Tim Renwick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tim Renwick

Renwick med the Bucket Boys, på Cropredy Festival i 2007.
Foto: Dave Laws
Fødd7. august 1949 (74 år)
FødestadCambridge
FødenamnTimothy John Pearson Renwick
OpphavStorbritannia
Aktiv1960 til i dag
SjangerAlternativ rock
InstrumentGitar
Tilknytte artistarAl Stewart, Pink Floyd, Mike and the Mechanics
PlateselskapAudio Network Plc
Verka somMusikar, låtskrivar

Timothy John Pearson «Tim» Renwick (fødd 7. august 1949) er ein engelsk gitarist. Han er blant anna kjent som medlem av Quiver (seinare Sutherland Brothers & Quiver) og for samarbeidet sitt med Pink Floyd og Elton John.

Renwick er ein av få musikarar som på 1980-talet både samarbeidde med dei gjenverande medlemmane David Gilmour, Nick Mason og Richard Wright samstundes som han spelte saman med bassist Roger Waters som forlét Pink Floyd i 1985. Renwick har òg spelt saman med mellom anna Al Stewart, Elton John, Procol Harum, David Bowie, Mike Oldfield, Gary Brooker og Eric Clapton.

Då Renwick samarbeidde med Elton John, skreiv dei to låten «Dreamboat» saman, som Elton John gav ut som b-side på singelen I'm Still Standing.[1]

Renwick spelte gitar på dei to Pink Floyd-albuma A Momentary Lapse of Reason og The Division Bell, og dessutan spelte på turneane som følgde etter desse utgjevingane. Difor er han òg å høyre på Delicate Sound of Thunder og P•U•L•S•E. Då Gilmour, Mason og Wright vart gjenforent med Water sine under Live 8-konserten i 2005 spelte Renwick gitar og bassgitar med bandet.

Renwick har gjeve ut to soloalbum. Det første vart titulert med hans eige namn i 1980, medan han i 2007 utgav albumet Privateer. Han er blant anna kjent som medlem av Quiver (seinare Sutherland Brothers & Quiver) og for samarbeidet sitt med Pink Floyd og Elton John.

Renwick er ein av få musikarar som på 1980-talet både samarbeidde med dei gjenverande medlemmane David Gilmour, Nick Mason og Richard Wright samstundes som han spelte saman med bassisten Roger Waters, som forlét Pink Floyd i 1985. Renwick har òg spelt saman med mellom anna Al Stewart, Elton John, Procol Harum,[2] David Bowie, Mike Oldfield,[3] Gary Brooker[4] og Eric Clapton.[5]

Då Renwick samarbeidde med Elton John, skreiv dei to låten «Dreamboat» saman, som Elton John gav ut som b-side på singelen «I'm Still Standing».

Renwick spelte gitar på dei to Pink Floyd-albuma A Momentary Lapse of Reason og The Division Bell, og dessutan på turneane som følgde etter desse utgjevingane. Difor er han òg å høyre på Delicate Sound of Thunder og P•U•L•S•E. Då Gilmour, Mason og Wright vart gjenforeint med Waters under Live 8-konserten i 2005 spelte Renwick gitar og bassgitar med bandet.

Renwick gav også ut soloalbum. Det første, titulert med hans eige namn, kom ut i 1980, medan han i 2007 gav ut instrumentalalbumet Privateer.[6]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Tim Renwick (1980)
  • Privateer (2007)
  • Electric Blue (2008)
  • Vintage Blues Guitar (2013)
  • Privateer 2 (2017)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «BMI "Dreamboat" song information». Broadcast Music Incorporated. Arkivert frå originalen 17. juli 2012. Henta 6. februar 2010. 
  2. «Allmusic bio.». Allmusic. Henta 6. februar 2010. 
  3. Mike Daly (17. mai 1982). «Oldfield and his band magnificent». The Age. Henta 6. februar 2010. 
  4. Stephen Holden (3. oktober 1991). «Pop/Jazz in Review». New York Times. Henta 6. februar 2010. 
  5. John Pareles (1. juni 1986). «Recent releases of video cassettes». New York Times. Henta 6. februar 2010. 
  6. «Allmusic discography». Allmusic. Henta 6. februar 2010.