Svartand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svartand
Svartandhoe
Svartandhoe
Svartandhann
Svartandhann
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av svartand
Utbreiinga av svartand
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Familie: Andefamilien Anatidae
Slekt: Melanitta
Art: Svartand M. nigra
Vitskapleg namn
Melanitta nigra

Svartand (Melanitta nigra) er ei dukkand i andefamilien som hekkar ved ferskvatn mellom austlege Grønland og sentrale Sibir og overvintrar på sjøen langst kystar i Vest-Europa sørover til kysten av Vest-Sahara.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hannen er svart og har ein gul flekk midt på nebbet og ein liten knøl ved nebbrota. Hoa er brungrå og har ikkje nebbknøl. På begge kjønn er beina svartbrune eller svartgrå. Svartanda vert 43-54 cm lang. I flukt verkar fuglen kompakt.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Svartanda et krepsdyr og blautdyr som t.d. muslingar. Ved ferskvatn utgjer insekt og små fisk ein del av maten.

Læte[endre | endre wikiteksten]

På trekket til hekkeplassane kan det høyrast ein karakteristisk oppatteken ofte tostava pipelyd.

Utbreiing og taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Svartanda hekkar frå Aust-Grønland, Island og Dei britiske øyane i vest, vidare gjennom sentrale delar av Fennoskandia, inn i Russland sør for Kvitsjøen og breitt over Sibir til elva Olenjok som har utspring frå Det sentralsibirske platået.[2] Tidlegare var det registrert ein hekkebestand på Bjørnøya.[3] Svartanda og amerikasvartand (M. americana) var rekna som to underartar av same slag fram til ca. 2010 då forsking hadde vist at dei to kan reknast som gode artar.[4]

Førekomst i Noreg

I Sør-Noreg hekkar svartanda spreidd ved fjellvatn i bjørke- og vierregionen, ofte også lågare nede og ein sjeldan gong ute ved kysten. I Nord-Noreg er der også ein spreidd bestand gjennom alle fylka. I denne landsdelen var truleg fuglen meir vanleg i tidlegare tider. I 2021 blei arten oppgradert frå nær truga til sårbar (VU) på den norske raudlista for artar.[5]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Svartandegg

Svartanda kjem til hekkeplassane i april-mai. Dette trekket gjer fuglane helst om kvelden og natta. Reiret vert plassert på turr grunn nær ferskvatn, gjerne i relativt høgt vier- eller einerkratt, ofte inne i bjørkeskog. Dette er lite forseggjort, men etter kvart vert det fylt med dun frå hoa. Hoa legg 6-9 egg i slutten av mai eller i juni. Hannen dreg tidleg frå reirplassen og reiser ut til kysten der han flokkar seg med andre hannar. Hoa ruger i 27-31 døgn. Ungane dreg snart frå reiret og finn tidleg sin eigen mat. Dei vert passa av mora ei tid framover og kan flyge etter 6-7 veker.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Svartendene dreg ut til kysten for å overvintre i flokkar. Mange av fuglane som held seg på norskekysten om vinteren er komne austfrå. Av den norske hekkebestanden reiser ein del sørover til Danmark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • J. Ingar I. Båtvik, 1994, Artsomtale: Melanitta nigra – svartand, S. 96 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu. Henta 26. desember 2021
Referansar
  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark svartand Melanitta nigra (Linnaeus, 1758) Henta 4. desember 2010
  2. Bordage, D. and J.-P. L. Savard (2020). Black Scoter (Melanitta americana), version 1.0. In Birds of the World (A. F. Poole, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.blksco2.01
  3. Båtvik, 1994
  4. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012), Updates & Corrections – February 2011, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5 Cornell Lab of Ornithology
  5. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av svartand Melanitta nigra for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 30. desember 2021