Storlom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Storlom

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar

Storlom i vinterdraktFoto: Wikimedia-brukar Wald1siedel
Storlom i vinterdrakt
Foto: Wikimedia-brukar Wald1siedel

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Gaviiformes
Familie: Gaviidae
Slekt: Gavia
Art: G. arctica
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Gavia arctica

Storlom (Gavia arctica) er ein mellomstor lom med utbreiing i Eurasia. Han hekkar ved innsjøar, gjerne på småøyar der. Vinterstid beitar han langs kystar i Europa og Asia, også i Svartehavet og Kaspihavet. I Noreg har storlommen hatt stor tilbakegang og har raudlistestatus sårbar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Storlom i hekkedrakt
Foto: Francesco Veronesi
Omtrentleg utbreiing, raudt er hekkeområdet, blått indikerer overvintringsområdet

Storlommen er litt større enn ei stokkand, men meir langsmal og han flyt tyngre i vatnet. Kroppslengda er 63-75 centimeter[1] og vengespennet 100-122 centimeter. Kjønna er like. Nebbet er dolkforma, og han held det oftast horisontalt under symjing. Overgangen mellom hovudet og halsen er uklår. I sommardrakta har han oskegrått hovud og hals. Strupen og framhalsen er svart med fiolettglans. Sidene av halsen og brystet har svarte og kvite strek i lengdretninga. Oversida av kroppen er svart med to avlange felt med firkanta kvite flekker. Undersida er kvit, og veng og stjertfjørene er svarte.

I vinterdrakta er han ljosgrå på oversida av hovudet og baksida av halsen, jamt brunaktigt, svartgrå på oversida av kroppen og kvit hake, strupe, bryst og underside. Storlom i vinterdrakt har eit kvitt felt bak på flanken som er meir synleg når han ligg på vatnet enn på nokon annan lomart.

Storlom kan skiljast frå smålom i flukt ved at føtene stikk lengre bakover og gjev inntrykk av at vengene er festa midt på kroppen till skilnad frå smålommen. Han held òg beina og halsen godt utstrekt, oftast hovudet stille og lågt og han gjev ikkje same inntrykk av pukkelrygg som smålommen.

Jamført med andre sjøfuglar ligg storlommen ganske lågt i vatnet, særskilt om han kjennner seg uroa. Lætet er mangfoldig, revirropet er eit klagande skrik, og åtvaringslætet er djupt knarrande. Rett før dukking kan ein høyre eit 'kuikk'.

Hekkeområdet for storlommen er frå Skottland i vest, austover over Fennoskandia, og over det meste av Russland til Beringsundet, vidare litt inn på Sewardhalvøya i nordvestlege Alaska. Området dekker Estland og går òg litt inn i nordlege delar av Kviterussland, Kasakhstan, Kirgisistan, Mongolia og Kina. Arten er ein sterk flyttfugl, som utanom hekketida trekker til kyst og havområde eller til store isfrie, fiskerike innsjøar. Overvintringsområdet dekker kystområda i Nordvest-Europa, nordlege Middelhavet, Svartehavet og Kaspihavet. Det austlege utbreiingsområdet strekker seg frå austkysten av Sakhalin, sørover rundt heile Japan, i Japanhavet, Gulehavet og Austkinahavet sør til Taiwan. Fuglane som overvintrar i asiatiske havområde høyrer til underarten G. a. viridigularis. Dei hekkar grovt regna aust for elva Lena og Transbajkal. Denne underarten er monaleg mindre enn den europeiske storlommen og har eit langt ljosare læte. Utbreiingsområdet til amerikastorlom overlappar hekkeområdet til underarten G. a. viridigularis.[2]

Storlommen i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Generelt finn storlommen hekkehabitat i den nordlege barskogregionen og på tundraen. I Noreg hekkar han spreidd over mykje av landet, men med tyngdepunkt på Austlandet. Dei vil helst ha store fiskerike vatn. Bestanden av storlom i Noreg gjekk sterkt tilbake på 1900-talet. Dette mykje på grunn av vassdragsregulering, garnfiske, jakt, ufred i hekketida og forsuring med fiskedaud.[3] Arten er lista på norsk raudliste i kategorien sårbar VU.[4] Fuglar som hekkar i Sør-Noreg overvintrar truleg på kysten av Vest-Europa men fuglane frå Nord-Noreg trekker sannsynlegvis lenger aust, til Svartehavet og Kaspihavet. Nokre få overvintrar langs norskekysten, langt dei fleste av dei utanfor Sør-Noreg, men somme blir observert spreitt nord til Finnmark.[5]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Storlommen dannar oftast par for livet.[6] Reiret ligg gjerne på ei tuve i strandkanten eller litt opp på land, ofte på same plassen år etter år. Hoa legg 1 til 3 egg i kullet, oftast 2. Egga blir ruga i 28-30 dagar. Paret tar saman hand om ungane som blir flygeferdige etter cirka 60 til 65 døgn, og ungane følger deretter foreldra til trekket. Ungane er bra symjarar og dukkar utan problem direkte etter klekking. Ofte samlast dei vaksne fuglane før dei startar fangst etter fisk på felles fiskeplassar tidleg om morgonen.

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

Storleiken på populasjonen er uklår, men under 1,5 millionar individ, og talet er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  2. Carboneras, C. & Garcia, E.F.J. (2016). Arctic Loon (Gavia arctica) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 23. april 2016
  3. Vidar Bakken, Runde O., Tjørve E., Koblik E. A., Norsk RingmerkingsAtlas. Volum 1. Ringmerkingssentralen, Stavanger museum, Stavanger 2003. ISBN 82-90054-62-9
  4. Norsk rødliste for arter 2015 Nettside hos Artsdatabanken, lest 19. mars 2016
  5. Søk på artsobservasjoner.no, 128 observasjonar i Nord-Noreg, nov-mars i perioden 2000-2016, mot 2200+ vinterobservasjonar i Sør-Noreg
  6. Fonstad, Tore; Benny Génsbøl, Morten Günther, Jens Frimer Andersen, Bjarne Bertel (2008). Aschehougs fuglebok med CD-er. Oslo: Aschehoug. ISBN 978-82-03-23569-6. 
  7. BirdLife International (2016) Species factsheet: Gavia arctica. Henta frå http://www.birdlife.org den 23. april 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Storlom
Storlom
Namn på andre språk
Nordsamisk Doavtta
Svensk Storlom
Dansk Sortstrubet lom
Engelsk Black-throated Loon
Tysk Prachttaucher
Fransk Plongeon arctique
Spansk Colimbo ártico, gavia ártica
Russisk Tsjernozobaja gagara (Чернозобая гагара)