Tjålmejaure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tjålmejaure er ein innsjø i Arjeplog kommun i Norrbottens län i Sverige.

Innsjøen ligg 750 meter over havet, og er på alle sider omgjeve av høge, bratte fjelltoppar, Svaipa (Sveipa) på 1430 meter i nord, Tjekam på 1175 meter i nordvest, og Gavasvare på 1031 meter i søraust. Tjålmejaure har eit overflateareal på omtrent 7,5 km², og innsjøen ligg like over tregrensa. Innsjøen er delt i omtrent to like store delar, sameint med ein smal kanal, der begge delane har kvart sitt utløp som går saman i Gavasjaure, som ligg ligg aust for innsjøen. Tjålmejaure er ein del av Ume älv-vassdraget, då Gavasjaure vert drenert via Barasjåkkå ut i Laisälven, som er ei sideelv til Vindelälven, som sjølv er sideelv til Ume älv.

Vatnet i Tjålmejaure er, trass i at han ikkje er særleg djup, vegetasjonsfattig, noko som skuldast steinbotnen. Innsjøen har omtrent 75 øyar og holmar i varierande storleikar. Vernande buktar og dei omkringliggande våtmarksområda har skapt gode vilkår for eit rikt fugleliv. Bergand, sjøorre, svartand og havellen er eit vanleg syn her, medan siland, temmincksnipe og storlom opptrer som par noko sjeldnare.[1] Av vegetasjon her er det raud jonsokblom, svarttopp, rosenrot og murar, og i den sørlege delen av innsjøen òg primula.[2]

Tjålmejaure er verna våtmarksområde i høve til Ramsar-konvensjonen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]