Tjugedalaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tjugedalaren er ein springar som er mykje nytta i Telemark. Slåtten skal ha fått namnet sitt etter ei soge om Myllarguten, som og er fortald i form av ei slåttestev-vise.

Opphavet til namnet[endre | endre wikiteksten]

Det er fortald at Myllarguten kom trøytt og utasa attende frå ei lengre spelferd, og tok inn på skyss-stasjon i Bø (etter visa låg denne på Nordbø i Bø).

Han kom ein gong til Bøherad traskande, fillut og trasaleg, med feleskrine i fatle på ryggen. Der varf stort lag på Major-Bø hjå Mattias Rye; dei tura. Daa Torgeir kom, vilde dei hava honom til å spela. Men han kunde ikkje spela, han ikkje. Dei la upp pengar på bordet, fem dalar, 10 dalar, og meir og meir allfort, 20 dalar, um han vilde spela, um det var daa ikkje berre ein einaste slaatt. Fraa det fyrste negta Myllaren; men daa dei fyllte tjuge, var han ikkje kar til aa halde seg lenger. Han spela ein slaatt for deim, og den spela han godt. Men ikkje de slag meir; han strauk til seg pengane og gøymde fela. Sidan vart slaatten kalla Tjugedalar-slaatten, og so heiter han den dag i dag (Berge).

Soga fortel og at Myllarguten seinare reiste nordetter i Bø og fekk losji, og då spela han heile natta utan opphald.

Slåttevariantar[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket har nummerert slåtten som springar nr 500, med sju variantar i alt. Dei fleste formene er skrivne ned i Telemark, men det finst og nokre frå Vestlandet, mellom anna ei form av Halldor Meland. Den mest kjende forma i dag er spela i tradisjon etter Kjetil Løndal. Talleiv Røysland har sett sitt preg på visa som er knytt til slåtten, og denne er seinare spela inn av gruppa Tiriltunga.

Fire av formene, d, c, e og g, byrjar på same vis. Desse slåttane har opphavet sitt i Bø, og skriv seg truleg frå Hans Flatland den eldre som var mykje i lag med Myllarguten. Frå Hans har slåtten vandra til Torkjell Haugerud, som var mykje i lag med Halldor Meland. Meland har venteleg lært slåtten av Haugerud.

Dei to formene etter Johannes Dale og form f frå Numedal er noko knappare, og høyrer til ei anna line. Desse byrjar på det som er andre-veket i dei fire storformene. Den første er knytt til Øystein Bokko frå Tinn, men variant b kan ha kome til Knut Dale frå Myllarguten. Det same gjeld forma frå Numedal, som har mykje sams med variant b.

  • a: Bokkoen etter Johannes Dale, Tinn [1][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1347), NRK magn. 2073. Slåttenamnet er etter Øystein Bokko frå Tinn. Slåtten er noko stuttare i forma enn dei andre, men krinsar om dei same veka.
  • b: Tjugedalaren etter Johannes Dale, Tinn [2][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1310), NRK magn. 52986.