There Must Be More to Life Than This

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
There Must Be More to Life Than This
Song av Freddie Mercury
frå albumet Mr. Bad Guy
Utgjeve 29. april 1985
Lengd 3:00
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury

«There Must Be More To Life Than This» er ein song av Queen-songaren Freddie Mercury frå det første soloalbumet hans Mr. Bad Guy i 1985. Songen vart opphavleg spelt inn av bandet til Mercury, Queen, for albumet Hot Space i 1982, men kom ikkje med på den endelege versjonen av albumet. Songen vart først spelt inn som ein duett mellom Mercury og Michael Jackson i lag med to andre songar, «State of Shock» (som kom ut i 1984 av The Jacksons med Mick Jagger) og «Victory» (som ikkje er gjeven ut).

Queen- og Michael Jackson-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Etter Michael Jackson døydde i 2009, prøvde Queen-gitaristen Brian May og trommeslagaren Roger Taylor å få gjeve ut dei tre duettane mellom Mercury og Jackson i 2012. Roger Taylor kommenterte at å arbeide med Michael Jackson Estate var som å «vasse i lim».[1] Til slutt kom dei to partane fram til ein avtale om at berre «There Must Be More to Life Than This» kunne gjevast ut.

Versjonen som finst på Queen Forever vart produsert og miksa av William Orbit, og inneheld det originale akkompagnementet frå Hot Space-innspelinga med May på gitar, Taylor på trommer og John Deacon på bass. Ein alterantiv miks av May finst, men dei valte å nytte Orbit-miksen i staden.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]