Tobias Angerer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tobias Angerer

Tobias Angerer bei der Olympia-Einkleidung Erding 2014 (Martin Rulsch) 03.jpg

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 12. april 1977
Traunstein
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Tobias Angerer (fødd 12. april 1977) er ein tysk langrennsløpar frå Traunstein i Bayern. Han vann verdscupen i langrenn både i 2006 og 2007. Mellom 2002 og 2011 erobra han fire OL-medaljar og sju VM-medaljar, seks i sølv og fem i bronse, men ingen meistertittel.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Angerer var med på å ta bronse med Tysklands stafettlag i vinter-OL 2002, og sølv med laget som deltok under ski-VM 2005 i Oberstdorf. Under vinterleikane 2006 fekk han ein ny sølvmedalje i 4x10 km stafett, og tok elles bronsemedaljen på 15 km. Året etter vart det også bronse på 15 km, då ski-VM 2007 vart avvikla i Sapporo. Tidlegare i meisterskapen sikra han tysk dobbeltsiger på 30 km, landsmannen Axel Teichmann vart verdsmeister.

Under ski-VM 2009 i Liberec sikra Angerer seg tre medaljar. Saman med nemnde Teichmann tok han sølv i lagsprinten, og dei to gjekk også på Tyskland sitt sølvlag i 4x10 km stafett. Individuelt sikra han seg så ein bronsemedalje på den avsluttande 50-kilometeren. Også frå vinter-OL i 2010 kom Angerer heim med ein medalje. I den fyrste langrennsøvinga tok han OL-sølv, slått klart i spurten av svenske Marcus Hellner. Angerer gjekk så ankeretappen for Tyskland i 4x10 km stafett under ski-VM 2011 i Oslo. I spurten var han nærast sjanselaus då spurtkanonane Petter Northug og Marcus Hellner sette fart på oppløpet og dermed vart det bronsemedalje på Tyskland.

Verdscupen[endre | endre wikiteksten]

Angerer vann verdscupen i langrenn i 2006, ein prestasjon han gjentok i den påfylgjande langrenns-sesongen. I januar 2007 vart han den fyrste mannlege vinnaren av Tour de ski. Sitt fyrste verdscuprenn vann han på nyåret i 2004, ein 30 km i Falun. Fram til januar 2009 vann han ytterlegare ti sigrar i verdscuprenn, den siste ein 15 km i fristil i Rybinsk. I alt har han stått 28 gongar (11-5-12) på pallen etter individuelle tevlingar i verdscupen i langrenn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar