Thiago Braz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thiago Braz

Thiago Braz em 2021 (crop).jpg

Statsborgarskap Brasil
Fødd 16. desember 1993 (28 år)
Marília
Idrett friidrett
Tok del i

VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2015, VM i friidrett innendørs 2014, Panamerikanske leker 2015, Søramerikansk mesterskap i friidrett 2013, athletics at the 2010 Summer Youth Olympics – boys' pole vault, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Stavsprang menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Stavsprang menn, VM i friidrett innendørs 2022 – Stavsprang menn

Thiago Braz da Silva (fødd 16. desember 1993) er ein brasiliansk stavhoppar som vart olympisk meister i øvinga då Sommar-OL 2016 fann stad i heimlandet hans.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Braz vann søramerika-meisterskapen 2013 med personbeste 5,83 m. Sommaren 2015 forbetra han rekorden til 5,92 meter ved eit stemne i Baku i Aserbajdsjan. Under Sommar-OL 2016 på heimebane var han og verdsrekordhaldar Renaud Lavillenie dei einaste som svinga seg over 5,93 m. Då Lavillenie hoppa over 5,98 m i fyrste forsøk, valde Braz å vente til lista låg på 6,03 meter. I sitt andre forsøk på denne høgda smaug han seg over lista, sette ny olympisk rekord og vann OL-gull. Etter femteplass i VM 2019, lukkast Braz å vinne bronsen i stavhopp-tevlinga då dei olympiske leikane endeleg kom i stand i 2021.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]