Thomas Jørstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Jørstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. januar 1848
Fåberg kommune
Død

28. juni 1931 (83 år)
Lillehammer kommune

Yrke politikar, bonde
Språk norsk

Thomas Hansson Jørstad (16. januar 184828. juni 1931) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Fåberg i Oppland. Arne Kristoffersson Jørstad var farfar hans.

Jørstad var son av ein gardbrukar. Sjølv gjekk han på Lillehammer lærde skule før han i 1870 tok over farsgarden i Fåberg. I 1889 måtte han gå frå garden, som vart kjøpt av eit syskjenbarn. Eit par år seinare tok han over garden Døsen i bygda Vingrom i Fåberg og busette seg der. Han var frå 1891 kontrollør ved brennevin- og malttilverkinga, frå 1913 til 1921 med tittelen brennerikontrollør. I 1914 selde Jørstad garden sin og busette seg i Lillehammer by.

Jørstad var medlem av heradsstyret og sat i formannskapet. Han representerte Kristians amtStortinget 1880-88. Medlem av budsjettkomiteen 1880-82?, av Lagtinget 1866-88 og konstitusjonskomiteen 1886-88.

Han døydde i Lillehammer i 1931.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]