Thomas Cathinco Bang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Cathinco Bang
Fødd25. januar 1827
Drammen
Død13. april 1902
Drammen
NasjonalitetNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, jurist
BarnThomas Cathinco Bang

Thomas Cathinco Bang (25. januar 182713. april 1902) var ein norsk embetsmann, stortingsmann for Høgre og statsråd frå Drammen. Thomas Bang var far hans.

Bang var fødd på Strømsø i Drammen. Han var student frå Drammens skole i 1843 og cand. jur. i 1849. 1849-52 var han sekretær for ein kongeleg kommisjon som undersøkte mogleg misleg framferd ved Kongsberg sølvverk. Deretter var han frå 1852 tilsett i Indredepartementet, frå 1858 byråsjef ved brannforsikringskontoret og 1867 ekspedisjonssjef i same. I 1872 vart han borgarmeister i Drammen. 1883-84 var han amtmann i Buskerud amt. Bang var så, 1884, indreminister i den kortvarige Schweigaard-regjeringa. Etter han gjekk ut av statrådet vart han atter borgarmeister i Drammen, før han i 1890 på ny vart amtmann i Buskerud.

Åra 1877-94 var Bang stortingsrepresentant for Drammen. Han var medlem av protokollkomiteen 1877-88, av fullmaktskomiteen 1883-84, 1886-94, sekretær 1889 og formann 1890-91 i sistnemnde. Formann 1889-91 og medlem 1892-94 av valkomiteen, formann 1889-91 av næringskomite nr 1, medlem 1892-94 av næringskomite nr 2. Elles var han president i Stortinget 1890-91 og medlem av Lagtinget 1889-94. På Stortinget høyrde Bang med mellom dei leiande på den konservative sida av politikken.

Bang døydde 1902 i Drammen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]