Hot Space

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hot Space
Studioalbum av Queen
Språk engelsk
Utgjeve 21. mai 1982
Innspelt Juni 1981-mars 1982 ved Mountain Studios i Montreux i Sveits, og Musicland Studios i München i Tyskland
Sjanger
Lengd 43:29
Selskap EMI / Parlophone (Europe)
Elektra / Hollywood (US)
Produsent Queen, Arif Mardin, Reinhold Mack, David Bowie
Queen-kronologi 
Flash Gordon
(1980)
Hot Space The Works
(1984)
Singlar frå Hot Space
  1. «Under Pressure»
    Utgjeve: 26. oktober 1981
  2. «Body Language»
    Utgjeve: 19. april 1982
  3. «Las Palabras de Amor»
    Utgjeve: 1. juni 1982
  4. «Staying Power»
    Utgjeve: 31. juli 1982 (Japan, USA)
  5. «Calling All Girls»
    Utgjeve: 31. juli 1982 (US, Canada, Australia, New Zealand)
  6. «Back Chat»
    Utgjeve: 9. august 1982

Hot Space er det tiande studioalbumet til det britiske rockebandet Queen, gjeve ut i mai 1982. Det markerte ei endring i den musikalske stilen deira, og dei nytta mange element frå disco, funk, rhythm and blues, dance og pop.[1][2] Dette gjorde albumet mindre populært blant fansen som føretrekte den tradisjonelle rockestilen dei hadde vore kjend for.[1]

Queen bestemte seg for å spele inn eit meir danseprega album etter den massive suksessen dei hadde i USA i 1980 med «Another One Bites the Dust» (og til ein mindre grad i Storbritannia òg).[2]

«Under Pressure» var eit samarbeid mellom Queen og David Bowie og kom ut i 1981. Dette vart den andre singelen deira som gjekk til topps på singellista i Storbritannia.[3] Songen var med på Hot Space, men var eit eige prosjekt og spelt inn før resten av albumet, før kontroversen over den nye stilen til Queen.[4] Den andre singelen frå albumet, «Body Language», nådde 11. plassen på den britiske singellista.

In juli 2004 plasserte magasinet Q Hot Space på lista si over femten album der det glipte for store rockeartistar.[5] Det meste av albumet vart spelt inn i München under den mest turbulente perioden i historia til bandet, og Roger Taylor og Brian May mislikte den nye stilen, og begge var særs kritiske til påverknaden manageren til Freddie Mercury, Paul Prenter, hadde på songaren.[6] Albumet har seld kring 3,5 millionar eksemplar så langt.

Stil og sjangrar[endre | endre wikiteksten]

Før 1979 hadde Queen aldri brukt synthesiserar på albuma sine.[7] Frå og med The Game byrja Queen å bruke Oberheim OB-X-synthesiserar på somme av songane sine (til dømes «Play the Game» og «Save Me»). På Hot Space gjekk bandet enno lengre og byrja å bruke trommemaskin for første gongen. Det meste av Hot Space er ei ny musikalsk retning for bandet, med ei blanding av rhythm and blues, funk, dance og disco – medan «rocksongane» fortsette i ein liknande poprockstil som det førre albumet deira (eit unntak er songen «Put Out the Fire»).[2][8] Brian May og Roger Taylor mislikte stilen og var særs kritiske til Paul Prenter, den personlege manageren til Freddie Mercury mellom tidleg i 1980-åra og 1984, og påverknaden han hadde på songaren.[6] Prenter skal visstnok ha nekta dei andre medlemmane tilgang til Mercury.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Staying Power[endre | endre wikiteksten]

Blåsearrangementet på «Staying Power» vart lagt til Arif Mardin (som òg produserte Chaka Khan og la til blåserekkje til Bee Gees og Aretha Franklin).[9] «Staying Power» vart framført på den påfølgjande Hot Space-turneen, men då raskare og tyngre, med verkelege trommer i staden for trommemaskin og gitar og klaverinstrument i staden for blåsarar. Songen vart òg framført på The Works-turneen, men ikkje like ofte som på Hot Space-turneen. I Japan gav bandet ut «Staying Power» som singel i juli 1982. Songen vart òg gjeven ut på singel i USA i november 1982. Han gjekk ikkje inn på salslistene i nokon av landa. Bidraga til Mardin vart spelt inn i Record Plant Studios i New York.

Dancer[endre | endre wikiteksten]

Basslinja på «Dancer» vart framført på ein synthesiser (ein Oberheim OB-Xa) av May. Sjølve songen, som er ei blanding av rock og disco, er ein slags oppfølgjar til «Dragon Attack» frå albumet The Game der dei blandar tyngre element med dansbare element, slik Led Zeppelin gjorde.[9] Telefonmeldinga på slutten av «Dancer» er på tysk og vart spelt inn på eit hotellrom på München.[10]

Back Chat[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Back Chat.

«Back Chat», skriven av Deacon, er den mest funk-inspirerte songen på albumet. I tillegg til bass spelte Deacon òg rytmegitar,[11] sologitar og synthesiser på songen. Som singel nådde songen 40. plassen på den britiske singellista. I ein videokommentar på Greatest Video Hits 2 fortel Taylor at han sterkt mislikar musikkvideoen til songen.

Body Language[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Body Language av Queen.

«Body Language» er ein atypisk Queen-song, og er den einaste singelen bandet gav ut som ikkje har gitar (utanom nokre strofer mot slutten av songen). Mercury skreiv songen med synthbass, etter at han tidlegare utforska potensialet til instrumentet på filmmusikkalbumet Flash Gordon.[12] Musikkvideoen til «Body Language» syner tynnkledde modellar som snor seg rundt kvarandre. Videoen var noko kontroversiell og vart bannlyst i fleire land. Songen vart òg nytta i dokumentarfilmen Stripper frå 1984, der ein av dansarane dansar til songen.

Action This Day[endre | endre wikiteksten]

«Action This Day» er ein av to songar av Roger Taylor på albumet, og var tydeleg inspirert av den nye new wave-rørsla og stilen på denne tida. Songen er driven av ein pumpande elektronisk trommemaskin i 2/4-takt og inneheld ein saksofonsolo, spelt av den italienske studiomusikaren Dino Solera. «Action This Day» hentar tittelen frå eit av Winston Churchill sine slagord. Bandet framførte «Action This Day» på Hot Space-turneen med eit meir vanleg arrangement, der trommemaskinen var og bassynthen var erstatta av vanlege trommer og bassgitar, og ein synthesizer spelar saksofonsoloen. Versa er duettar mellom Taylor og Merury, og refrenget vert sungen av begge.

Put Out the Fire[endre | endre wikiteksten]

«Put Out the Fire» er ein anti-våpen song skriven av May, og sungen av Mercury. May syng solovokal i falsett mot slutten av kvart vers. May spelte inn gitarsoloen medan han var full (etter fleire mislukka forsøk).[12] Teksten i det første verset inneheld sterke hint til drapet på John Lennon av Mark Chapman, som då nyleg hadde skjedd.

Songen vart aldri gjeve ut på singel, men var den mest «tradisjonelle» Queen-songen på albumet, og kom seinare ut på samlealbumet Queen Rocks i 1997. Ein ny musikkvideo vart òg produsert for den tilhøyrande musikkvideosamlinga med konsertopptak og bilete av brann og eksplosjonar.

Life Is Real (Song for Lennon)[endre | endre wikiteksten]

Mercury skreiv «Life Is Real» som ei hyllest til John Lennon, som vart drepen i 1980. Bandet hadde av same årsak spelt songen hans «Imagine» på konsertane sine. Som Lennon sine songar har «Life Is Real» eit enkelt pianoarrangement og ein melankolsk tone. Det er òg ein av få Mercury-songar der teksten vart skriven før musikken («Killer Queen» var den andre). Tittelen kan vere ein referanse til teksten 'love is real' frå Lennon-songen «Love» frå 1970, eller linja 'nothing is real' frå The Beatles-songen «Strawberry Fields Forever». Han byrjar med tre bjølleliknande pianotonar, som er meint å minnast opningsbjøllene i Lennon sin «(Just Like) Starting Over» og «Beautiful Boy (Darling Boy)».

Calling All Girls[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Calling All Girls.

Den første Roger Taylor-songen (med Mercury på vokal) som vart gjeven ut på singel. Singelen kom berre ut i utvalde land, og ikkje i Storbritannia. «Calling All Girls» selde heller dårleg, men nådde 60. plassen på lista i USA og 33. plassen på lista i Canada, trass i ein musikkvideo basert på George Lucas-filmen THX 1138. Taylor skreiv «Calling All Girls» på gitar, og spelte feedback-støy under mellomspelet i songen.[12] Queen framførte aldri songen i Europa, men eit konsertopptak frå Japan i 1982 finst på Queen on Fire - Live at the Bowl, der «Calling All Girls» vert spelt medan det vert vist eit biletgalleri. Singelen kom ut i juli 1982.

Las Palabras de Amor (The Words of Love)[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Las Palabras de Amor.

May skreiv teksten til «Las Palabras de Amor» og var inspirert av det nære forholdet mellom Queen og den latinamerikanske fansen deira, og har blitt tolka som ein allegori for Falklandsskrigen.[9] (I røynda vart albumet gjeve ut under krigen, men vart spelt inn lenge før krigen starta). Singelen vart ein hit i Storbritannia og markerte fjerde gongen bandet spelte på Top of the Pops. Bandet mimar til framføringa og ein kan sjå May spele ved eit flygel, sjølv om det på innspelinga berre vert nytta synthar (spelt av May). May song òg solovokal for den harmoniserte linja «this night and evermore».

Cool Cat[endre | endre wikiteksten]

«Cool Cat» var skriven av Mercury og Deacon, og var opphavleg med David Bowie på korvokal og eit par talte linjer til ein rytme under mellomspelet. I følgje eit fjernsynsintervju frå 1982 var Bowie misnøgd med resultatet, og ba dei fjerne han frå songen nokre dagar før albumet skulle kome ut. Alle instrumenta er spelte av Deacon, inkludert trommer, gitar, synthesizer og klaverinstrument. På albumversjonen syng Mercury heile songen i falsett.[13] Det alternative opptaket med vokalen til Bowie finst framleis, og er gjeve ut på mange piratkopiplater[14] og testtrykkingar på vinyl frå 1982. Dette er kanskje den einaste Queen-songen der Deacon nyttar ein slap-teknikk på bassen.

Under Pressure[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Under Pressure.

Den no kjende duetten med Bowie var eit resultat av ein improvisert jam i studioet til bandet i Montreux.[4] Songen vart gjeven ut på singel i 1981 og nådde toppen av UK singles chart. Mercury var den leiande låtskrivaren på songen, og han og Bowie skreiv teksten. Dei skreiv og song kvar sine linjer. Delar av akkordprogressjonen er basert på ein demo av ein song kalla «Feel Like».[15] Komponeringa av musikken er tilskriven alle dei fem musikarane.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 stars[1]
Chicago Tribune1/4 stars[16]
Encyclopedia of Popular Music1/5 stars[17]
The Guardian2/5 stars[18]
Rolling Stone3/5 stars[8]
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[19]

På grunn av dance-pop-stilen vert Hot Space av både fans og kritikarar rekna som eit av dei meir skuffande albuma til Queen.[20] Stephen Erlewine frå Allmusic.com sa om albumet at «bandet som ein gong stolt kunngjorde at dei ikkje brukte synthesizerar på albuma sine, hadde brått og dramatisk endra kurs. Heile den første sida av albumet er robotaktig new wave dance-pop, alle drivne av trommemaskinar og farga av klaverinstrument, og gitaren til Brian May er berre å høyre no og då.» Alex Petridis frå The Guardian gav albumet to stjerner og sa: «Som Queen var disco melodramatisk, sært og ekstravagant arrangert med inspirasjonskjelder frå alle mogelege stader. Eller det hadde vore. Då Hot Space kom ut i 1982, hadde disco mutert til denne rare, skjelettaktige, dub-aktige elektronikastilen som DJ Larry Levan var ein pioner for, og det passa ikkje Queen i det heile.» Michael Jackson, som var ein nær ven av bandet på den tida, omtalte seinare Hot Space som ei inspirasjonskjelde for hans eige Thriller.[21][22]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Staying Power»Freddie Mercury4:10
2.«Dancer»Brian May3:46
3.«Back Chat»John Deacon4:31
4.«Body Language»Mercury4:29
5.«Action This Day»Roger Taylor3:33
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Put Out the Fire»May3:15
7.«Life Is Real (Song for Lennon)»Mercury3:39
8.«Calling All Girls»Taylor3:53
9.«Las Palabras de Amor (The Words of Love)»May4:26
10.«Cool Cat»Deacon, Mercury3:26
11.«Under Pressure» (med David Bowie)Bowie, Deacon, May, Mercury, Taylor4:02
Bonusspor (1991-utgåva)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Body Language» (1991 bonus remix av Susan Rogers)Queen4:44
Bonus-EP frå 2011
Nr.TittelLengd
1.«Staying Power» (live frå Milton Keynes, juni 1982)3:57
2.«Soul Brother» (B-side)3:36
3.«Back Chat» (singelmiks)4:12
4.«Action This Day» (live i Tokyo, november 1982)6:25
5.«Calling All Girls» (live i Tokyo, november 1982)4:45
Bonusvideoar frå iTunes-versjonen frå 2011
Nr.TittelLengd
6.«Las Palabras de Amor» (Top of the Pops, 1982) 
7.«Under Pressure» (Rah Mix, 1999) 
8.«Action This Day» (live i Milton Keynes, juni 1982) 

Lister[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
Australia[23] 15
Austerrike[24] 1
Canada[25] 6
Nederland[26] 1
Frankrike[27] 7
Tyskland[28] 5
Italia[29] 9
Japan[30] 6
New Zealand[31] 5
Noreg[32] 3
Sverige[33] 4
UK Albums Chart[3] 4
US Billboard 200[34] 22
US Billboard R&B Albums Chart[34] 40

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
Austerrike[35] 17
Canada[36] 46
Frankrike[37] 14
Italia[29] 54
UK Albums Chart[38] 51

Certifications[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Austerrike (IFPI Austerrike)[39] Gull 25 000x
Storbritannia (BPI)[40] Gull 100 000^
USA (RIAA)[41] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Prato, Greg. «Hot Space Review». Allmusic. Henta 19. juli 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Queen – Hot Space[daud lenkje] Stylus Magazine. Henta 31. mai 2011
  3. 3,0 3,1 http://www.officialcharts.com/artist/21275/queen/
  4. 4,0 4,1 Lowry, Max (13. juli 2008) The ones that got away The Guardian. Henta 19. juli 2016
  5. «15 Albums Where Great Rock Acts Lost the Plot". Q magazine. July 2004. Archived at rocklistmusic.co.uk
  6. 6,0 6,1 O'Casey, Matt, dir. (2011) Queen – Days of Our Lives. Part 2. BBC. Queen Productions Ltd. Henta 31. mai 2011
  7. Roy Thomas Baker & Gary Langan Interview Sound On Sound. Henta 19. juli 2016
  8. 8,0 8,1 John Milward (10. juni 1982). Hot Space Arkivert 2015-01-06 ved Wayback Machine.. Rolling Stone. Henta 19. juli 2016.
  9. 9,0 9,1 9,2 Miccio, Anthony. «On Second Thought». Stylus. Henta 19. juli 2016. [daud lenkje]
  10. «Queen – The Complete Words». Arkivert frå originalen 14. november 2006. Henta 19. juli 2016. 
  11. http://thequietus.com/articles/08894-queen-hot-space
  12. 12,0 12,1 12,2 Obrecht, Jas. «Brian May Interview». Gitar Player (January 1983), Andy's Queen page. Henta 19. juli 2016. 
  13. Milward, John (10. juni 1982). «Hot Space Review». Rolling Stone, issue 371. Arkivert frå originalen 16. januar 2009. Henta 19. juli 2016. 
  14. «Queen Demos of Released Tracks (A-L)». Henta 19. juli 2016. 
  15. «Queen Demos of Released Tracks (M-Z)». Henta 19. juli 2016. 
  16. Kot, Greg (19. april 1992). «An 18-record, 80 Million-copy Odyssey». Chicago Tribune. Henta 20. mai 2016. 
  17. Larkin, Colin (2011). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. s. 2248. ISBN 0857125958. 
  18. Petridis, Alexis (15. desember 2011). «Queen: Jazz; The Game; Flash Gordon; Hot Space – review». The Guardian (London). Henta 20. mai 2016. 
  19. DeCurtis, Anthony; Henke, James; George-Warren, Holly, red. (1992). The Rolling Stone Album Guide (3rd utg.). Random House. s. 570. ISBN 0679737294. 
  20. [1]
  21. Queen: The Ultimate Illustrated History of the Crown Kings of Rock s.170. Henta 9. juni 2011
  22. Thriller´, de Michael Jackson, sigue imbatido 25 años después, arkivert frå originalen 10. juli 2011, henta 19. juli 2016 
  23. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  24. Steffen Hung. «Queen - Hot Space». austriancharts.at. Henta 19. juli 2016. 
  25. Queen» and «Hot» and «Space» and «Top Albums/CDs" Library and Archives Canada
  26. Steffen Hung. «Queen - Hot Space». dutchcharts.nl. Henta 19. juli 2016. 
  27. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste». Infodisc.fr. Henta 19. juli 2016. 
  28. «charts.de». charts.de. Henta 19. juli 2016. 
  29. 29,0 29,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1982» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 3. oktober 2011. 
  30. «– Yamachan Land (Archives of the Japanese record charts) – Albums Chart Daijiten – Queen» (på japansk). 30. desember 2007. Arkivert frå originalen 14. august 2011. Henta 5. juli 2016. 
  31. Steffen Hung. «Queen - Hot Space». charts.org.nz. Arkivert frå originalen 2. november 2012. Henta 19. juli 2016. 
  32. Steffen Hung. «Queen - Hot Space». norwegiancharts.com. Henta 19. juli 2016. 
  33. Steffen Hung. «Queen - Hot Space». swedishcharts.com. Henta 19. juli 2016. 
  34. 34,0 34,1 http://www.allmusic.com/artist/queen-p5205/charts-awards/billboard-albums
  35. «Austerrikencharts.st – Jahreshitparade 1984». Hung Medien. Henta 1. august 2010. 
  36. «Top 100 Albums '82». RPM. 25. desember 1982. Henta 6. desember 2010. 
  37. «Les Albums (CD) de 1982 par InfoDisc» (PHP) (på fransk). infodisc.fr. Henta 29. januar 2012. 
  38. «Complete UK Year-End Album Charts». Arkivert frå originalen 19. mai 2012. Henta 3. oktober 2011. 
  39. «Austrian album salstrofé – Queen – Hot Space» (på tysk). IFPI Austerrike.  Enter Queen in the field Interpret. Enter Hot Space in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  40. «British album salstrofé – Queen – Hot Space». British Phonographic Industry.  Enter Hot Space in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  41. «American album salstrofé – Queen – Hot Space». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  42. Queen most loved band The Guardian. Henta 19. juli 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]