var her dei starta med den uvørne innspelingsteknikken dei vart kjende for. Albumet Boom kom i februar 1966. Under innspelinga reiv The Sonics lyddempinga av veggane for å få ein meir «levande» lyd.

Populariteten til bandet dalte då dei kom på Jerden Records seint i 1966 og flytte til Hollywood for å spele inn Introducing The Sonics som selde dårleg. Bandet starta å falle frå kvarandre mellom 1966 og 1968 og medlemmene forlet bandet for å studere eller bli med i andre band. I denne perioden endra òg stilen seg og dei starta å nytta strykarar og blåsarar. Dette var derimot upopulært og bandet forsvann.

I 2007 kom The Sonics saman igjen på the Cavestomp garagerockfestival i Brooklyn. Sidan den gong har dei spelt på fleire festivalar.

Påverknad[endre | endre wikiteksten]

The Sonics vert ofte omtalt som «det første punkbandet»[1] på grunn av den ville og ukonvensjonelle stilen deira. Bandet hadde òg ein tydleg påverknad på amerikanske punkband som The Dead Boys og på grønsjrørsla i 1990-åra, som nytta nokre av dei mørke temaa og liknande forvrengd gitar som The Sonics nytta.

The White Stripes kalla The Sonics eit av dei banda som hadde påverka dei mest og hevda at dei var «hardare enn the Kinks og punk lenge før punk».[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Here Are the Sonics (Etiquette Records, 1965)
  • Merry Christmas (Etiquette, 1965)
  • Boom (Etiquette, 1966)
  • Introducing The Sonics (Jerden, 1967)
  • Explosives (Buckshot, 1973)
  • Live Fanz Only (Etiquette, 1986)
  • The Savage Young Sonics (Norton, 2001)
  • The Sonics - Busy Body!!! Live in Tacoma 1964 (Norton 2007)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «The Witch»/«Keep A-Knockin'» (Etiquette, 1964)
  • «The Witch»/«Psycho» (Etiquette, 1965)
  • «Psycho»/«Keep A-Knockin'» (Etiquette, 1965)
  • «Boss Hoss»/«The Hustler» (Etiquette, 1965)
  • «Don't Be Afraid Of The Dark»/«Shot Down» (Etiquette, 1965)
  • «Don't Believe In Christmas»/«Christmas Spirit» (Etiquette, 1965)
  • «Cinderella»/«Louie Louie» (Etiquette, 1965)
  • «You Got Your Head On Backwards»/«Love Light» (Jerden, 1966)
  • «Like No Other Man»/«Love Light» (Jerden, 1966)
  • «The Witch»/«Like No Other Man» (Jerden, 1966)
  • «Psycho»/«Maintaining My Cool» (Jerden, 1966)
  • «Love-itis»/«You're In Love» (Jerden, 1967)
  • «Lost Love»/«Any Way The Wind Blows» (Piccadilly, 1967)
  • «Any Way The Wind Blows»/«Lost Love» (UNI, 1967)
  • «Dirty Old Man»/«Bama Lama Bama Loo» (Burdette, 1975)
  • «The Witch»/«Bama Lama Bama Loo» (Great Northwest, 1979)
  • «The Witch»/«Keep A-Knockin'» (Norton, 1998)
  • «Psycho»/«Have Love Will Travel» (Norton, 1998)
  • «Cinderella»/«He's Waitin'» (Norton, 1998)
  • «Boss Hoss»/«The Hustler» (Norton, 1998)
  • «Strychnine»/«Shot Down» (Norton, 1998)
  • «Louie Louie»/«Louie Louie» (Norton, 1998)
  • «Don't Believe In Christmas»/«Santa Claus» (Norton, 1998)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]