Wild Thing av The Troggs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wild Thing
Singel av The Troggs
B-side
Utgjeve 22. april 1966
Studio Olympic Sound i London
Sjanger
Lengd 2:30
Selskap
Tekstforfattar Chip Taylor
Låtskrivar(ar) Chip Taylor
Produsent Larry Page
Britisk The Troggs-kronologi 
Lost Girl
(1965)
Wild Thing With a Girl Like You
(1966)
Amerikansk The Troggs-kronologi
Wild Thing I Can't Control Myself
(1966)


«Wild Thing» er ein song skriven av amerikanske Chip Taylor og gjort populær av det engelske rockebandet The Troggs. Han vart opphavleg spelt inn og gjeven ut av det amerikanske rockebandet The Wild Ones i 1965,[5] men denne selde ikkje så godt. Versjonen til The Troggs nådde toppen av Billboard Hot 100 og andreplassen på UK Singles Chart i 1966, og er rangert på 257. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[6] Han er òg blitt spelt av mange andre musikarar.

The Wild Ones[endre | endre wikiteksten]

The Wild Ones var husband på nattklubben Arthur i New York City. Sjølv om dei hadde gjeve ut eit album, hadde det ikkje seld så godt som bandet håpte, og produsenten deira Gerry Granahan tok kontakt med Chip Taylor for å be han skrive ein song dei kunne gje ut på singel. Granahan produserte innspelinga til The Wild Ones med Chuck Alden på vokal. Singelen kom ut i november 1965, men selde årleg.[7]

The Troggs-versjonen[endre | endre wikiteksten]

På grunn av ein strid om distribusjonsavtalen for singelen, vart versjonen til The Troggs gjeven ut på to konkurrerande selskap: Atco Records og Fontana Records.[8] Fordi begge trykka var teken frå den same masterinnspelinga, kombinerte Billboard salet for begge utgåvene, og han vart den einaste singelen som nådde toppen av lista for to forskjellige selskap.[9]

På Atco-utgåva er låtskrivarane krediterte for feil song der «Wild Thing» er tilskriven Reg Presley (vokalisten i Troggs) og B-sida, «With a Girl Like You», til Chip Taylor. Dette er korrekt på Fontana, men B-sida inneheld ein annan song, «From Home», av Reg Presley.

Songen gjekk inn på Billboard Hot 100-lista den 25. juni 1966. To veker seinare (9. juli) klatra han frå 47. plassen til sjetteplassen. Songen låg så to veker på andreplassen, medan «Hanky Panky» av Tommy James and the Shondells låg på toppen. 30. juli 1966 nådde «Wild Thing» toppen av lista og vart liggande der i to veker. Songen låg i alt 11 veker inne på lista, åtte av dei på Topp 10. I Canada nådde singelen andreplassen på RPM-lista den 8. august 1966.

The Troggs spelte inn ein ny versjon av songen i 1993, og denne nådde 87. plassen på UK Singles Chart.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
Austria[10] 5
Belgia[11] 15
Tyskland[12] 7
Nederland[13] 5
UK Singles Chart[14] 2
US Billboard Hot 100[15] 1

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Wild Thing» er blitt spelt inn av fleire andre artistar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stiernberg, Bonnie. «The 50 Best Garage Rock Songs of All Time». Paste. Arkivert frå originalen 1. august 2017. Henta 15. mai 2016. 
  2. Nick Talevski (7. april 2010). Rock Obituaries - Knocking On Heaven's Door. Omnibus Press. s. 342. ISBN 978-0-85712-117-2. 
  3. Peter Doggett (27. august 2015). Electric Shock: From the Gramophone to the iPhone – 125 Years of Pop Music. Random House. s. 421. ISBN 978-1-4481-3031-3. 
  4. Dylan Jones (14. august 2014). Elvis Has Left the Building: The Day the King Died. The Overlook Press. s. 68. ISBN 978-1-4683-1042-9. 
  5. Original United Artists press release for «Wild Thing» by the Wild Ones
  6. «Rolling Stone : The RS 500 Greatest Songs of All Time». www.rollingstone.com. 2006. Arkivert frå originalen 25. juni 2008. Henta 4. april 2018. 
  7. «Justin Tricarico / The Wild Ones without Jordan». justintricarico.pbworks.com. Henta 4. april 2018. 
  8. Billboard Magazine. Nielsen Business Media, Inc. 6. juli 1966. ISSN 0006-2510. 
  9. Mojo #173 (April 2008), p. 39
  10. «Discographie The Troggs» (på tysk). austriancharts.at. Henta 4. april 2018. 
  11. «The Troggs - Wild Thing» (på nederlandsk). www.ultratop.be. Henta 4. april 2018. 
  12. «Offizielle Deutsche Charts - Offizielle Deutsche Charts» (på tysk). www.offiziellecharts.de. Henta 4. april 2018. 
  13. «Discografie The Troggs» (på nederlandsk). dutchcharts.nl. Henta 4. april 2018. 
  14. «TROGGS | full Official Chart History | Official Charts Company». www.officialcharts.com. Henta 4. april 2018. 
  15. «The Troggs Chart History». www.billboard.com. Henta 4. april 2018. 
  16. Gilliland, John (1969). «Show 53 - String Man. : UNT Digital Library» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  17. «Show 47 - Sergeant Pepper at the Summit: The very best of a very good year. [Part 3] : UNT Digital Library». Digital.library.unt.edu. Henta 4. april 2018. 
  18. «WILD THING 1987 France». amandalear_singoli.tripod.com. Henta 8. oktober 2009. 
  19. Steffen Hung. «Divinyls - Wild Thing». australian-charts.com. Henta 4. april 2018.